KUM304 Al-Andalus - politisk hegemoni og kulturell pluralisme i iberisk mellomalder 711-1501

Varighet: 
1 semester
Emnekode: 
KUM304
Studiepoeng: 
15
Studienivå: 
Master
Undervisningssemester: 
2021 Vår
Rapporteringsprogram: 
Mastergradsstudium i kulturmøte
Eksamenssemester: 
2021 Vår
Undervisningsspråk: 
Norsk
Krav til forkunnskapar

Ingen. 

Om emnet

Emnet gir ei innføring i iberisk historie frå den muslimske invasjonen (711-) til erobringa av Nasrid Granada i 1492. Hovudfokus er på dei sørlege og midtre delane av halvøya under umayyadane, seinare almoravidane og almohadane, frå den muslimske erobringa til midten av 1200-talet. Frå siste del av 1000-talet tek dei kristne rika på den iberiske halvøya til å spele ei viktigare rolle, og fram til midten av 1200-talet legg dei gradvis under seg muslimsk territorium. I denne ekspansive politikken spelte både politiske, økonomiske og ideologiske forhold inn. Tematisk spenner studiet av al-Andalus seg over politiske, økonomiske og sosiale endringar, med eit tyngdepunkt i historisk-antropologiske/kulturhistoriske perspektiv på utviklinga av sameksistensen mellom dei muslimske, kristne og jødiske innbyggarane. Eit viktig fokus er byen si sentral rolle i organiseringa av samfunnet, der samspelet med det velutvikla irrigasjonsjordbruket var av stor økonomisk betyding. Byen var også ein arena for økonomisk og kulturell samhandling mellom ulike etniske og religiøse grupper under skiftande regime, og stod elles i relasjon til eit handelsnettverk som strekte seg kring heile Middelhavet. Det muslimske al-Andalus kuliminerer med Nasrid Granada (1232-1492), som frå 1260-åra var det einaste attverande muslimske riket på den iberiske halvøya. Emnet legg vekt på korleis Nasrid Granada skil seg frå tidlegare muslimske statsdanningar i al-Andalus ved at dei var eit homogent muslimsk samfunn, og ved at dei på same tid vart sterkt integrerte i handelen med det kristne Europa. Riket vart i 1492 erobra av Castilla, ei hending som representerer sluttpunktet til al-Andalus – det muslimske Spania.

Fagemnet har fire tyngdepunkt

  • Arabisk politisk og kulturelt hegemoni veks og kulminerer 711-ca 1250

  • Sosial- og kulturhistoriske perspektiv på al-Andalus 

  • Handel og byutvikling i al-Andalus

  • Kongedømet Nasrid Granada (1232-1492)
     

Læringsutbytte

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:

Kunnskapar

Studenten skal ha

  • avansert oversynskunnskap om politisk og økonomisk utvikling på den iberiske halvøya gjennom 800 år (til ca 1500)
  • avansert kunnskap om etnisitet og religion og sameksistensen mellom ulike etniske og religiøse grupper i dette området gjennom perioden
  • avansert kunnskap om skiftande grensesoner mellom muslimsk og kristent territorium gjennom perioden
  • avansert kunnskap om kongedømet Nasrid Granada og deira relasjonar til dei kristne iberiske kongedømma, dei italienske bystatane og  Banu Marin-dynastiet i Nord-Afrika
Ferdigheiter

Studenten skal ha

  • trening i å finne fram i og vurdere forskingslitteratur og relevant kjeldemateriale relatert til historia til al-Andalus gjennom ein periode på nærare 800 år.
  • føresetnader for å skrive ei sjølvstendig, kjeldekritisk oppgåve basert på ei gitt problemstilling.
  • evne til å vurdere og forstå kulturell sameksistens og konflikt realhistorisk og interdisiplinært innanfor denne regionen.
Generell kompetanse

Studenten skal kunne

  • sette seg inn i nye problemområde og analysere saker frå fleire sider
  • handtere informasjonsmengder av eit visst omfang, og ordne og systematisere kunnskap på logisk konsekvent vis
  • dokumentere skriftlege arbeid i samsvar med generelt vedtekne krav i høgare utdanning
Praktisk organisering og arbeidsmåtar

På emnet vil ein nytte varierte undervisnings- og arbeidsformer – seminar og førelesning, i tillegg til prosessorientert skriving.

Vilkår for å framstille seg til eksamen

Følgjande sjølvstendige og individuelle arbeidskrav skal gjennomførast:

Frammøtekrav:

  • Delta på ein obligatorisk seminardag og leggje fram eit emne frå pensumlitterature​n.

Arbeidskrav:

  • Skrive ei prosessoppgåve i samsvar med nærare oppsette formkrav og framdriftsplan. Ei prosessoppgåve som arbeidskrav, skal ha eit omfang av omlag 3000 ord med 1,5 i lineavstand og 12 pkt. skrift.
  • Skrive kortare kommentarar (responsar) til prosessoppgåver frå eit antal medstudentar. Ein kommentar skal ha eit omfang av 400-600 ord med 1,5 i lineavstand og 12 pkt. skrift.

Arbeidskrava blir vurderte til godkjent/ikkje godkjent. Ein student som får ikkje godkjent på eitt eller fleire av arbeidskrava, får høve til å forbetre elementet til godkjent nivå same semester.

Prosessoppgåva (sjå 1. punkt over) skal bearbeidast til eksamensoppgåve etter kommentarar frå medstudentar og faglærar. Den skal leverast som eksamensoppgåve, i same semester som arbeidet er utført. Sjå under "Vurdering". Eksamensoppgåva skal ha same omfang som prosessoppgåva.

Minimumstal: 
5
Maksimumstal: 
20
Emneansvarleg: 
Harald Endre Tafjord
Studieavgift

Ingen.

Materialavgift

Ingen.

Emnet inngår i følgande studieprogram
Mastergradsstudium i kulturmøte
Mastergradsstudium i kulturmøte, deltid
Mastergradsstudium i samfunnsplanlegging og ledelse
Mastergradsstudium i samfunnsplanlegging og ledelse - deltid
VurderingsformGrupperingVarighetVarighetstypeKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
OppgaveIndividuell 1semesterA-F, der A er best og E er siste ståkarakterDet blir gitt ein førebels karakter på oppgåva. Ca 4000 ord med 1,5 i lineavstand og 12 pkt. skrift
Munnleg justerande eksamenIndividuell1timarA-F, der A er best og E er siste ståkarakter100Munnleg eksamen justerer og fastset den endelege karakteren.Ingen.
Vurderinger:
Vurderingsform:Oppgave
Gruppering:Individuell
Varighet: 1
Varighetstype:semester
Karakterskala:A-F, der A er best og E er siste ståkarakter
Andel:
Kommentar:Det blir gitt ein førebels karakter på oppgåva.
Hjelpemidler:
Omfang: Ca 4000 ord med 1,5 i lineavstand og 12 pkt. skrift
Vurderingsform:Munnleg justerande eksamen
Gruppering:Individuell
Varighet:1
Varighetstype:timar
Karakterskala:A-F, der A er best og E er siste ståkarakter
Andel:100
Kommentar:Munnleg eksamen justerer og fastset den endelege karakteren.
Hjelpemidler:Ingen.
Omfang:
Godkjent av: 
Randi Bergem 21.02.2020