KUM307 Skule, religionsmangfald og sekularisering

Varighet: 
1 semester
Emnekode: 
KUM307
Studiepoeng: 
15
Studienivå: 
Master
Rapporteringsprogram: 
Mastergradsstudium i kulturmøte
Undervisningssemester: 
2021 Vår
Eksamenssemester: 
2021 Vår
Undervisningsspråk: 
Norsk
Krav til forkunnskapar

Ingen. 

Om emnet

I dette emnet jobbar vi med spørsmål knytt til religion, skule og sekularisering. Gjennom å sjå på religionsfaget si historie i Noreg, drøftar vi religionen sin plass i skulen både i eit norsk og europeisk perspektiv. Vi undersøker sekulariseringsprosessar i Vesten historisk og kva sekularisering inneber i dag. Vidare tek vi opp didaktiske tilnærmingar til livssynsmangfaldet. 

Læringsutbytte

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:

Kunnskapar

Studenten skal ha

  • avansert kunnskap om den idéhistoriske bakgrunnen for sekulariseringa av samfunnet og skulen
  • spesialisert innsikt i tilhøvet mellom religion og skule i Noreg og Europa
Ferdigheiter

Studenten skal kunne

  • analysere kritisk diskursar om religion og skule
  • analysere kritisk teoriar om sekularisering og religiøs pluralitet 
Generell kompetanse

Studenten skal kunne

  • analysere fag- og yrkesetiske problemstillingar knytte til religion og pluralitet i skulen
  • drøfte og formidle faglege problemstillingar knytte til skule, religion, sekularitet og pluralitet
Praktisk organisering og arbeidsmåtar

I emnet vil ein nytta varierte undervisnings- og arbeidsformer – seminar og førelesning, i tillegg til prosessorientert skriving.

Vilkår for å framstille seg til eksamen

Følgjande sjølvstendige og individuelle arbeidskrav skal gjennomførast:

Frammøtekrav:

  • Ingen 

Arbeidskrav:

  • Skrive ei prosessoppgåve i samsvar med nærare oppsette formkrav og framdriftsplan. Ei prosessoppgåve som arbeidskrav, skal ha eit omfang av omlag 3000 ord med 1,5 i lineavstand og 12 pkt. skrift.
  • Skrive kortare kommentarar (responsar) til prosessoppgåver frå eit antal medstudentar. Ein kommentar skal ha eit omfang av 400-600 ord med 1,5 i lineavstand og 12 pkt. skrift.
  • Presentasjon av tekstutdrag frå pensum
  • Arbeidskrava blir vurderte til godkjent/ikkje godkjent. Ein student som får "ikkje godkjent" på eitt eller fleire av arbeidskrava, får høve til å forbetre elementet til godkjent nivå same semester.

    Prosessoppgåva (sjå 1. punkt over) skal bearbeidast til eksamensoppgåve etter kommentarar frå medstudentar og faglærar. Den skal leverast som eksamensoppgåve, i same semester som arbeidet er utført. Sjå under "Vurderingsformer". Eksamensoppgåva skal ha same omfang som prosessoppgåva.

Minimumstal: 
5
Maksimumstal: 
30
Emneansvarleg: 
Jonas Gamborg Lillebø
Emnet inngår i følgande studieprogram
AHL opne emne masternivå
Mastergradsstudium i kulturmøte
Mastergradsstudium i kulturmøte, deltid
VurderingsformGrupperingVarighetVarighetstypeKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
OppgaveIndividuell1semesterA-F, der A er best og E er siste ståkarakter Det blir gitt ein førebels karakter på oppgåva.Ei eksamensoppgåve skal ha eit omfang av ca 4000 ord med 1,5 i lineavstand og 12 pkt. skrift.
Munnleg justerande eksamenIndividuell1timarA-F, der A er best og E er siste ståkarakter 100Munnleg eksamen justerer og fastset den endelege karakteren.
Vurderinger:
Vurderingsform:Oppgave
Gruppering:Individuell
Varighet:1
Varighetstype:semester
Karakterskala:A-F, der A er best og E er siste ståkarakter
Andel:
Kommentar: Det blir gitt ein førebels karakter på oppgåva.
Hjelpemidler:
Omfang:Ei eksamensoppgåve skal ha eit omfang av ca 4000 ord med 1,5 i lineavstand og 12 pkt. skrift.
Vurderingsform:Munnleg justerande eksamen
Gruppering:Individuell
Varighet:1
Varighetstype:timar
Karakterskala:A-F, der A er best og E er siste ståkarakter
Andel: 100
Kommentar:Munnleg eksamen justerer og fastset den endelege karakteren.
Hjelpemidler:
Omfang:
Godkjent av: 
Arne Myklebust