UL306D Masteroppgåve, deltid

Varighet: 
3 semester
Emnekode: 
UL306D
Studiepoeng: 
45
Studienivå: 
Master
Undervisningssemester: 
2022 Vår
2022 Haust
2023 Vår
Rapporteringsprogram: 
Mastergradsstudium i spesialpedagogikk, deltid
Eksamenssemester: 
2023 Vår
Undervisningsspråk: 
Norsk
Pensum: 

 

Rienecker, L. &  Stray Jørgensen, P. (2013). Den gode oppgaven : Håndbok i oppgaveskriving på universitet og høyskole. Bergen: Fagbokforlaget.

(OBS: Berre ein tittel er pensum til emnet, fordi studenten nyttar pensum frå UL305)

 

Krav til forkunnskapar

Fullført og bestått dei første fire fagemna i mastergraden.

Masteroppgåva kan ikkje leverast før ein har stått eksamen i UL305 Vitskapsteori og forskingsmetode.

Om emnet

Mastergradsoppgåva skal vere eit individuelt, sjølvstendig vitskapleg arbeid med relevans for arbeid i barnehage og skule. Oppgåva skal omfatte planlegging og gjennomføring av eit forskingsprosjekt og rapportering av det gjennom ei masteroppgåve. Normalt skal masteroppgåva også omfatte ei empirisk undersøking. Det er opning for at oppgåva kan vere knytt til pågåande FoU-arbeid ved HVO.

Læringsutbytte

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne

Kunnskapar

Studentane skal ha inngåande kunnskap om

  • formelle krav til en vitskapleg oppgåve
  • aktuell forskings-, teori- og metodediskusjon med relevans for problemstillinga i oppgåva
  • eit avgrensa forskingsfelt som oppgåva tek opp
Ferdigheiter

   Studentane skal kunne

  • bruke vitskaplege arbeidsmåtar for å gjennomføre eit sjølvstendig forskingsprosjekt
  • velje relevant teori som reiskap i forskingsprosjektet
  • bruke føremålstenlege forskingsmetodar som bidreg til haldbare konklusjonar
  • vurdere og handtere etiske problemstillingar i forskingsprosjektet
Generell kompetanse

Studentane kan

  • analysere problemstillingar innan sitt fagfelt og bidra til utvikling av fagområdet
  • formidle sjølvstendig arbeid og meistre fagområdet sin terminologi
  • vere deltakar i individuelle og kollektive forskingsprosjekt
Praktisk organisering og arbeidsmåtar

Det vert gjennomført to prosjektseminar/samlingar over to dagar, samt ein dag digital undervisning, alle med obligatorisk deltaking. Studenten skal under rettleiing utarbeide forskingsplan. Forskingsplanen må vere godkjent før sjølve oppgåvearbeidet kan starte.

Oppgåva skal  gjennomførast som individuelt arbeid med rettleiing. Rettleiinga er ein vesentlig del av arbeidet med masteroppgåva. Kvar student får oppnemnt rettleiar. Rettleiinga skal nyttast til å drøfte tekstutkast, val av litteratur, gje praktiske råd om eventuell datainnsamling, og sikre at forskingsetiske retningsliner vert følgde.

Vilkår for å framstille seg til eksamen

Godkjend forskingsplan i eit omfang på om lag 2000 ord.

Eit førsteutkast til kunnskapsgrunnlag og metode på minst 7000 ord skal leverast og godkjennast i løpet av første semesteret. 

Tidspunkt for levering vert gitt i starten av første semesteret.

Det er obligatorisk frammøte til samlingane.

Sensorordning
Maksimumstal: 
54
Emneansvarleg: 
Torhild Erika Lillemark Høydalsvik
Emnet inngår i følgande studieprogram
Mastergradsstudium i spesialpedagogikk, deltid
VurderingsformGrupperingVarighetVarighetstypeKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
MasteroppgåveIndividuell-A-F, der A er best og E er siste ståkarakterNærare retningslinjer for oppbygging og innhald vert gitt på samlingane.Om lag 32 000 ord +/- 10 % (samandrag, føreord, innhaldsliste, litteraturliste og eventuelle vedlegg kjem i tillegg).
Vurderinger:
Vurderingsform:Masteroppgåve
Gruppering:Individuell
Varighet:
Varighetstype:-
Karakterskala:A-F, der A er best og E er siste ståkarakter
Andel:
Kommentar:Nærare retningslinjer for oppbygging og innhald vert gitt på samlingane.
Hjelpemidler:
Omfang:Om lag 32 000 ord +/- 10 % (samandrag, føreord, innhaldsliste, litteraturliste og eventuelle vedlegg kjem i tillegg).
Godkjent av: 
Arne Myklebust