JOU101 Journalistikk 1

Varighet: 
1 semester
Emnekode: 
JOU101
Studiepoeng: 
15
Studienivå: 
Bachelor (grunnivå)
Undervisningssemester: 
2020 Haust
Rapporteringsprogram: 
Journalistikk, spesialisering tv/radio
Eksamenssemester: 
2020 Haust
Undervisningsspråk: 
Norsk
Krav til forkunnskapar

Ingen

Om emnet

Målet med emnet er å gi ei grunnleggande innføring i journalistisk metode, nyheitsforståing, kjeldekunnskap og presseetikk. Viktige element i emnet er journalistisk metode, presseetikk og offentlegprinsippet. Det vert også lagt vekt på språk og formidlingsteknikk.

Læringsutbytte

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:

Kunnskapar

Studenten skal

  • ha kjennskap til journalistiske metodar som intervju, observasjon og bruk av skriftlege kjelder
  • ha kunnskap om det presseetiske regelverket, og har grunnleggande kunnskap om offentleglova og reglar for innsyn
  • ha kjennskap til nyheits- og reportasjesjangeren
  • ha innsikt i journalistisk stoff- og nyheitsvurdering
  • ha kjennskap til journalistrolla og det journalistiske oppdraget
  • ha kjennskap til kjeldearbeid
Ferdigheiter

Studenten skal

  • kunne produsere nyheitssaker og meistre grunnleggande intervjuteknikk
  • kunne finne, vurdere og bruke ulike typer kjelder
  • kunne bruke offentleglova til å finne og bruke journalistisk kjeldemateriale
  • meistre nyheitsformidling og – språk på eit grunnleggande nivå (nyheitsproduksjon)
Generell kompetanse

Studenten skal 

  • ha grunnleggande forståing av journalistrolla og av pressa sitt samfunnsansvar og arbeidsmåtar
  • kunne forhalde seg til undervising på høgskulenivå og ta ansvar for eiga læring
Praktisk organisering og arbeidsmåtar

Emnet strekkjer seg over eitt (1) semester og er samansett av førelesingar, seminar og workshop. I undervisinga vert journalistisk teori, analyse og praksis integrert. Det blir lagt vekt på deltaking frå studentane si side. Det blir gitt fleire obligatoriske oppgåver, både i gruppe og individuelt.

Vilkår for å framstille seg til eksamen

Studentane skal i løpet av emnet levere 5 obligatoriske oppgåver. Rammer og krav for oppgåvene vert gitt i starten av semesteret. Alle arbeidskrav skal leverast til fristar som er fastsett i undervisningsplanen. Frammøte og deltaking på oppgåvegjennomgang i grupper er obligatorisk, og deltaking på skriveverkstad er obligatorisk. Arbeidskrava blir vurdert til godkjent/ikkje godkjent. 

Sensorordning
Minimumstal: 
30
Maksimumstal: 
130
Emneansvarleg: 
Svein Brurås
Emnet inngår i følgande studieprogram
Bachelorstudium i PR, kommunikasjon og media
Journalistikk, spesialisering avis/nett
Journalistikk, spesialisering tv/radio
VurderingsformGrupperingVarighetVarighetstypeKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
Skriftleg eksamenIndividuell 6timarA-F, der A er best og E er siste ståkarakter100Digital eksamen. Ingen
Vurderinger:
Vurderingsform:Skriftleg eksamen
Gruppering:Individuell
Varighet: 6
Varighetstype:timar
Karakterskala:A-F, der A er best og E er siste ståkarakter
Andel:100
Kommentar:Digital eksamen.
Hjelpemidler: Ingen
Omfang:
Godkjent av: 
Odd Ragnar Hunnes 07.03.20