KUM308 Migrasjon, kjønn og religion

Emnekode: 
KUM308
Varighet: 
1 semester
Studiepoeng: 
15
Studienivå: 
Master
Undervisningssemester: 
2019 Vår
Rapporteringsprogram: 
Mastergradsstudium i kulturmøte
Eksamenssemester: 
2019 Vår
Krav til forkunnskapar

Ingen for studentar på mastergraden i Kulturmøte.Studentar frå andre mastergrader ved HVO, kan søkje om opptak dersom dei har fordjuping i historie eller religion eller tilsvarande bakgrunn innan humanistiske eller samfunnsvitskaplege fag med minimum 80 studiepoeng, derav 20 stp fordjuping i det same faget.

Om emnet

Menneske har alltid vore på flyttefot, av tvang, av naud eller av fri vilje, på leiting etter mat, tryggleik eller arbeid. Migrasjon er knytt til oppbrot, men fører òg til nye møte mellom menneske og kulturar. I dette emnet studerer vi migrasjon over landegrenser i historie og samtid.
Kjønn og religion er to faktorar som kan ha mykje å seie i migrasjonssituasjonen. Grunnane til og vilkåra for migrasjon kan vere ulike for kvinner og menn. Religion kan vere ei hjelp, men òg ei hindring i dei kulturmøta som oppstår.
Emnet har tre delemne:

  1. Migrasjon som forskingsfelt. Nyare europeisk arbeidsmigrasjon
    Delemnet gir ei innføring i migrasjonsforsking som tverrfagleg forskingsfelt og døme på teoretiske og metodiske innfallsvinklar, med særleg vekt på kva rolle kjønn og religion kan spele i migrasjonssituasjonen. Omgrep som «integrering» og «transnasjonalitet» vil bli belyst ved hjelp av kasus frå forsking på nyare europeisk arbeidsmigrasjon.

  2. Norsk migrasjon til Nord-Amerika 1860-1940
    Delemnet drøfter norsk migrasjon til Nord-Amerika og vil ha fokus på kjønn, religion og arbeid i spesifikke norsk-amerikanske immigrasjonssamfunn. Omgrep som «komplementær identitet», «hybride immigrantkulturar», «integrering» og «transnajonale nettverk» vil bli diskutert i forhold til empirisk materiale.

  3. Tvungen migrasjon. Flyktningar i Europa og Midt-Austen
    Delemnet tar opp dei store flyktningkrisene etter dei to verdskrigane i Europa og set fokus på armenske, palestinske og syriske flyktningar i Midt-Austen. Ein ser på framveksten av eit internasjonalt humanitært regime frå om lag 1900 til i dag og drøftar kva rolle terminologi, definisjonar og internasjonale avtaler speler for rettstilstanden til tvungne migrantar.

Læringsutbytte

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket skal studenten ha følgjande læringsutbytte etter fullført emne:

Kunnskapar

Studenten skal ha

  • inngåande kunnskap om teoriar og metodar innan historisk og samfunnsvitskapleg migrasjonsforsking

  • avansert kunnskap om kva kjønn og religion kan ha å seie i migrasjonssituasjonen

  • spesialisert innsikt i utvalde døme på ulike typar migrasjon i historie og samtid

Ferdigheiter

Studenten skal kunne

  • vurdere kritisk eksisterande teoriar og empiriske arbeid innan migrasjonsforsking

  • nytte relevante teoriar, metodar og kjelder til eige fagleg arbeid på feltet

Generell kompetanse

Studenten skal kunne

  • analysere relevante fag-, yrkes- og forskingsetiske problemstillingar

  • nytte kunnskapane og ferdigheitene i avanserte arbeidsoppgåver og prosjekt knytt til migrasjonsforsking eller praktisk arbeid retta mot migrantar

  • kommunisere om eige og andre sitt arbeid på fagområdet i undervisning og formidling

Praktisk organisering og arbeidsmåtar

På emnet vil ein nytta varierte undervisnings- og arbeidsformer – seminar og førelesning, i tillegg til prosessorientert skriving.

Vilkår for å framstille seg til eksamen

Følgjande sjølvstendige og individuelle arbeidskrav skal gjennomførast:

Frammøtekrav:

  • Delta på ein obligatorisk seminardag og leggje fram eit emne frå pensumlitteraturen

Arbeidskrav:

  • Skrive ei prosessoppgåve i samsvar med nærare oppsette formkrav og framdriftsplan. Ei prosessoppgåve skal ha eit omfang av ca 4000 ord med 1,5 i lineavstand og 12 pkt. skrift.

  • Skrive kortare kommentarar (responsar) til prosessoppgåver frå eit antal medstudentar. Ein kommentar skal ha eit omfang av 400-600 ord med 1,5 i lineavstand og 12 pkt. skrift.

Arbeidskrava blir vurderte til godkjent/ikkje godkjent. Ein student som får "ikkje godkjent" på eitt eller fleire av arbeidskrava, får høve til å forbetre elementet til godkjent nivå same semester.

Prosessoppgåva (sjå 1. punkt over) skal bearbeidast til eksamensoppgåve etter kommentarar frå medstudentar og faglærar. Den skal leverast som eksamensoppgåve, i same semester som arbeidet er utført. Sjå under "Vurderinger". Eksamensoppgåva skal ha same omfang som prosessoppgåva.

 

Evaluering og kvalitetssikring

Emnet vert evaluert i samsvar med HVO sitt kvalitetssikringssystem.

 

Minimumstal: 
5
Maksimumstal: 
30
Emneansvarleg: 
Inger Marie Okkenhaug
Emnet inngår i følgande studieprogram
Mastergradsstudium i kulturmøte
Mastergradsstudium i kulturmøte, deltid
Mastergradsstudium i samfunnsplanlegging og ledelse
Mastergradsstudium i samfunnsplanlegging og ledelse - deltid
VurderingsformGrupperingVarighetVarighetstypeKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
OppgaveIndividuell1semesterA-F, der A er best og E er siste ståkarakterDet blir gitt ein førebels karakter på oppgåva.Ca 4000 ord med 1,5 i lineavstand og 12 pkt. skrift
Munnleg justerande eksamenIndividuell1timarA-F, der A er best og E er siste ståkarakter100Munnleg eksamen justerer og fastset den endelege karakteren. Ingen
Vurderinger:
Vurderingsform:Oppgave
Gruppering:Individuell
Varighet:1
Varighetstype:semester
Karakterskala:A-F, der A er best og E er siste ståkarakter
Andel:
Kommentar:Det blir gitt ein førebels karakter på oppgåva.
Hjelpemidler:
Omfang:Ca 4000 ord med 1,5 i lineavstand og 12 pkt. skrift
Vurderingsform:Munnleg justerande eksamen
Gruppering:Individuell
Varighet:1
Varighetstype:timar
Karakterskala:A-F, der A er best og E er siste ståkarakter
Andel:100
Kommentar:Munnleg eksamen justerer og fastset den endelege karakteren.
Hjelpemidler: Ingen
Omfang:
Godkjent av: 
Odd Ragnar Hunnes 14.02.18