UL301 Overordna perspektiv på kvalitet i opplæringa i barnehage og skule

Emnekode: 
UL301
Varighet: 
1 semester
Studiepoeng: 
15
Studienivå: 
Master
Rapporteringsprogram: 
Mastergradsstudium i spesialpedagogikk
Undervisningssemester: 
2021 Haust
Eksamenssemester: 
2021 Haust
Undervisningsspråk: 
Norsk
Krav til forkunnskapar

Ingen

Om emnet

Dette emnet skal gi studentane ei vid og djup innsikt i grunnleggande spørsmål som gjeld kvalitet i opplæringa i barnehage og skule. Det vert lagt særleg vekt på korleis møte utfordringar som gjeld mangfaldet mellom barn og unge i grupper og klassar. Emnet skal gi forståing for sentrale premissar for opplæringa, både som formulering (intensjon) og realisering (praksis). Omgrepa endring, inkludering, tilpassa opplæring og spesialpedagogisk hjelp/spesialundervisning er sentrale. 

Læringsutbytte

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:

Kunnskapar

Studentane skal ha inngåande kunnskapar om:

  • Kva som karakteriserer opplæringa i barnehage og skule ut frå ulike forklaringsmodellar.
  • Omgrepa spesialundervisning/spesialpedagogisk hjelp, inkludering og tilpassa opplæring. 
  • Korleis skape vilkår for endring i opplæringa. 
  • Kva som kjenneteiknar kvalitet i opplæring for alle barn og elevar. 

 

Ferdigheiter

Studentane skal kunne: 

  • Analysere og forstå dei ulike premissane for opplæringa i barnehage og skule. 
  • Framstille tilhøvet mellom intensjon og praksis i verksemda i skule og barnehage. 
  • Hente inn kunnskap om praksis, analysere og drøfte innhald og arbeidsformer i barnehage og skule ut frå eit eller fleire av omgrepa inkludering, tilpassa opplæring, spesialundervisning/ spesialpedagogisk hjelp og endring.
Generell kompetanse

Studentane skal kunne:

  • Forklare utfordringar som gjeld mangfaldet mellom aktørane i opplæringa.
  • Vurdere kvaliteten i opplæringa. 
  • Skrive ein fagleg artikkel med ei problemstilling knytt til pedagogisk praksis. 
Praktisk organisering og arbeidsmåtar

Arbeidsmåtane i emnet vil veksle mellom førelesingar, arbeid i læringsgrupper, innhenting av kunnskap frå praksisfeltet, studentseminar og oppgåveskriving. Emnet er organisert med samlingar over to dagar om lag kvar fjerde veke. Det er obligatorisk frammøte til samlingane.

Vilkår for å framstille seg til eksamen
  • Obligatorisk frammøte til undervisninga.
  • Samarbeide i profesjonsblanda læringsgrupper der ein skal arbeide fram og drøfte eit overordna kunnskapsgrunnlag som utgangspunkt for ei individuell semesteroppgåve. Ein skal også drøfte metode for innhenting og handsaming av data som er eigna for å få svar på problemstillinga.
  • Kvar læringsgruppe leverer inn eit skriftleg dokument på omlag 2 – 3 sider der ein presenterer utkast til kunnskapsgrunnlag, og eit grunngjeve val av metode for innsamling og handsaming av data i arbeidet med den den individuelle semesteroppgåva.
  • Kvar gruppe skal kommentere minst eit utkast til kunnskapsgrunnlag og metode.
  • Med utgangspunkt i kunnskapsgrunnlag og metode skal kvar student gjennomføre innhenting av kunnskap om praksisen i barnehage, skule eller annan relevant institusjon.

 

 

Sensorordning
Maksimumstal: 
85
Emneansvarleg: 
Anne Randi Fagerlid Festøy
Emnet inngår i følgande studieprogram
Mastergradsstudium i spesialpedagogikk
Mastergradsstudium i spesialpedagogikk, deltid
Vidareutdanning i spesialpedagogikk - masternivå
Vidareutdanning i spesialpedagogikk deltid - masternivå
VurderingsformGrupperingVarighetVarighetstypeKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
OppgaveIndividuellsemesterA-F, der A er best og E er siste ståkarakterI denne oppgåva skal studenten drøfte kunnskapen dei har henta inn om praksisfeltet, i høve til den litteraturen som er sett opp for emnet.Om lag 5000 ord (føreord, innhaldsliste, litteraturliste og eventuelle vedlegg kjem i tillegg)
Vurderinger:
Vurderingsform:Oppgave
Gruppering:Individuell
Varighet:
Varighetstype:semester
Karakterskala:A-F, der A er best og E er siste ståkarakter
Andel:
Kommentar:I denne oppgåva skal studenten drøfte kunnskapen dei har henta inn om praksisfeltet, i høve til den litteraturen som er sett opp for emnet.
Hjelpemidler:
Omfang:Om lag 5000 ord (føreord, innhaldsliste, litteraturliste og eventuelle vedlegg kjem i tillegg)
Godkjent av: 
Arne Myklebust