KUM306D Masteroppgåve i Kulturmøte

Emnekode: 
KUM306D
Varighet: 
4 semester
Studiepoeng: 
60
Studienivå: 
Master
Undervisningssemester: 
2020 Haust
2021 Vår
2021 Haust
2022 Vår
Emnenavn på engelsk: 
MA thesis, Cultural Encounters
Emnenavn på bokmål: 
Masteroppgåve i Kulturmøte
Eksamenssemester: 
2022 Vår
Undervisningsspråk: 
Norsk
Krav til forkunnskapar

KUM301, KUM302 og eitt av dei valfrie emna.

Om emnet

Gjennom eiga forsking skal arbeidet med masteroppgåva gje studentane djupare innsikt i teori og metode innanfor kulturhistorieforskinga. Det skal òg gje studentane ei meir sjølvstendig haldning til historiske framstillingar og historisk kjeldemateriale, i tillegg til innføring i sjølvstendig vitskapleg arbeid. Studentane skal sjølve bruke fagleg teori, metodar og teknikkar i løysinga av historiske problem.

Masteroppgåva i kulturmøte skal vere ei vitskapleg avhandling som byggjer på eit sjølvstendig studium av (historiske) kjelder og relevant litteratur.

Masteroppgåva er obligatorisk for mastergradsstudentar, tilsvarar halvparten av mastergradsstudiet og utgjer 60 studiepoeng.

Læringsutbytte

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:

Kunnskapar

Studenten skal ha

  • kunnskap om relevant teoretisk og metodisk basis for vitskapleg arbeid
  • dokumentert evne til å nytte kjeldestudium og relevant litteratur til løysing av ei vitskapleg problemstilling
  • kompetanse til utvikling og gjennomføring av forskingsprosjekt av større omfang
Ferdigheiter

Studenten skal ha

  • føresetnader for å skrive ei sjølvstendig, kjeldekritisk oppgåve basert utifrå ei gitt problemstilling.
  • evne til å vurdere og forstå kulturell sameksistens og konflikt realhistorisk og interdisiplinært.
Generell kompetanse

Studenten skal

  • kunne vurdere og forstå kulturell sameksistens og konflikt realhistorisk og interdisiplinært
  • kunne nytte kunnskapane sine på nye område for å gjennomføra avanserte arbeidsoppgåver og prosjekt innan forsking, utgreiing, undervisning og formidling om feltet
  • ha faglege føresetnader for å leie arbeid med kulturell integrering
  • kunna planleggje og gjennomføre nye FOU-prosjekt – åleine og i samarbeid med andre

 

Praktisk organisering og arbeidsmåtar

Studentar på Mastergrad i kulturmøte har krav på rettleiing i arbeidet med oppgåva. Studentane er òg pliktige til å leggja oppgåva fram for rettleiing under arbeidet med henne. Rettleiinga vil bli regulert gjennom ein individuell rettleiingsavtale.

Som del av masterutdanninga tilbyr vi skriveseminar, i tillegg til manusseminar og det er forventa at kandidaten legg fram delar av oppgåva si til diskusjon her.

Vilkår for å framstille seg til eksamen

For å levere masteroppgåva til vurdering, må studenten ha stått til eksamen i dei to valfrie emna.

Minimumstal: 
1
Maksimumstal: 
15
Emneansvarleg: 
Inger Marie Okkenhaug
Emnet inngår i følgande studieprogram
  • Kulturmøte - master (deltid)
VurderingsformGrupperingVarighetKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
Masteroppgåve
Individuell
4 semester
A-F, der A er best og E er siste ståkarakter
Det blir gitt ein førebels karakter på oppgåva. Masteroppgåva må vere stått for å få gå opp til munnleg justerande eksamen.
Oppgåva skal vere på mellom 70 og 120 sider i ei 12 pkt. skrift med 1,5 i lineavstand. Framside, obligatoriske samandrag, notar, tabellar, bibliografi og vedlegg kjem i tillegg.
Munnleg justerande eksamen
Individuell
1 timar
A-F, der A er best og E er siste ståkarakter
100
Munnleg eksamen justerer og fastset den endelege karakteren.
Masteroppgåva utan notat.
Godkjent av: 
Randi Bergem, 21.02.2020