UL302 Utvikling og læring

Emnekode: 
UL302
Varighet: 
1 semester
Studiepoeng: 
15
Studienivå: 
Master
Undervisningssemester: 
2023 Vår
Emnenavn på engelsk: 
Development and Learning
Emnenavn på bokmål: 
Utvikling og læring
Eksamenssemester: 
2023 Vår
Undervisningsspråk: 
Norsk
Krav til forkunnskapar

Ingen 

Om emnet

Det er ein tett og gjensidig samanheng mellom læring og utvikling. Emnet kastar lys over dette samspelet, ved å sjå på ulike individuelle og miljømessige faktorar som påverkar læring og utvikling hos barn og unge. Det vil bli lagt særleg vekt på kognisjon og motivasjon, som eit grunnlag til å forstå korleis læring skjer og kva som stimulerer individet til å delta i læringsfremjande aktivitet. Det vil også bli lagt vekt på emosjonell utvikling og sosialt samspel som viktig for utvikling og læring. Gjennomgåande i heile emnet, vil det vere fokus på å forstå variasjon i barn og unge si utvikling og læring, og sjå samanhengen mellom allmennpedagogisk og spesialpedagogiske kompetanse.  

Læringsutbytte

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne

Kunnskapar

Studentane  

  • har avansert kunnskap om ulike perspektiv på læring
  • har inngåande kunnskapar om individuelle og miljømessige faktorar som påverkar læring, motivasjon og sjølvoppfatning 
  • kan anvende kunnskap om emosjonell og kognitiv utvikling, her under også ulike vanskar som kan oppstå og som kan gje behov for spesialpedagogisk hjelp og spesialundervisning

 

Ferdigheiter

Studentane

  • kan analysere og forholde seg kritisk til ulikskapar og utfordringar knytt til individet si kognitive og emosjonelle utvikling 
  • har avansert kunnskap om korleis samspelet mellom individ og miljø verkar inn på læring og utvikling
  • har inngåande kunnskap om korleis ulike læringssyn kan kome til uttrykk i pedagogisk praksis
Generell kompetanse

Studentane

  • kan gjere analyser av pedagogisk praksis og ut frå dette anvende kunnskapen om kva som fremjar læring og utvikling for barn og unge
  • formidle sjølvstendig arbeid og beherskar uttrykksforma innanfor fagområdet
Praktisk organisering og arbeidsmåtar

Arbeidsmåtane i emnet vil veksle mellom førelesingar, seminar og gruppearbeid. Det er krav om 70 % frammøte til all undervisning, jamfør Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda § 4-6.

Vilkår for å framstille seg til eksamen
  • Studentane skal skrive ein fagleg artikkel ut frå ei sjølvvald problemstilling med relevans for emnet, omfanget er 3000 ord.
  • Studentane skal levere inn utkast til problemstilling for den faglege artikkelen.
  • Studentane skal presentere og drøfte artikkelen med medstudentar i eige seminar.

 

Sensorordning
Maksimumstal: 
50
Emneansvarleg: 
Kari Kathrine Eldby Rygg
Emnet inngår i følgande studieprogram
  • Spesialpedagogikk - master
  • Spesialpedagogikk - master (deltid)
  • Spesialpedagogikk - vidareutdanning
  • Spesialpedagogikk - vidareutdanning (deltid)
VurderingsformGrupperingVarighetKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
Heimeeksamen
Individuell
3 Dagar
A-F, der A er best og E er siste ståkarakter
100
3000 ord (+/- 10 %)
Godkjent av: 
Arne Myklebust