KOH133 Teikning og måling

Varighet: 
1 semester
Emnekode: 
KOH133
Studiepoeng: 
15
Studienivå: 
Bachelor (grunnivå)
Rapporteringsprogram: 
Bachelorgradsstudium i design, kunst og handverk
Undervisningssemester: 
2021 Haust
Eksamenssemester: 
2021 Haust
Undervisningsspråk: 
Norsk
Krav til forkunnskapar

Ingen

Om emnet

Teikning og måling er eit obligatoriske emne i studieprogrammet Bachelor i design, kunst og handverk. Dette er eit innføringsemne og målet er å gi ei grunnlegggjande opplæring i todimensjonale uttrykksformer.

Gjennom praktisk skapande arbeid lærar studentane om form, farge og komposisjon i møte med todimensjonale uttrykk. Kjennskap til kunsthistoria og biletanalyse, og å kunne bruke og relatere dette til eige skapande arbeid, inngår også i emnet.

Læringsutbytte

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:

Kunnskapar

Studenten:

  • har kunnskap om ulike materiale, teknikkar og verkty i arbeid med teikning og måling
  • har kunnskap om form, farge og komposisjon knytt til todimensjonale uttrykksformer
  • har kunnskap om idéutvikling og skissearbeid som del av ein kreativ prosess
  • har kunnskap om kunst- og formkultur relatert til prakstisk skapande arbeid.
Ferdigheiter

Studenten:

  • kan bruke ulike materiale, teknikkar og verkty i arbeid med teikning og måling
  • kan bruke formalestetiske verkemiddel i eigne skapande prosessar, og kan reflektere rundt desse, i eige og andre sitt arbeid
  • kan jobbe medvite med ideutvikling og skissearbeid som del av ein kreativ prosess
  • kan vurdere og relatere eige praktisk skapande arbeid til den eksisterande kunst- og formkulturen.
Generell kompetanse

Studenten:

  • har forståing for samanhengen mellom valde skapingsmedium og uttrykk
  • kan utnytte faget sitt potensiale i å fremme gjenbruk og bærekraftig utvikling.
Praktisk organisering og arbeidsmåtar

Arbeids- og undervisningsformene i studiet er ein kombinasjon av førelesing, bruk av digitale formidlings- og læringsressursar og praktisk og teoretisk oppgåveløysing.

Studentar får prosessevalueringar i arbeidsøktene og i framleggingssituasjonar. Studentar som er borte frå undervisninga har sjølve ansvar for å orientere seg om det som gjekk føre seg i deira fråvær.  

Anna som vedkjem gjennomføringa av emnet: Det er forventa at studenten har elementær datakunnskap.

Vilkår for å framstille seg til eksamen

Det er obligatorisk frammøte og deltaking i alle organiserte læringsaktivitetar og undervisning, jamfør Forskrift om opptak, studium og eksamen, §4-6 (https://lovdata.no/dokument/SF/forskrift/2014-12-04-1697).

Med deltaking meiner ein at studentane skal arbeide med oppgåveløysning slik at lærar og medstudentar kan få innsyn i læringsprosessane. Studentar som er borte frå undervisninga, har sjølve ansvar for å setje seg inn i gjennomgått fagstoff i deira fråver.

Arbeidskrav: To praktiske oppgåver leverte til fastsett frist.

Minimumstal: 
14
Maksimumstal: 
35
Emneansvarleg: 
Catarina Andersson
Materialavgift

Studentane betaler ei materialavgift på kr 600,- til innkjøp av fellesmateriale. I tillegg må kvar student pårekne kjøp av nokre eigne reiskap.

Emnet inngår i følgande studieprogram
Bachelorgradsstudium i design, kunst og handverk
Design, kunst og handverk vidareutdanning
Design, kunst og handverk årsstudium
VurderingsformGrupperingVarighetVarighetstypeKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
MappeeksamenIndividuellSemesterA-F, der A er best og E er siste ståkarakter100Eitt todimensjonalt arbeid med inspirasjon- og skisseprosess.
Eitt todimensjonalt arbeid med prosessrapport
Vurderinger:
Vurderingsform:Mappeeksamen
Gruppering:Individuell
Varighet:
Varighetstype:Semester
Karakterskala:A-F, der A er best og E er siste ståkarakter
Andel:100
Kommentar:
Hjelpemidler:
Omfang:Eitt todimensjonalt arbeid med inspirasjon- og skisseprosess.
Eitt todimensjonalt arbeid med prosessrapport
Godkjent av: 
Unni Hagen