SPP306D Masteroppgåve, deltid

Emnekode: 
SPP306D
Varighet: 
3 semester
Studiepoeng: 
45
Studienivå: 
Master
Undervisningssemester: 
2024 Vår
2024 Haust
2025 Vår
Emnenavn på engelsk: 
Master´s Thesis
Emnenavn på bokmål: 
Masteroppgave
Eksamenssemester: 
2025 Vår
Undervisningsspråk: 
Norsk
Krav til forkunnskapar

Fullført og bestått dei første fire fagemna i mastergraden med minimum karakter C i snitt. 

Masteroppgåva kan ikkje leverast før ein har stått eksamen i alle dei øvrige emna i masterprogrammet.

Om emnet

Mastergradsoppgåva skal vere eit individuelt, sjølvstendig vitskapleg arbeid med relevans for spesialpedagogisk arbeid i barnehage og/eller skule. Oppgåva skal omfatte planlegging og gjennomføring av eit forskingsprosjekt og rapportering av det gjennom ei masteroppgåve. Normalt skal masteroppgåva også omfatte ei empirisk undersøking, enten frå eiga undersøking eller data frå andre kjelder. Det er opning for at oppgåva kan vere knytt til pågåande FoU-arbeid ved HVO.

Læringsutbytte

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har kandidaten følgjande læringsutbytte etter fullført emne

Kunnskapar

Kandidaten

  • har avansert kunnskap om formelle krav til ei vitskapleg oppgåve
  • har inngåande kunnskap om aktuell forskings-, teori- og metodediskusjon med relevans for problemstillinga i oppgåva
  • har avansert kunnskap om eit avgrensa forskingsfelt som oppgåva tek opp
Ferdigheiter

Kandidaten

  • kan utvikle spesialpedagogiske, forskbare problemstillingar
  • kan finne, presentere og kritisk vurdere teori og empiri som er relevant for prosjektet
  • kan bruke vitskaplege arbeidsmåtar for å gjennomføre eit sjølvstendig forskingsprosjekt
  • vurdere og ivareta etiske problemstillingar i forskingsprosjektet
Generell kompetanse

Kandidaten

  • kan analysere problemstillingar i sitt fagområde og bidra til utvikling av fagområdet
  • kan formidle sjølvstendig arbeid og meistre fagområdet sin terminologi
  • kan gjennomføre individuelle og kollektive forskingsprosjekt
Praktisk organisering og arbeidsmåtar

Det vert gjennomført to samlingar over to dagar. Det er krav om 70% frammøte til all undervisning, jamfør Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda § 4-6.

Studenten skal under rettleiing utarbeide ein forskingsplan. Forskingsplanen må vere godkjent før sjølve oppgåvearbeidet kan starte.

Masteroppgåva skal gjennomførast som individuelt arbeid med rettleiing. Kvar student får oppnemnt rettleiar. Rettleiinga skal nyttast til å drøfte tekstutkast, val av litteratur, gje praktiske råd om eventuell datainnsamling, og sikre at forskingsetiske retningsliner vert følgde. Noko av rettleiinga kan bli gjort i seminar med fleire studentar og rettleiarar i lag.

Det blir gitt nærare retningsliner for masteroppgåva. 

Det er tre arbeidskrava i emnet: 

  • Førebels forskingsplan med fokus på problemstilling. Omfang på 1000-1500 ord. Denne gjev grunnlag for tildeling av rettleiar og kandidaten skal presentere denne planen munnleg på samling
  • Endeleg forskingsplan med fokus på forskingsmetode. Omfang på om lag 2000 ord.
  • Kunnskapsgrunnlag og forskingsmetode. Omfang på minst 7000 ord. 
Vilkår for å framstille seg til eksamen
  • Tilstrekkeleg frammøte
  • Bestått eksamen i SP305 Vitskapsteori og forskingsmetode
  • Alle arbeidskrav godkjende
Sensorordning
Maksimumstal: 
54
Emneansvarleg: 
Stein Conradsen
Emnet inngår i følgande studieprogram
  • Spesialpedagogikk - master (deltid)
VurderingsformGrupperingVarighetKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
Masteroppgåve
Individuell
A-F, der A er best og E er siste ståkarakter
Nærare retningslinjer for oppbygging og innhald vert gitt på samlingane.
32 000 ord +/- 10 % Samandrag, føreord, innhaldsliste, litteraturliste og eventuelle vedlegg kjem i tillegg.
Godkjent av: 
Arne Myklebust