UL302 Utvikling og læring i barnehage og skule

Emnekode: 
UL302
Varighet: 
1 semester
Studiepoeng: 
15
Studienivå: 
Master
Undervisningssemester: 
2020 Vår
Emnenavn på engelsk: 
Development and Learning
Emnenavn på bokmål: 
Utvikling og læring
Eksamenssemester: 
2020 Vår
Undervisningsspråk: 
Norsk
Krav til forkunnskapar

Ingen 

Om emnet

Det er ein tett og gjensidig samanheng mellom læring og utvikling. Emnet kastar lys over dette samspelet, ved å sjå på ulike teoriar og faktorar som påverkar læring og utvikling hos barn og unge i skule og barnehage. Det vil bli lagt særleg vekt på kognisjon og motivasjon, som eit grunnlag til å forstå korleis læring skjer og kva som stimulerer individet til å delta i læringsfremjande aktivitet. Det vil også bli lagt vekt på sosialt samspel og –tilhøyr som viktig for utvikling og læring. 

Læringsutbytte

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne

Kunnskapar

Studentene skal ha avanserte kunnskapar om 

• utviklings- og læringsteoriar

• faktorar som påverkar læring, motivasjon og sjølvoppfatning hos eleven

• kognisjon og kognitiv utvikling, her under også kognitive lærevanskar og konsekvensar dette har for opplæringa

Ferdigheiter

Studentane skal kunne 

• analysere opplæringspraksis og kunne legge til rette for læring

• vise forståing for korleis eit læringssyn kan kome til uttrykk i praksis

Generell kompetanse

Studentane skal

  •  kunne aktivt bruke kunnskapen om kva som fremjar læring og utvikling for barn med varierande føresetnader i analysar av undervisning 
Praktisk organisering og arbeidsmåtar

Arbeidsmåtane i emnet vil veksle mellom førelesingar, seminar og gruppearbeid. Det er obligatorisk frammøte til alle samlingane.

Vilkår for å framstille seg til eksamen
  • Obligatorisk frammøte til undervisninga.
  • Studentane skal skrive ein fagleg artikkel ut frå ei sjølvvald problemstilling med relevans for emnet, omfanget er 3000 ord.
  • Studentane skal levere inn utkast til problemstilling for den faglege artikkelen.
  • Studentane skal presentere og drøfte artikkelen med medstudentar i eige seminar.

 

Sensorordning
Maksimumstal: 
50
Emneansvarleg: 
Stine Margrethe Ekornes
Emnet inngår i følgande studieprogram
  • Grunnskulelærarutdanning for 1-7 årssteg
  • Grunnskulelærarutdanning for 5-10 årssteg
  • Mastergradsstudium i undervisning og læring, deltid
  • Mastergradsstudium undervisning og læring
  • Spesialpedagogikk - vidareutdanning
  • Spesialpedagogikk - vidareutdanning (deltid)
VurderingsformGrupperingVarighetKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
Heimeeksamen
Individuell
6 timar
A-F, der A er best og E er siste ståkarakter
100
Godkjent av: 
Anne Øie