RUS301 Rus som kulturelt og sosialt fenomen

Emnekode: 
RUS301
Varighet: 
1 semester
Studiepoeng: 
15
Studienivå: 
Master
Undervisningssemester: 
2021 Haust
Emnenavn på engelsk: 
Drug and alcohol use as cultural and social phenomena
Emnenavn på bokmål: 
Rus som kulturelt og sosialt fenomen
Eksamenssemester: 
2021 Haust
Undervisningsspråk: 
Norsk
Krav til forkunnskapar

Ingen

Om emnet

I Rus som kulturelt og sosialt fenomen studerer vi rusmiddelbruk og rusproblematikk ut i frå forskingsbasert kunnskap frå fleire fagområde, med vekt på sosiologiske og psykologiske tilnærmingar. Vi er opptekne av spørsmål som; kva er avhengigheit, kva for sosiale funksjonar har rusmiddelbruk, kva betyr rusmiddelbruk i samfunnet vårt, korleis kan ein førebyggje problematisk rusmiddelbruk og kva konsekvensar har rusmiddelbruk for den enkelte, for pårørande, for arbeidslivet og for samfunnet som heilskap?

Emnet har tre temaområde: 

Tema 1) Ulike perspektiv på bruk og avhengigheit av rusmiddel

  • Avhengigheit som fenomen
  • Rusmiddelbruk og marginalisering  
  • Sosiale og kulturelle funksjonar ved rusmiddelbruk

Tema 2) Bruk av rusmiddel i familie- og kjønnsperspektiv

  • Bruk av rusmiddel i ulike livsfasar (ungdom, vaksne, eldre) 
  • Born i familiar der det er rusmiddelproblematikk
  • Kjønnsskilnader i bruk av rusmiddel

Tema 3) Rus og samfunn

  • Ruspolitiske føringar, politikkutforming og rettsreglar
  • Førebyggingsstrategiar
  • Rus og arbeidsliv
  • Rus og sjølvmord
Læringsutbytte

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:

Kunnskapar

Studenten skal ha inngåande kunnskap om  

  • viktige trekk ved rusmiddelbruken i ulike grupper i Noreg
  • ulike måtar å forstå rusmiddelbruk og rusavhengigheit på
  • rusførebyggande tiltak på overordna nivå og kjennskap til ulike former for rusførebyggande arbeid
Ferdigheiter

Studenten skal kunne

  • hente inn og presentere samfunnsvitskapleg og psykologisk forsking og teoriar om rusmiddelbruk, rusåtferd og rusmiddelproblem
  • forstå og analysere rusmiddelbruk, rusåtferd og rusproblem som samfunnsskapte og kulturavhengige fenomen
  • kritisk vurdere ruspolitiske føringar og førebyggande tiltak 
Generell kompetanse

Studenten skal kunne

  • analysere og reflektere kritisk over ulike forståingar av rusmiddelbruk, rusmiddelbrukarar og rusproblem som han eller ho møter i yrkessamanheng
  • analysere og reflektere kritisk over eiga rolle som profesjonell i møte med menneske med rusproblem, pårørande og personar som står i fare for å utvikle rusproblem
Praktisk organisering og arbeidsmåtar

Emnet er organisert som halvtidsstudium over eitt semester. Undervisinga er konsentrert til tre vekesamlingar, med inntil fire undervisningsdagar på kvar samling. Meir praktisk informasjon kjem når det nærmar seg studiestart.

Samling 1: Veke 35

Samling 2: Veke 40 

Samling 3: Veke 44

Det vert nytta varierte undervisnings- og læringsformer, der vi legg stor vekt på dialog og studentdeltaking. Vi nyttar læringsverktyet Canvas til informasjon og deling av læringsressursar. Der kan studentane også kommunisere med faglærarar og medstudentar.

Noko av undervisninga kan skje digitalt (t.d. via Zoom), og i slike situasjonar må studentane forvente å måtte ha kamera og lyd slått på. Dette er nødvendig for å få til det samspelet og dialogane som studiet er bygt på, og såleis sikre at ein når kompetansemåla om å kunne reflektere kritisk over ulike forståingar ein møter i yrkessamanheng, og over eiga rolle som profesjonell. Studentar kan søkje om dispensasjon til å få delta anonymt på zoom. Behovet må grunngjevast. Dette er i samsvar HVO si retningslinje for strøyming, §5 og GDPR art 6(1) e). 

Vilkår for å framstille seg til eksamen

Det er krav om deltaking i artikkelseminar og gruppearbeid knytt til dette. 

Sensorordning
Minimumstal: 
15
Maksimumstal: 
35
Emneansvarleg: 
Silje Louise Dahl
Vidar Kjetil Myklebust
Emnet inngår i følgande studieprogram
  • Helse- og sosialfag - master
  • Helse- og sosialfag - master (deltid)
  • Samfunnsplanlegging og leiing - master
  • Samfunnsplanlegging og leiing - master (deltid)
VurderingsformGrupperingVarighetKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
Oppgave
Individuell
1 Semester
A-F, der A er best og E er siste ståkarakter
50
Alle.
4000 ord (+/-10%)
Skriftleg eksamen
Individuell
5 timar
A-F, der A er best og E er siste ståkarakter
50
1 word-fil.
Godkjent av: 
Randi Bergem 03.03.2021