IPA304 Leiing og personalutvikling

Emnekode: 
IPA304
Studiepoeng: 
15
Studienivå: 
Master
Undervisningssemester: 
2019 Haust
Eksamenssemester: 
2019 Haust
Undervisningsspråk: 
Norsk
Krav til forkunnskapar

Ingen.

Om emnet

I dette emnet blir teori og empiri om leiing kombinert med studentane sine eigne erfaringar, med sikte på å kvalifisere dei som leiarar. Emnet er delt i tre tema som i hovudsak følgjer den mykje brukte inndelinga i strategisk, taktisk og operativ leiing.Temaet strategisk leiing skal gi kandidatane grundig kunnskap om modernisering av offentlig sektor og forståing av dei mest sentrale perspektiva innan fagområdet strategisk leiing. Herunder strategiske utfordringar som privatisering og konkurranseeksponering, organisasjonsendring og strategisk posisjonering. Temaet administrativ leiing og styringssystem skal skape medvit om at effektivitet er eit mangetydig og kontroversielt omgrep, og at tenesteyting skal oppfylle mange og til dels motstridande mål som stiller store og ulike krav til god leiing. Herunder krav til diagnostiske styringssystem, mål- og resultatstyring, kvalitetsstyring, læring og innovasjon. Temaet operativ leiing tek for seg sentrale funksjonar i det daglege møtet med medarbeidarar og leiar si rolle i arbeidet med personalutvikling. Herunder leiarskap og sosiale relasjonar, verdibasert leing, teambygging, coaching, sjølvleiing, konflikthandtering og medarbeidarskap.

Læringsutbytte

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket skal studenten ha følgjande læringsutbytte etter fullført emne:

Kunnskapar

Studenten skal ha

  • heilskapleg forståing av leiingsfunksjonen i organisasjonar
  • kritisk og konstruktiv forståing av korleis modellar og leiingsverktøy kan nyttast for å oppnå målretta utvikling
Ferdigheiter

Studenten skal ha praktisk og fagleg godt fundert handlingskompetanse i personalutvikling.

Generell kompetanse

Studenten skal ha evne til sjølvstendig refleksjon og læring rundt si rolle som leiar.

Praktisk organisering og arbeidsmåtar

Undervisninga er organisert i 3 vekesamlingar, tentativt med mandag som studiedag og organisert undervisning frå tirsdag til og med fredag.

  • Samling 1: Veke 37
  • Samling 2: Veke 42
  • Samling 3: Veke 47

Undervisninga er lagt opp med ein kombinasjon av forelesingar, dialog, gruppearbeid, presentasjon,drøfting i plenum og andre studentaktive undervisningsformer. Basert på erfaring har mange av studentane på emnet lang yrkeserfaring og mange ulike utdannningsbakgrunnar.  Denne ressuren blir utnytta i det pedagogiske opplegget. Det blir difor lagt vekt på praktiske øvingar med utgangspunkt i deltakarane sine eigne utfordringar, og gitt høve til drøfting av relevante problemstillingar frå deltakarane sin yrkeskontekst. På delar av samlingane vil det vere med gjesteførelesarar frå privat og offentleg sektor som tematiserer teorielement i relasjon til praktisk yrkesliv.

Det blir forventa at deltakarane driv sjølvstudium mellom samlingane og at dei leverer heimeoppgåver for kommentering. Deltakarane får tilgang til eit eige elektronisk klasserom (Canvas) der program for samlingar, førelesingar m.m. vert tilgjengeleg, og der deltakaren kan levere oppgåver for kommentar og kommunisere med læraren og med kvarandre. Vurderingsforma er lagt nær opp til arbeidsformer i praktisk leiing og personalutvikling. Studentane skal i heimeoppgåver ta utgangspunkt i praktiske problem og drøfte desse sjølvstendig og kritisk opp mot pensum for på den måten kunne forstå og forbetre situasjonen.

Vilkår for å framstille seg til eksamen

Etter kvar av dei to første samlingane (veke 37 og veke 42) skal det leverast ei oppgåve på 2000 ord (+/- 10%. eventuell innhaldsliste, referansar, m.m. kjem i tillegg). Oppgåvetekstane vert utlevert på samlingane og samstundes gjort tilgjengeleg i Canvas. Studentane kan velje mellom å skrive ei reint teoretisk oppgåve, eller bruke aktuelle teorielement til analyse og drøfting av eigen organisasjon eller arbeidssituasjon. Det blir gitt tilbod om rettleiing. Canvas vert brukt til innlevering av oppgåvene. Begge arbeidskrava må vere godkjende for å gå opp til eksamen.

Sensorordning
Minimumstal: 
15
Maksimumstal: 
50
Emneansvarleg: 
Magnar Hjertenæs
Emnet inngår i følgande studieprogram
ASH opne emne masternivå
Mastergradsstudium i helse- og sosialfag - meistring og myndiggjering
Mastergradsstudium i helse- og sosialfag - meistring og myndiggjering - deltid
Mastergradsstudium i samfunnsplanlegging og ledelse
Mastergradsstudium i samfunnsplanlegging og ledelse - deltid
VurderingsformGrupperingVarighetVarighetstypeKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
HeimeeksamenIndividuell3DagarA-F, der A er best og E er siste ståkarakter 100Digital eksamen. Oppgåveteksten blir gitt kl 09:00 fyrste eksamensdag, med innlevering kl 14:00 tredje eksamensdag.Heimeoppgåve med eit omfang på 5000 ord (+/- 10%). All tekst inkludert tabellar, figurar og referanseliste tel med. Standard framside og evt. vedlegg kjem i tillegg.
Vurderinger:
Vurderingsform:Heimeeksamen
Gruppering:Individuell
Varighet:3
Varighetstype:Dagar
Karakterskala:A-F, der A er best og E er siste ståkarakter
Andel: 100
Kommentar:Digital eksamen. Oppgåveteksten blir gitt kl 09:00 fyrste eksamensdag, med innlevering kl 14:00 tredje eksamensdag.
Hjelpemidler:
Omfang:Heimeoppgåve med eit omfang på 5000 ord (+/- 10%). All tekst inkludert tabellar, figurar og referanseliste tel med. Standard framside og evt. vedlegg kjem i tillegg.
Godkjent av: 
Odd Ragnar Hunnes 28.02.19