MUS103 Inn i musikken 2

Varighet: 
1 semester
Emnekode: 
MUS103
Studiepoeng: 
15
Studienivå: 
Bachelor (grunnivå)
Rapporteringsprogram: 
Bachelorgradsstudium i musikk
Undervisningssemester: 
2022 Vår
Eksamenssemester: 
2022 Vår
Undervisningsspråk: 
Norsk
Krav til forkunnskapar

MUS101

Om emnet

MUS103 er eit 15-studiepoengsemne som inngår i årsstudiet i musikk og som del av bachelorprogrammet i musikk. Emnet kan inngå som fritt emne i andre bachelorprogram. Gjennom studiet skal studenten arbeide med å styrke sin faglege kompetanse for å arbeide med musikk, med fokus på følgjande hovudområde: musikkteori, høyrelære, arrangering, musikkorientering, hovudinstrument og bruksklaver. Emnet rettar seg inn mot verksemder innan eit variert spekter av arbeidsplassar i samfunnet, t.d. grunnskulen, kulturskulen og andre samfunnsinstitusjonar, det frie kulturlivet og privat næring.

Læringsutbytte

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne: 

Kunnskapar

Studenten har grunnleggande kunnskapar om

  • musikkteori
  • rytme, akkordar og melodigjengiving
  • musikk og musikkfaget si historie og tradisjonar, med vekt på den vestlige kunstmusikken på 1900-talet og utviklinga av jazz, pop og rock
  • musikkutøving og framføringspraksis
Ferdigheiter

Studenten kan

  • nytte hovudinstrument i utøvingssituasjonar åleine og i samspel med andre
  • lage enkelt pianoakkompagnement etter besifring
  • arrangere og legge til rette musikalsk materiale med tanke på song/samspel i ulike mindre ensemble
  • nytte eit digitalt noteprogram for å lage arrangement i partitur
Generell kompetanse

Studenten kan

  • bruke kunnskapar og ferdigheiter på ein sjølvstendig måte i ulike situasjonar gjennom å vise samarbeidsevne, ansvarskjensle, evne til refleksjon og kritisk tenking i utdannings- og yrkessamanheng.
Praktisk organisering og arbeidsmåtar

Organiseringa vil variere mellom undervisning i plenum og større og mindre grupper (både i klasserom og på nett). Arbeidsmåtane vil veksle mellom førelesingar, verkstadarbeid, arbeid i grupper og individuelt.

IKT: Det vert arrangert obligatorisk innføringskurs i bruk av dataprogram for notasjon/sekvensering.

Vilkår for å framstille seg til eksamen
  • Det er obligatorisk frammøte til all undervisning, og ein forventar aktiv deltaking frå studentane. Vi viser til Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda §4-6 om obligatorisk frammøte/deltaking.
  • Forprøver: Høyrelære, musikkteori og musikkorientering
  • Arbeidsmappe i arrangering – tre individuelle skriftlege arbeid
Sensorordning
Minimumstal: 
10
Maksimumstal: 
35
Emneansvarleg: 
Svein Ole Hunnes
Emnet inngår i følgande studieprogram
Bachelorgradsstudium i musikk
Musikk årsstudium
Vidareutdanning i musikk
VurderingsformGrupperingVarighetVarighetstypeKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
Praktisk eksamenIndividuell1timarA-F, der A er best og E er siste ståkarakterDet vert gjort ei samla vurdering av kandidaten sin prestasjon, der hovudinstrument tel om lag 60 % og bruksklaver tel om lag 40 % av samla karakter.Praktisk/munnleg eksamen i hovudinstrument og bruksklaver.
Vurderinger:
Vurderingsform:Praktisk eksamen
Gruppering:Individuell
Varighet:1
Varighetstype:timar
Karakterskala:A-F, der A er best og E er siste ståkarakter
Andel:
Kommentar:Det vert gjort ei samla vurdering av kandidaten sin prestasjon, der hovudinstrument tel om lag 60 % og bruksklaver tel om lag 40 % av samla karakter.
Hjelpemidler:
Omfang:Praktisk/munnleg eksamen i hovudinstrument og bruksklaver.
Godkjent av: 
Unni Hagen