RUS302 Tiltak mot rusproblem

Emnekode: 
RUS302
Varighet: 
1 semester
Studiepoeng: 
15
Studienivå: 
Master
Undervisningssemester: 
2020 Vår
Emnenavn på engelsk: 
Treatment and prevention of alcohol and drug problems
Emnenavn på bokmål: 
Tiltak mot rusproblem
Eksamenssemester: 
2020 Vår
Undervisningsspråk: 
Norsk
Krav til forkunnskapar

Ingen

Om emnet

I Tiltak mot rusproblem vert det med bakgrunn i forskings- og erfaringsbasert kunnskap fokusert på korleis ein arbeider med rus- og avhengigheitsproblematikk. Røynde førelesarar frå feltet reiser ulike faglege perspektiv for å skape brei forståing og handleevne til å handtere rusfaglege problemstillingar på tiltaksnivå.

Kurset er delt inn i tre hovudtema:

Tema 1) Grunnlagsspørsmål

  • forståingsmodellar
  • etikk og brukarperspektiv
  • juridiske rettar
  • organisasjonsstrukturen på rusfeltet

Tema 2) Tilnærmingsmåtar

  • behandlingsmodellar
  • lågterskeltiltak

Tema 3) Særskilde tiltak

  • tverrfagleg spesialisert behandling (TSB)
  • legemiddelassistert rehabilitering (LAR)
  • motiverande samtale (MI)
  • rus og psykisk liding (ROP)

Det vert nytta varierte undervisnings- og læringsformer, og det vert forventa at studentane driv sjølvstudium mellom samlingane. Deltakarane får tilgang til eit elektronisk klasserom der dei mellom samlingane kan laste ned program for samlingar og førelesingar. Der kan studentane også kommunisere med faglærar og medstudentar.

Læringsutbytte

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket skal studenten ha følgjande læringsutbytte etter fullført emne:

Kunnskapar

Studenten skal

  • ha inngåande kunnskap om tiltaks- og ansvarsliner i rusfeltet
  • ha god kunnskap om ulike behandlingsmodellar
  • ha inngåande kunnskap om organisering av hjelpetenester på ulike nivå
  • kunne oppdatere kunnskapen sin på desse områda
Ferdigheiter

Studenten skal ha

  • ferdigheiter i å bruke relevant forskings- og erfaringsbasert kunnskap til å analysere og forstå brukarar sine rusproblem
  • ferdigheiter til å bruke relevant forskings- og erfaringsbasert kunnskap i utføringa av sitt arbeid med ulike rusfaglege problemstillingar
Generell kompetanse

Studenten skal ha

  • evne til å reflektere kritisk over ulike måtar å forstå og arbeide med rus- og avhengigheitsproblematikk på
  • evne til å reflektere kritisk over eiga rolle som profesjonell i arbeid med menneske med rusproblem, pårørande og personar som står i fare for å utvikle rusproblem
Praktisk organisering og arbeidsmåtar

Emnet er organisert som halvtidsstudium over eitt semester. Undervisninga er konsentrert til tre vekesamlingar, med fire undervisningsdagar på kvar samling. Den femte dagen er studiedag.

Samling 1: Veke 4

Samling 2: Veke 11

Samling 3: Veke 17

Vilkår for å framstille seg til eksamen

Det er krav om deltaking på 2 av 3 samlingar (eller 65% av tida på samlingane).

Sensorordning
Minimumstal: 
15
Maksimumstal: 
35
Emneansvarleg: 
Silje Louise Dahl
Emnet inngår i følgande studieprogram
  • Helse- og sosialfag - master
  • Helse- og sosialfag - master (deltid)
  • Samfunnsplanlegging og leiing - master
  • Samfunnsplanlegging og leiing - master (deltid)
VurderingsformGrupperingVarighetKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
Oppgave
Individuell
1 Semester
A-F, der A er best og E er siste ståkarakter
50
Alle.
4000 ord (+/-10%)
Heimeeksamen
Individuell
6 timar
A-F, der A er best og E er siste ståkarakter
50
Alle hjelpemiddel tillatt
Godkjent av: 
Odd Ragnar Hunnes 25.02.19