INF213 PR og kommunikasjon 5: Bacheloroppgåve og ekstern praksis

Varighet: 
1 semester
Emnekode: 
INF213
Studiepoeng: 
30
Studienivå: 
Bachelor (fordjupingsnivå)
Undervisningssemester: 
2021 Vår
Rapporteringsprogram: 
Bachelorstudium i PR, kommunikasjon og media
Eksamenssemester: 
2021 Vår
Undervisningsspråk: 
Norsk
Forkunnskapskrav, emneliste
INF211 PR og kommunikasjon 3: Samfunnskommunikasjon og CSR
Om emnet

Gjennom dette emnet skal studenten få førstehands kjennskap til yrkesrolla gjennom utplassering i ekstern praksis. Det vil også bli lagt vekt på meir generell profesjonskunnskap og refleksjon rundt utvalde case. I den avsluttande bacheloroppgåva skal studenten vise metodisk og teoretisk refleksjon og bruke innsikt og erfaring som er tileigna i løpet av heile bachelorstudiet.

Læringsutbytte

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket skal studenten ha følgjande læringsutbytte etter fullført emne:

Kunnskapar

Kandidaten skal

  • ha god kunnskap om informasjon- og kommunikasjonsarbeid som profesjon
  • ha kunnskap om aktuelt regelverk knytt til ulike yrkesroller innan kommunikasjon
  • ha kunnskap om reiskapar for å evaluere kommunikasjonstiltak, og kunne vurdere kva typar metode som er aktuell i ulike samanhengar
  • kjenne til krav til og malar for ei avsluttande bacheloroppgåve i faget
Ferdigheiter

Kandidaten skal kunne

  • bidra konstruktivt i praktisk kommunikasjonsarbeid i eit profesjonelt kommunikasjonsmiljø
  • vere med på på å planlegge og gjennomføre kommunikasjonstiltak under rettleiing i ein organisasjon 
  • skrive ei større akademisk oppgåve (bacheloroppgåve)
Generell kompetanse

Studentan skal

  • kunne bruke kunnskapar og ferdigheiter på ein sjølvstendig måte i ulike situasjonar gjennom å vise samarbeidsevne, ansvarskjensle, evne til refleksjon og kritisk tenking i utdannings- og yrkessamanheng
Praktisk organisering og arbeidsmåtar

Undervisninga vil foregå som forelesingar, seminarundervisning og individuell rettleiing. Semesteret er delt i tre: Den første tredjedelen vert det gjeve undervisning i fellesemna. I den andre tredjedelen gjennomfører studentane ei praksisperiode som i regelen er knytt til ein ekstern organisasjon. Den siste tredjedelen er avsett til praksisoppsummering og individuelt arbeid med den avsluttande bacheloroppgåva.

Vilkår for å framstille seg til eksamen
  1. Deltaking på obligatorisk undervising
  2. Godkjent skisse til avsluttande individuell bacheloroppgåve
  3. Praksisrapport (2000 ord)
  4. Munnleg presentasjon av erfaringane frå praksis for faglærar og andre studentar ved bachelorprogrammet
  5. Gjennomføre obligatorisk emneevaluering ved slutten av semesteret

Innleveringsfristar og retningslinjer for utforming av og innhald i arbeidskrava vert gitt i arbeidsplanen.

Sensorordning
Minimumstal: 
15
Maksimumstal: 
40
Emneansvarleg: 
Jan Arne Halvorsen
VurderingsformGrupperingVarighetVarighetstypeKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
BacheloroppgåveIndividuell-A-F, der A er best og E er siste ståkarakterOmfang på oppgåva skal ikkje overskride 8500 ord.
Munnleg justerande eksamenIndividuell-A-F, der A er best og E er siste ståkarakter100
Vurderinger:
Vurderingsform:Bacheloroppgåve
Gruppering:Individuell
Varighet:
Varighetstype:-
Karakterskala:A-F, der A er best og E er siste ståkarakter
Andel:
Kommentar:
Hjelpemidler:
Omfang:Omfang på oppgåva skal ikkje overskride 8500 ord.
Vurderingsform:Munnleg justerande eksamen
Gruppering:Individuell
Varighet:
Varighetstype:-
Karakterskala:A-F, der A er best og E er siste ståkarakter
Andel:100
Kommentar:
Hjelpemidler:
Omfang:
Godkjent av: 
Odd Ragnar Hunnes 07.03.20