POL301 Politikk, folkehelse og livsløp - Overordna perspektiv

Emnekode: 
POL301
Varighet: 
1 semester
Studiepoeng: 
15
Studienivå: 
Master
Undervisningssemester: 
2018 Haust
Emnenavn på engelsk: 
Public policy, public health and life course – General perspectives
Emnenavn på bokmål: 
Politikk, folkehelse og livsløp - Overordna perspektiver
Eksamenssemester: 
2018 Haust
Undervisningsspråk: 
Norsk
Om emnet

Emnet Politikk, folkehelse og livsløp 1 - Overordna  perspektiv vil gi kompetanse om samanhengen mellom politikk, helse og livsløp. I dette inngår kunnskap om teoriar, omgrep og modellar relatert til planlegging, styring/leiing, helse og livsløp, som grunnleggande kunnskap for å forstå samanhengane mellom politikk, samfunnsutvikling, planlegging og utvikling av gode helse- og velferdstenester. Politikk handlar om å drøfte og ta stilling til kva samfunn ein vil ha. Livsløpsperspektivet handlar om å forstå korleis samspelet mellom individ og samfunn blir forma, medan planlegging er verktøy som skal bidra til å gi retning på samfunnsutviklinga. Samfunnsutvikling i eit helseperspektiv er sentralt i dette emnet.

Studentane som tek emnet skal ha inngåande kunnskap om politikk og planlegginga si rolle for helsefremmande samfunnsutvikling, der teoretiske tilnærmingar til helse og livsløp er sentrale.

Studiet er eigna både for nyutdanna bachelorstudentar og for yrkesaktive som ønskjer kompetanse på masternivå. Emnet er eigna for studentar med fagleg bakgrunn innanfor helse og velferd, og/eller planlegging og leiing. Studiet er også eigna som vidareutdanning for tilsette i kommunar, fylkeskommunar, helseforetak og frivillig sektor som arbeider med helse- og velferdstenester, planlegging og/eller samfunnsutvikling generelt. 

POL301 er nært kopla til emnet POL302 Politikk, folkehelse og livsløp – Samhandling. POL301 skal gi grunnleggande teoretisk kunnskap om samanhengane mellom politikk, samfunnsutvikling, livsløp og helse, medan POL302 skal gi kunnskap om korleis ein gjennom planlegging, utvikllingsarbeid, samhandling, medverknad og nærmiljøarbeid kan arbeide for å skape helsefremmande og sjukdomførebyggande samfunn. Ved å gjennomføre POL301 får studentane eit særleg godt grunnlag for, og vil dermed også ha ekstra godt læringsutbyte av å ta POL302, etter å ha tatt POL301. 

Læringsutbytte

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket skal studenten ha følgjande læringsutbytte etter fullført emne:

Kunnskapar

Studenten skal ha

  • inngåande kunnskap om teoriar, omgrep, modellar knytte til politikk, samfunnsutvikling, styring og planlegging
  • inngåande kunnskap om teoriar, omgrep, modellar knytte til helse, livsløp og bustadsosialt arbeid
  • inngåande kunnskap om samfunnsutvikling i eit helseperspektiv
  • inngåande kunnskap om helsetilstand og helseutfordringar i eit livsløpsperspektiv, med særleg vekt på korleis ulike faktorar påverkar helse og sosial ulikskap i helse
Ferdigheiter

Studenten skal kunne

  • analysere politiske prosessar og planlegging, som utgangspunkt for samfunnsutvikling, og særleg utvikling av helse- og velferdstenester
  • bruke fagleg kunnskap kritisk, og reflektere over eigen praksis
  • bruke kunnskapen sjølvstendig til å gjennomføre oppgåver og utviklingsprosjekt 
Generell kompetanse

Studenten skal

  • ha evne til kritisk refleksjon over ulike tilnærmingar til helse-, omsorg- og velferdstenester
  • kunne analysere faglege og forskingsetiske problemstillingar
  • kunne bruke teoretisk kunnskap for å gjennomføre utviklingoppgåver og prosjekt i offentleg sektor
  • kunne formidle sjølvstendig arbeid på ein fagleg forsvarleg måte
Praktisk organisering og arbeidsmåtar

Undervisninga er organisert i tre vekesamlingar, med mandag som studiedag (førebuing, rettleiing, kollokvium m.m.), og med organisert undervisning tirsdag - fredag.

Samling 1: Veke 36, 2018

Samling 2: Veke 43, 2018

Samling 3: Veke 48, 2018

Undervisninga er lagt opp med ein kombinasjon av førelesingar, dialog, gruppearbeid, presentasjon og drøfting i plenum m.m. Det er lagt vekt på praktiske øvingar med utgangspunkt i deltakarane sine eigne erfaringar og utfordringar. Det blir venta at deltakarane driv sjølvstudium mellom samlingane. Deltakarane får tilgang til eit elektronisk klasserom, der program for samlingar, førelesingar m.m. vert tilgjengeleg for nedlasting, og der deltakaren kan levere oppgåver for kommentar og kommunisere med faglærarane og med andre studentar.

I emnet POL301 er det lagt vekt på hovudtema politikk, planlegging, helse og livsløp, som vil vere integrerte i dei tre samlingane. Undertema som vil bli tatt opp i tilknyting til hovudtema er:

Tema politikk og planlegging:

  • Politikk og politiske prosessar
  • Styringsformer som gamal offentleg styring, ny offentleg styring og ny offentleg forvalting. Vilkår for og konsekvensar av desse
  • Instrumentell og kommunikativ rasjonalitet
  • Makt og maktutøving 
  • Planlegging, kapasitetsbygging og legitimitet
  • Samansette og gjenstridige problem
  • Sosial berekraft

Tema helse og livsløp:

  • Helse – teoriar og perspektiv
  • Helsetilstand og levekår
  • Sosial ulikskap i helse
  • Livsløpsteori
  • Teoriar om  helsefremmande og sjukdomsførebyggande arbeid
  • Teoriar om bustadsosialt arbeid
Vilkår for å framstille seg til eksamen

Frammøtekrav: Deltaking ved presentasjon av refleksjonsnotat i seminargrupper.

Arbeidskrav: Refleksjonsnotat, på 4 000 ord (+/- 10 %), som skal presenterast i seminargrupper.

Sensorordning

Sensur vert gjennomført i samsvar med Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda, § 5-11 (http://lovdata.no/forskrift/2014-12-04-1697/%C2%A75-11)

Evaluering og kvalitetssikring

Studentane vel tre representantar, som saman med to av dei emneansvarlege utgjer fagutvalet for emnet. Fagutvalet har møte på kvar samling. Emnet vert evaluert i samsvar med HVO sitt kvalitetssikringssystem. (http://www.hivolda.no/hivolda/om-hogskulen/kvalitetsarbeid)

Minimumstal: 
15
Maksimumstal: 
40
Emneansvarleg: 
Randi Bergem
Finn Ove Båtevik
Emnet inngår i følgande studieprogram
  • Helse- og sosialfag - master
  • Helse- og sosialfag - master (deltid)
  • Samfunnsplanlegging og leiing - master
  • Samfunnsplanlegging og leiing - master (deltid)
VurderingsformGrupperingVarighetKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
Heimeeksamen
Individuell
2 Dagar
A-F, der A er best og E er siste ståkarakter
5 000 ord (+/-10 %)
Godkjent av: 
Odd Ragnar Hunnes 14.02.18