ENG203 Litteratur og film

Emnekode: 
ENG203
Varighet: 
1 semester
Studiepoeng: 
15
Studienivå: 
Bachelor (fordjupingsnivå)
Undervisningssemester: 
2019 Vår
Emnenavn på engelsk: 
Litteratur og film
Emnenavn på bokmål: 
Adaptasjon og oversetting
Eksamenssemester: 
2019 Vår
Undervisningsspråk: 
Engelsk
Krav til forkunnskapar

60 studiepoeng i engelsk (årsstudium eller tilsvarande)

Om emnet

Emnet utforskar ulike former for adaptasjonar, og i hovudsak adaptasjon frå litteratur til film. Emnet samanliknar originale litterære verk med respektive filmadaptasjonar, men kan også ta føre seg spesielle hendingar, myter eller historier og sjå på korleis og kvifor desse blir framstilt ulikt i dei to media. Studenten vil slik få ei forståing av korleis og kvifor filmadaptasjonar skil seg frå litterære tekstar. Ein vil ta for seg tekstar og filmar frå ulike historiske periodar og frå ulike delar av den engelskspråklege verda; ein vil slik kunne demonstrere at dei to media ikkje berre er definert av særeigne artistiske virkemiddel, men at dei også er påverka av historiske, sosiale og kulturelle faktorar.

Læringsutbytte

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:

 

Kunnskapar

Etter fullført emne har studenten kunnskap om:

  • grunnleggande karaktertrekk ved litteratur og film – kva som kjenneteiknar desse formene
  • grunnleggande adaptasjonsteori – likskapar og ulikskapar mellom litterære og filmatiske former
  • litterære tekstar og filmadaptasjonar i ein historisk, sosial og kulturell kontekst
  • korleis å skrive lengre akademiske tekstar på engelsk
Ferdigheiter

Etter fullført emne kan studenten:

  • analysere struktur og artistiske verkemiddel i eit utval litterære verk og filmadaptasjonar
  • gjere greie for og nytte adaptasjonsteori
  • forstå korleis og kvifor filmadaptasjonar skil seg frå sine respektive litterære kjelder

 

Generell kompetanse

Etter fullført emne kan studenten:

  • bruke litterær og filmatisk fagterminologi for å drøfte forholdet mellom litteratur og film
  • skrive og snakke om litteratur og film på ein overtydande og effektiv måte på akademisk engelsk
Praktisk organisering og arbeidsmåtar

Undervisinga vert gitt i form av forelesingar, diskusjonar og individuell rettleiing. 

Vilkår for å framstille seg til eksamen

Kvar student skal gje ein kort munnleg presentasjon individuelt eller i grupper. Kvar student skal også levere inn eit førsteutkast til den individuelle skriftlege oppgåva (sjå vurdering og eksamen). Tema for oppgåva blir vald i samråd med faglærar, og må godkjennast av denne. Kvar student har rett til eitt individuelt rettleiingsmøte med rettleiar, i tillegg til tilbakemelding på førsteutkastet. Begge oppgåvene må leverast innan ein frist som vert kunngjort ved semesterstart. Begge krava må vere godkjende for at studenten skal få gå opp til eksamen.

Sensorordning

Sensur blir gjennomført i samsvar med Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda.

Evaluering og kvalitetssikring

Emnet vert evaluert i samsvar med HVO sitt kvalitetssikringssystem.

Maksimumstal: 
30
Emneansvarleg: 
Svenn-Arve Myklebost
Marie Nedregotten Sørbø
Emnet inngår i følgande studieprogram
  • Engelsk - fordjupingsstudium
  • Språk og litteratur - bachelor
VurderingsformGrupperingVarighetKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
Oppgave
Individuell
1 semester
A-F, der A er best og E er siste ståkarakter
4000-5000 ord
Munnleg justerande eksamen
Individuell
45 minutt
A-F, der A er best og E er siste ståkarakter
100
Godkjent av: 
Svenn-Arve Myklebost