POL301 Politikk, folkehelse og livsløp - Overordna perspektiv

Emnekode: 
POL301
Varighet: 
1 semester
Studiepoeng: 
15
Studienivå: 
Master
Undervisningssemester: 
2020 Haust
Emnenavn på engelsk: 
Public policy, public health and life course – General perspectives
Emnenavn på bokmål: 
Politikk, folkehelse og livsløp - Overordna perspektiver
Eksamenssemester: 
2020 Haust
Undervisningsspråk: 
Norsk
Om emnet

Emnet Politikk, folkehelse og livsløp - Overordna  perspektiv vil gi kompetanse om samanhengen mellom politikk, helse og livsløp. I dette inngår kunnskap om teoriar, omgrep og modellar relatert til planlegging, styring/leiing, helse og livsløp, som grunnleggande kunnskap for å forstå samanhengane mellom politikk, samfunnsutvikling, planlegging og utvikling av gode helse- og velferdstenester. Politikk handlar om å drøfte og ta stilling til kva samfunn ein vil ha. Livsløpsperspektivet handlar om å forstå korleis samspelet mellom individ og samfunn blir forma, medan planlegging er verktøy som skal bidra til å gi retning på samfunnsutviklinga. Samfunnsutvikling i eit helseperspektiv er sentralt i dette emnet.

Studentane som tek emnet skal ha inngåande kunnskap om politikk og planlegginga si rolle for helsefremmande samfunnsutvikling, der teoretiske tilnærmingar til helse og livsløp er sentrale.

Studiet er eigna både for nyutdanna bachelorstudentar og for yrkesaktive som ønskjer kompetanse på masternivå. Emnet er eigna for studentar med fagleg bakgrunn innanfor helse og velferd, og/eller planlegging og leiing. Studiet er også eigna som vidareutdanning for tilsette i kommunar, fylkeskommunar, helseforetak og frivillig sektor som arbeider med helse- og velferdstenester, planlegging og/eller samfunnsutvikling generelt. 

POL301 er nært kopla til emnet POL302 Helsefremjande lokalsamfunn – Samhandling . POL301 skal gi grunnleggande teoretisk kunnskap om samanhengane mellom politikk, samfunnsutvikling, livsløp og helse, medan POL302 skal gi kunnskap om korleis ein gjennom planlegging, utviklingsarbeid, samhandling, medverknad og nærmiljøarbeid kan arbeide for å skape helsefremmande og sjukdomsførebyggande samfunn. Ved å gjennomføre POL301 får studentane eit særleg godt grunnlag for, og vil dermed også ha ekstra godt læringsutbyte av å ta POL302, etter å ha tatt POL301.

Læringsutbytte

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:

Kunnskapar

Studenten skal ha

  • inngåande kunnskap om teoriar, omgrep, modellar knytte til politikk, samfunnsutvikling, styring og planlegging
  • inngåande kunnskap om teoriar, omgrep, modellar knytte til helse, livsløp og bustadsosialt arbeid
  • inngåande kunnskap om samfunnsutvikling i eit helseperspektiv
  • inngåande kunnskap om helsetilstand og helseutfordringar i eit livsløpsperspektiv, med særleg vekt på korleis ulike faktorar påverkar helse og sosial ulikskap i helse
Ferdigheiter

Studenten skal kunne

  • analysere politiske prosessar og planlegging, som utgangspunkt for samfunnsutvikling, og særleg utvikling av helse- og velferdstenester
  • bruke fagleg kunnskap kritisk, og reflektere over eigen praksis
  • bruke kunnskapen sjølvstendig til å gjennomføre oppgåver og utviklingsprosjekt
Generell kompetanse

Studenten skal sjølvstendig og kritisk kunne

  • reflektere over ulike tilnærmingar til helse-, omsorg- og velferdstenester
  • analysere faglege og forskingsetiske problemstillingar
  • bruke teoretisk kunnskap for å gjennomføre utviklingoppgåver og prosjekt i offentleg sektor
  • formidle sjølvstendig arbeid på ein fagleg forsvarleg måte
Praktisk organisering og arbeidsmåtar

Undervisninga er organisert i to samlingar, kombinert med sjølvstendig arbeid med oppgåver der studenten blir utfordra til å aktivisere sentrale delar av pensum.

  • Samling 1: Veke 38, 2020 (mandag, tirsdag, onsdag)
  • Samling 2: Veke 44, 2020 (tirsdag, onsdag, torsdag)

Undervisninga er lagt opp med ein kombinasjon av førelesingar, dialog, presentasjon, drøfting i plenum og andre studentaktive læringsformer. I løpet av semesteret skal studentane skrive fire individuelle oppgåver (1200 ord per oppgåve (+/- 10%), som blir relaterte til ulike delar av pensum. Oppgåvene skal skrivast utifrå problemstillingar som blir gitt av faglærarar. Det vert gitt tilbakemelding på oppgåvene med høve til justering. I tillegg skal studentane skrive ei semesteroppgåve, basert på ei sjølvvald problemstilling. Her er det mogleg å velje problemstillingar knytte til utfordringar som studentane kjenner til frå eigne yrkeserfaringar e.l. Det blir gitt rettleiing på semesteroppgåva. Semesteroppgåva og ei tilfeldig valt individuell oppgåve utgjer vurderingsgrunnlaget for emnet. Deltakarane får tilgang til læringsplattforma Canvas, der program for samlingar, førelesingar m.m. vert tilgjengeleg og der studentane kan levere oppgåver og kommunisere med faglærarane og med andre studentar.

I emnet POL301 er det lagt vekt på hovudtema politikk, planlegging, helse og livsløp. Undertema som  inngår i hovudtema er:

Tema politikk og planlegging:

  • Politikk og politiske prosessar
  • Styringsformer som gamal offentleg styring, ny offentleg styring og ny offentleg forvalting. Vilkår for og konsekvensar av desse
  • Instrumentell og kommunikativ rasjonalitet
  • Makt og maktutøving 
  • Planlegging, kapasitetsbygging og legitimitet
  • Samansette og gjenstridige problem
  • Sosial berekraft

Tema helse og livsløp:

  • Helse – teoriar og perspektiv
  • Helsetilstand og levekår
  • Sosial ulikskap i helse
  • Livsløpsteori
  • Teoriar om  helsefremmande og sjukdomsførebyggande arbeid
  • Teoriar om bustadsosialt arbeid
Vilkår for å framstille seg til eksamen

Arbeidskrav: Skrive og få godkjend fire individuelle arbeidskrav (1200 ord +/- 10 % per oppgåve) som skal ta utgangspunkt i problemstillingar som er gitt av faglærar.

Frammøtekrav: Deltaking på seminar med presentasjon av semesteroppgåve på samling 2 (fredag).

Sensorordning
Minimumstal: 
15
Maksimumstal: 
40
Emneansvarleg: 
Gro Anita Bårdseth
Finn Ove Båtevik
Emnet inngår i følgande studieprogram
  • Helse- og sosialfag - master
  • Helse- og sosialfag - master (deltid)
  • Samfunnsplanlegging og leiing - master
  • Samfunnsplanlegging og leiing - master (deltid)
VurderingsformGrupperingVarighetKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
Oppgave
Individuell
semester
A-F, der A er best og E er siste ståkarakter
75
Det blir gitt rettleiing på semesteroppgåva.
5 000 ord (+/- 10 %)
Mappeeksamen
Individuell
A-F, der A er best og E er siste ståkarakter
25
Alle fire arbeidskrava skal lastast opp i eksamensmappa i Inspera. Eit av arbeidskrava vil bli trekt ut for vurdering.
1200 ord (+/- 10 %) per oppgåve
Godkjent av: 
Randi Bergem, 21.02.2020