MEI302 Meistring og myndiggjering – strukturperspektivet

Varighet: 
1 semester
Emnekode: 
MEI302
Studiepoeng: 
15
Studienivå: 
Master
Rapporteringsprogram: 
Mastergradsstudium i helse- og sosialfag - meistring og myndiggjering
Undervisningssemester: 
2020 Vår
Eksamenssemester: 
2020 Vår
Undervisningsspråk: 
Norsk
Krav til forkunnskapar

Ingen.

Om emnet

Meistring og myndiggjering er kjernetema i studiet. Kunnskap, innsikt og handlingskompetanse på desse områda krev bidrag frå ulike fag og disiplinar, og perspektiv på ulike nivå. Helse- og sosialarbeidaren må ha kompetanse og innsikt i strukturelle og kontekstuelle tilhøve. Det gjeld innverknad på praksis både frå kunnskapssyn og kunnskapstradisjonar, så vel som samfunnsmessige og kulturelle endringar, samt organisatoriske og styringspoilitiske føresetnadar. Dette emnet tek opp desse vilkåra i forhold til praksisar som kan bidra til meistring og myndiggjering.

Læringsutbytte

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket skal studenten ha følgjande læringsutbytte etter fullført emne:

Kunnskapar

Stundenten skal ha

  • kunnskap om samanhengar mellom sosiokulturelle prosessar og helse- og sosiale problem
  • auka innsikt og medvit for samanhengar mellom kunnskapssyn og praksis
Ferdigheiter

Studenten skal ha

  • ferdigheiter til å analysere samanhengar mellom helse- og sosiale problem og kulturelle og strukturelle vilkår
  • ferdigheiter til å  å påverke desse forholda
Generell kompetanse

Studenten skal ha

  • ein kritisk kunnskapsbasert handlingskompetanse til å påverke strukturelle og organisatoriske tilhøve til beste for arbeid med meistring og myndiggjering i samarbeid med dei det gjeld
Praktisk organisering og arbeidsmåtar

Innhaldet i emnet er organisert i fire hovudtema:

Tema 1: Kunnskapsteori og kunnskapssyn Her legg ein vekt på tilhøvet mellom vitskapleg kunnskap og andre kunnskapsformer, utvikling og endring av vitskapleg kunnskap med vekt på kritikk av vektlegginga av den evidensbaserte kunnskapen. Tilhøvet mellom vitskapleg kunnskap og profesjonell praksis er sentralt. 

Tema 2: Sosiokulturelle endringsprosessar Samanhenger mellom modernitet, identitet, danning og tillit vert løfta fram med vekt på livsløp, demografisk endring og helse. Meistring og myndiggjering heng og saman med demokrati, medborgarskap, profesjonalisering, makt og disiplinering. Globalisering og fleirkulturalitet påvirker også meistring.

Tema 3: Organisatoriske og styringspolitiske føresetnader Nye styringsformer og statlege føringar bidreg til utfordringar for organisasjonar. Leiing, samarbeid, konflikt og konfliktløysing innanfor og mellom organisasjonar og profesjonar vert tematisert, saman med forholdet til tredje sektor, brukarorganisasjonar m.m.

Tema 4: Folkehelseperspektivet Helse- og sosialfaglege mediediskursar vert tematisert; her er medikalisering eit sentralt fenomen. Ellers er det fokus på brukarretta opplysings - og informasjonsarbeid innafor helse- og sosialtenestene.

Undervisninga er lagt til 3 vekesamlingar, med fire undervisningsdagar og ein studiedag på kvar samling:

Samling 1: Veke 2

Samling 2: Veke 7

Samling 3: Veke 13

Undervisninga er lagt opp med ein kombinasjon av forelesingar, seminar, presentasjon av arbeid med heimeoppgåve og drøfting i plenum m.m. Det blir forventa at studentane driv sjølvstudium mellom samlingane, og at dei leverer utkast til heimeoppgåve for presentasjon og kommentering.

Vilkår for å framstille seg til eksamen

Det er krav om deltaking på 2 av 3 samlingar (eller 65% av tida på samlingane).

Sensorordning
Minimumstal: 
15
Maksimumstal: 
40
Emneansvarleg: 
Jan Inge Sørbø
Silje Louise Dahl
Emnet inngår i følgande studieprogram
ASH opne emne masternivå
Mastergradsstudium i helse- og sosialfag - meistring og myndiggjering
Mastergradsstudium i helse- og sosialfag - meistring og myndiggjering - deltid
VurderingsformGrupperingVarighetVarighetstypeKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
OppgaveIndividuell1SemesterA-F, der A er best og E er siste ståkarakterDet er knytt rettleiing til oppgava.Alle.Omlag 5000 ord (+/-10%).
Munnleg justerande eksamenIndividuell 30minuttA-F, der A er best og E er siste ståkarakterStudenten kan ha med semesteroppgåva, elles ingen hjelpemiddel.
Vurderinger:
Vurderingsform:Oppgave
Gruppering:Individuell
Varighet:1
Varighetstype:Semester
Karakterskala:A-F, der A er best og E er siste ståkarakter
Andel:
Kommentar:Det er knytt rettleiing til oppgava.
Hjelpemidler:Alle.
Omfang:Omlag 5000 ord (+/-10%).
Vurderingsform:Munnleg justerande eksamen
Gruppering:Individuell
Varighet: 30
Varighetstype:minutt
Karakterskala:A-F, der A er best og E er siste ståkarakter
Andel:
Kommentar:Studenten kan ha med semesteroppgåva, elles ingen hjelpemiddel.
Hjelpemidler:
Omfang:
Godkjent av: 
Odd Ragnar Hunnes 25.02.19