ULSP304 Leiing og åtferd

Varighet: 
1 semester
Emnekode: 
ULSP304
Studiepoeng: 
15
Studienivå: 
Master
Undervisningssemester: 
2022 Vår
Rapporteringsprogram: 
Mastergradsstudium i spesialpedagogikk
Eksamenssemester: 
2022 Vår
Undervisningsspråk: 
Norsk
Pensum: 

Pensumlister ligg her.

Krav til forkunnskapar

Ingen

Om emnet

Studentane skal tileigne seg kunnskapar om ulike forklaringar på sambandet mellom leiing og åtferd i barnehage og skule, og konsekvensar for læringsmiljøet. Emnet set søkjelys på ulike forklaringar ut frå ei heilskapleg forståing av åtferd, og kva konsekvensar dei får for tiltak i barnehage og skule. Temaa vert drøfta frå både eit individ- og eit systemperspektiv, og ein vektlegg tydinga av læringsmiljøet både i barnehage og skule. Lærarrolla, gruppe-/ klasseleiing, mobbing og traume er sentrale tema i emnet. Kunnskap om organisasjonsperspektiv, endrings- og implementeringsprosessar er ei sentral ramme for å få ei djupare forståing av leiing og åtferd i barnehage og skule.

Læringsutbytte

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:

Kunnskapar

Studenten skal ha grundige kunnskapar om 

  • Ulike forklaringar og teoretiske perspektiv på åtferd.
  • Samanhengane mellom leiing og åtferd og konsekvensar for læringsmiljøet.
  • Læringsmiljø, mobbing og traume.
  • Organisasjonsperspektiv, endrings- og implementeringsprosessar.
Ferdigheiter

 Studenten 

  • Skal kunne analysere og forstå åtferd både i eit individ- og eit systemperspektiv.
  • Skal kunne førebygge og avdekke mobbing og sette i gang relevante tiltak for å stoppe mobbing.
  • Skal kunne legge til rette for endringsprosessar for å betre læringsmiljøet i barnehage og skule.
  • Skal ha kompetanse på gruppe-/ klasseleiing.
Generell kompetanse

Studenten skal ha kunnskap om korleis leie læringsarbeidet gjennom å auke kapasiteten til å handtere utfordringar knytt til åtferd.

Praktisk organisering og arbeidsmåtar

Emnet er organisert med samlingar over to dagar om lag kvar fjerde veke. Arbeidsmåtane i emnet vil veksle mellom førelesingar, seminar og gruppearbeid. Studentaktive arbeidsformer på samlingane vil bli vekta. Det er obligatorisk frammøte til alle samlingane.

Vilkår for å framstille seg til eksamen
  • Eit skriftleg arbeidskrav i gruppe, der ei teoretisk drøfting av sentrale tema i emnet er hovudsak. Omfang: 2500 - 3500 ord.
  • Individuell munnleg presentasjon av eit sjølvvalt tema, med førebudd opposisjon. Presentasjonen skal vere digital og opposisjonen skal vere skriftleg.
  • Obligatorisk frammøte til undervisninga.

           Detaljane i arbeidskrava vert gjort greie for ved oppstart av studiet.

 

 

Sensorordning
Maksimumstal: 
35
Emneansvarleg: 
Anne Randi Fagerlid Festøy
Emnet inngår i følgande studieprogram
Mastergradsstudium i spesialpedagogikk
Mastergradsstudium i spesialpedagogikk, deltid
AHL opne emne masternivå
Vidareutdanning i spesialpedagogikk - masternivå
Vidareutdanning i spesialpedagogikk deltid - masternivå
VurderingsformGrupperingVarighetVarighetstypeKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
HeimeeksamenIndividuell1vekeA-F, der A er best og E er siste ståkarakter 100Om lag 5000 ord (føreord, innhaldsliste, litteraturliste og eventuelle vedlegg kjem i tillegg).
Vurderinger:
Vurderingsform:Heimeeksamen
Gruppering:Individuell
Varighet:1
Varighetstype:veke
Karakterskala:A-F, der A er best og E er siste ståkarakter
Andel: 100
Kommentar:
Hjelpemidler:
Omfang:Om lag 5000 ord (føreord, innhaldsliste, litteraturliste og eventuelle vedlegg kjem i tillegg).
Godkjent av: 
Arne Myklebust