UL301 Overordna perspektiv på kvalitet i opplæringa i barnehage og skule

Emnekode: 
UL301
Varighet: 
1 semester
Studiepoeng: 
15
Studienivå: 
Master
Rapporteringsprogram: 
Mastergradsstudium undervisning og læring
Undervisningssemester: 
2019 Haust
Eksamenssemester: 
2019 Haust
Undervisningsspråk: 
Norsk
Krav til forkunnskapar

Ingen

Om emnet

Dette emnet skal gi studentane ei vid og djup innsikt i grunnleggande spørsmål som gjeld kvalitet i opplæringa i barnehage og skule. Det vert lagt særleg vekt på korleis møte utfordringa som gjeld mangfaldet mellom barn og unge i grupper og klassar. Emnet skal gi sentrale premissar for opplæringa, både som formulering (intensjon) og realisering (praksis). Omgrepa endring, inkludering, tilpassa opplæring og spesialpedagogisk hjelp/spesialundervisning er sentrale. 

Læringsutbytte

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:

Kunnskapar

Studentane skal ha inngåande kunnskapar om:

  • Kva som karakteriserer opplæringa i barnehage og skule ut frå ulike forklaringsmodellar.
  • Omgrepa spesialundervisning, inkludering og tilpassa opplæring. 
  • Korleis skape vilkår for endring i opplæringa. 
  • Kva som kjenneteiknar kvalitet i opplæring for alle barn og elevar. 

 

Ferdigheiter

Studentane skal kunne: 

  • Analysere og forstå dei ulike premissane for opplæringa i barnehage og skule. 
  • Framstille tilhøvet mellom intensjon og praksis i verksemda i skule og barnehage. 
  • Samle inn data, analysere og drøfte innhald og arbeidsformer i barnehage og skule ut frå eit eller fleire av omgrepa inkludering, tilpassa opplæring, spesialundervisning/ spesialpedagogisk hjelp og endring.
Generell kompetanse

Studentane skal kunne:

  • Forklare utfordringar som gjeld mangfaldet mellom aktørane i opplæringa.
  • Vurdere kvaliteten i opplæringa. 
  • Skrive ein vitskapleg artikkel med ei problemstilling knytt til pedagogisk praksis. 
Praktisk organisering og arbeidsmåtar

Arbeidsmåtane i emnet vil veksle mellom førelesingar, arbeid i læringsgrupper, feltarbeid, studentseminar og oppgåveskriving. Emnet er organisert med samlingar over to dagar om lag kvar fjerde veke. Det er obligatorisk oppmøte til samlingane.

Vilkår for å framstille seg til eksamen
  • Obligatorisk frammøte til undervisninga.
  • Arbeide i profesjonsblanda læringsgrupper der ein ut frå ei gitt problemstilling skal drøfte og arbeide fram eit overordna kunnskapsgrunnlag til eit feltarbeid. Ein skal også drøfte kva metode for datainnsamlinga som er eigna for å få svar på problemstillinga.
  • Kvar læringsgruppe leverer inn eit skriftleg dokument på omlag 2 – 3 sider der ein presenterer utkast til kunnskapsgrunnlag, og eit grunngjeve val av metode for innsamling av data i det komande feltarbeidet.
  • Kvar gruppe skal kommentere minst eit utkast til kunnskapsgrunnlag og metode.
  • Med utgangspunkt i kunnskapsgrunnlag og metode skal ein gjennomføre eit individuelt feltarbeid i barnehage, skule eller annan relevant institusjon.

 

 

Sensorordning
Maksimumstal: 
85
Emneansvarleg: 
Anne-Kari Remoy
Emnet inngår i følgande studieprogram
Mastergradsstudium i undervisning og læring, deltid
Mastergradsstudium undervisning og læring
Vidareutdanning i spesialpedagogikk - masternivå
Vidareutdanning i spesialpedagogikk deltid - masternivå
VurderingsformGrupperingVarighetVarighetstypeKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
OppgaveIndividuellsemesterA-F, der A er best og E er siste ståkarakterI denne oppgåva skal studenten drøfte erfaringane frå feltstudiet i høve til den litteraturen som er sett opp for emnet.Om lag 5000 ord (føreord, innhaldsliste, litteraturliste og eventuelle vedlegg kjem i tillegg)
Vurderinger:
Vurderingsform:Oppgave
Gruppering:Individuell
Varighet:
Varighetstype:semester
Karakterskala:A-F, der A er best og E er siste ståkarakter
Andel:
Kommentar:I denne oppgåva skal studenten drøfte erfaringane frå feltstudiet i høve til den litteraturen som er sett opp for emnet.
Hjelpemidler:
Omfang:Om lag 5000 ord (føreord, innhaldsliste, litteraturliste og eventuelle vedlegg kjem i tillegg)
Godkjent av: 
Anne Øie