TOD101 Teaterproduksjon 1: Realistisk teater

Varighet: 
1 semester
Emnekode: 
TOD101
Studiepoeng: 
15
Studienivå: 
Bachelor (grunnivå)
Rapporteringsprogram: 
Teater og drama (Bachelor)
Undervisningssemester: 
2019 Haust
Eksamenssemester: 
2019 Haust
Undervisningsspråk: 
Norsk
Krav til forkunnskapar

Ingen. 

Om emnet

Teaterproduksjon 1 er eit introduksjonsemne til skodespelarkunst og teaterproduksjon, med fokus på ensemblespill.
Emnet tek utgangspunkt i Stanislavskij og Strasberg, og ser på samanhengene til realisme i teatret i dag.
Studentane vil jobbe med:

  • Grunntrening for kropp og stemme.
  • Ensemblebygging.
  • Teateropplevingar og analyser.
  • Iscenesettjing av dramatiske tekster.
Læringsutbytte

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:

Kunnskapar

Studenten

  • har grunnleggjande kunnskap om fagterminologi i realistisk skodespelarteknikk og ensemblespill
  • har kunnskap om dramatiske verkemiddel og ulike funksjonar i ein teaterproduksjon
  • har grunnleggjande kunnskap om framsyningsanalyse
Ferdigheiter

Studenten

  • kan formidle ein karakters mål og funksjon i eit dramatisk verk, gjennom interaksjon i samspill
  • kan arbeide praktisk-metodisk med skodespelarmetodikk
  • kan nytte fagterminologi og reflektere over teaterproduksjonar både munnleg og skriftleg
Generell kompetanse

Studenten

  • har sjølvstendige rutinar for oppvarming og vedlikehald av kropp og stemme
  • kan samarbeide med faglærar og medstudentar
Praktisk organisering og arbeidsmåtar

Undervisninga er eit samspel mellom teoretisk, praktisk og sjølvstendig arbeid, og er samansett av:

  • seminar og verkstader
  • framsyningar
  • gruppearbeid
  • individuelt arbeid

Det vil arrangerast obligatoriske visningar, såkalla Husteater, for eit ope publikum, i tillegg til studentdrevne morgontreningar.

Emnet inneheld ei mindre studiereise, til eigen kostnad.

  • Alternativt opplegg vert tilbydd etter søknad.
Vilkår for å framstille seg til eksamen

a) Frammøtekrav:

  • All undervisning er obligatorisk, og oppmøtet må vere av ei aktiv deltakande art.
    Viser til Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda, §4-6. 

b) Arbeidskrav:

  • Ei individuell skriftleg oppgåve i framsyningsanalyse, på omlag 2000 ord, med obligatorisk rettleiing.
  • Ei godkjend framsyning på Husteater.
Sensorordning
Minimumstal: 
10
Maksimumstal: 
24
Emneansvarleg: 
Raymond Corrado Knutsen
Materialavgift

Det vert lånt ut klassesett med manus til studentane. Manglande innlvering av manus gjer ei avgift på 200,- per manus.

Emnet inngår i følgande studieprogram
Teater, opne emne
Teater og drama (Bachelor)
Teater og drama (Årsstudium)
VurderingsformGrupperingVarighetVarighetstypeKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
Praktisk eksamenIndividuell eller gruppe (etter avtale)4VekerA-F, der A er best og E er siste ståkarakter70Kunstnarleg scenisk framsyning for eit publikum, medstudentar, emneansvarleg og sensor, med individuell karakter.
Alle
HeimeeksamenIndividuell3DagarA-F, der A er best og E er siste ståkarakter30Digital eksamen. Studenten skal ut frå eige arbeid reflektere og drøfte ulike faktorar frå framsyninga i lys av aktuell teori.
Alle1000 ord
Vurderinger:
Vurderingsform:Praktisk eksamen
Gruppering:Individuell eller gruppe (etter avtale)
Varighet:4
Varighetstype:Veker
Karakterskala:A-F, der A er best og E er siste ståkarakter
Andel:70
Kommentar:Kunstnarleg scenisk framsyning for eit publikum, medstudentar, emneansvarleg og sensor, med individuell karakter.
Hjelpemidler:Alle
Omfang:
Vurderingsform:Heimeeksamen
Gruppering:Individuell
Varighet:3
Varighetstype:Dagar
Karakterskala:A-F, der A er best og E er siste ståkarakter
Andel:30
Kommentar:Digital eksamen. Studenten skal ut frå eige arbeid reflektere og drøfte ulike faktorar frå framsyninga i lys av aktuell teori.
Hjelpemidler:Alle
Omfang:1000 ord
Godkjent av: 
Aud Folkestad