ULNO303 Lese- og skrivekunne

Emnekode: 
ULNO303
Varighet: 
1 semester
Studiepoeng: 
15
Studienivå: 
Master
Rapporteringsprogram: 
Mastergradsstudium undervisning og læring
Undervisningssemester: 
2020 Vår
Eksamenssemester: 
2020 Vår
Undervisningsspråk: 
Norsk
Krav til forkunnskapar

Ingen

Om emnet

Emnet tek for seg lese- og skrivekunne og korleis ein kan arbeide med utvikling av djupneforståing for ulike elevgrupper i grunnskulen. Sentrale studiefelt vil mellom anna vere literacy-omgrepet, lese- og skrivekunne i bokmål og nynorsk, leseforståing og lesestrategi, forsking på lese- og skriveopplæring, lesing og skriving i eit begynnarperspektiv, i eit vidareopplæringsperspektiv.

Læringsutbytte

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:

Kunnskapar

Etter fullført emnestudium skal kandidaten ha:

  • inngåande kunnskap om lesing og skriving som fagovergripande kompetansar i eit mangfoldig klasserom
  • forskingsbasert kunnskap om literacy- og sjangerforsking og lesing og skriving som læringsreiskapar i alle fag og for ulike elevgrupper
  • inngåande kunnskap om lesing og skriving: nynorsk og bokmål, hovudmål og sidemål.
  • kunnskap om varierte undervisningsmetodar og korleis differensiering og tett oppfølging kan medverke til god læring
  • forskningsbasert kunnskap om lesing og skriving i eit multimodalt perspektiv.
Ferdigheiter

Etter fullført emnestudium skal studenten kunne:

  • undervise og legge til rette for lese- og skriveopplæring for ulike elevgrupper
  • drive forskings- og utviklingsarbeid innan lese- og skrivefeltet
  • rettleie ulike elevgrupper i lesing og skriving, og vurdere kompetansen deira i lesing og skriving
  • vurdere tekstar kritisk, vurdere og bruke ulike kartleggingsverktøy, testar og prøver i lesing og skriving
  • sjå korleis multimodale ytringar utvidar tekstomgrepet og vilkåra for kommunikasjon og kunne nyttiggjere seg dette i klasserommet
Generell kompetanse

Å kunne bruke kunnskapar og ferdigheiter på ein sjølvstendig måte i ulike situasjonar gjennom å vise samarbeidsevne, ansvarskjensle, evne til refleksjon og kritisk tenking i utdannings- og yrkessamanheng

Praktisk organisering og arbeidsmåtar

Emnet er organisert med fem samlingar av to dagar. Arbeidsmåtane i emnet vil veksle mellom førelesingar, seminar og arbeid i mindre grupper.

Vilkår for å framstille seg til eksamen

Førebuing til og gjennomføring av skriftleg og munnleg presentasjon av utvalde artiklar frå pensum. Det vil bli gjort greie for detaljane i arbeidskravet i eit eige notat som blir utlevert ved studiestart.

Det er obligatorisk frammøte til all undervisning, sjå Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda § 4-6 http://lovdata.no/forskrift/2014-12-04-1697

Sensorordning
Maksimumstal: 
25
Emneansvarleg: 
Wenke Mork Rogne
Emnet inngår i følgande studieprogram
Mastergradsstudium i nynorsk skriftkultur
Mastergradsstudium i nynorsk skriftkultur - deltid
Mastergradsstudium i undervisning og læring, deltid
Mastergradsstudium undervisning og læring
Norsk - vidareutdanning på masternivå
VurderingsformGrupperingVarighetVarighetstypeKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
HeimeeksamenIndividuell2vekeA-F, der A er best og E er siste ståkarakterIndividuell 2 vekers heimeoppgåve. Studentane skal skrive på nynorsk. Om lag 4000 ord
Vurderinger:
Vurderingsform:Heimeeksamen
Gruppering:Individuell
Varighet:2
Varighetstype:veke
Karakterskala:A-F, der A er best og E er siste ståkarakter
Andel:
Kommentar:Individuell 2 vekers heimeoppgåve. Studentane skal skrive på nynorsk.
Hjelpemidler:
Omfang: Om lag 4000 ord
Godkjent av: 
Wenke Mork Rogne