NYN304 Den nynorske teksten

Varighet: 
1 semester
Emnekode: 
NYN304
Studiepoeng: 
15
Studienivå: 
Master
Undervisningssemester: 
2019 Haust
Rapporteringsprogram: 
Mastergradsstudium i nynorsk skriftkultur
Eksamenssemester: 
2019 Haust
Undervisningsspråk: 
Norsk
Krav til forkunnskapar

Ingen.

Om emnet

I NYN304 tek vi føre oss eit utval fiksjon og sakprosa på nynorsk frå om lag 1980 og fram til i dag. Samnemnaren for pensumtekstane er at dei rettar merksemda mot historia frå eit notidig perspektiv. Det sentrale spørsmålet i emnet er korleis denne koplinga mellom notid og fortid skjer, formelt og tematisk. I arbeidet med tekstane undersøkjer vi samfunns- og menneskebilete, og korleis dette kjem til uttrykk gjennom språk og litterær form. Slik ynskjer vi å nærme oss det historiske ved tekstane frå fleire perspektiv.  

Pensum omfattar 

1.      eit utval tekstar - romanar, dramatikk, lyrikk og sakprosa 

2.      eit utval litteratur- og historieteori

3.      sekundærlitteratur - om pensumtekstane

Læringsutbytte

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:

Kunnskapar

Om

·         korleis nynorske tekstar frå samtida og den nære fortida handsamar historia

·         den rolla litterær form spelar i denne samanhengen

·         relevant teori og sekundærlitteratur

Ferdigheiter

Studenten kan  

·         gjere greie for tematiske og formelle sider ved nynorsk samtidslitteratur

·         drøfte og analysere nynorsk samtidslitteratur i eit historisk perspektiv

·         reflektere kritisk over relevant faglitteratur

·         byggje opp ein fagleg argumentasjon på ein klar, logisk og forståeleg måte

·         bruke og vise til kjeldemateriale i tråd med vitskaplege krav

·         skrive klar akademisk sakprosa på korrekt nynorsk   

Generell kompetanse

Studenten kan bruke kunnskapar og ferdigheiter på ein sjølvstendig måte.

Praktisk organisering og arbeidsmåtar

Undervisninga blir gitt gjennom tre samlingar med førelesingar og samtale. Studentens eige arbeid med semesteroppgåva er ein sentral del av studiet. Han/ho får tilbakemelding frå rettleiar på problemstilling og munnleg presentasjon av prosjektet (sjå neste punkt). Etter samling 2 er det, innan ein oppgitt frist, høve til å levere endå eit utkast for rettleiing.   

 

Vilkår for å framstille seg til eksamen

Emnet har to arbeidskrav:

  1. Studenten leverer forslag til oppgåveemne, problemstilling og ein grov disposisjon for semesteroppgåva innan ein fastsett frist. Tema for semesteroppgåva skal hentast frå pensumlitteraturen. Oppgåveval og problemstilling skal godkjennast av faglærar.  
  2. På samling 2 gir kvar student ein munnleg presentasjon av oppgåveprosjektet sitt (15 - 20 minutt), med påfølgjande respons frå førelesar og medstudentar.
Sensorordning
Maksimumstal: 
25
Emneansvarleg: 
Geir Petter Hjorthol
Emnet inngår i følgande studieprogram
Mastergradsstudium i nynorsk skriftkultur
Mastergradsstudium i nynorsk skriftkultur - deltid
VurderingsformGrupperingVarighetVarighetstypeKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
OppgaveIndividuell1semesterA-F, der A er best og E er siste ståkarakter 100% .Semesteroppgåve på om lag 6000 ord (utanom litteraturliste og eventuelt noteapparat). Semesteroppgåva skal skrivast på nynorsk.
Vurderinger:
Vurderingsform:Oppgave
Gruppering:Individuell
Varighet:1
Varighetstype:semester
Karakterskala:A-F, der A er best og E er siste ståkarakter
Andel: 100%
Kommentar: .
Hjelpemidler:
Omfang:Semesteroppgåve på om lag 6000 ord (utanom litteraturliste og eventuelt noteapparat). Semesteroppgåva skal skrivast på nynorsk.