INF122 PR og kommunikasjon 2: Kommunikasjonsteori

Varighet: 
1 semester
Emnekode: 
INF122
Studiepoeng: 
10
Studienivå: 
Bachelor (grunnivå)
Rapporteringsprogram: 
Bachelorstudium i PR, kommunikasjon og media
Undervisningssemester: 
2021 Vår
Eksamenssemester: 
2021 Vår
Undervisningsspråk: 
Norsk
Krav til forkunnskapar

Ingen

Om emnet

Emnet PR og kommunikasjon 2 bygger på innføringskurset i INF131, og omfattar både teoriundervisning og praktiske øvingar. Teoridelen skal først og fremst gi innsikt i kommunikasjonsfaget, strategisk kommunikasjon, planlegging, leiing, gjennomføring og evaluering av konkrete kommunikasjonstiltak. 

Dei viktigaste teoriemna vert utdjupa gjennom ein lengre periode med prosjektarbeid og undervisning i praktisk kommunikasjonsarbeid.

Ein stor del av dei praktiske øvingane i emnet tek utgangspunkt i ulike typar digitale medium og sosiale medium. Det blir også gitt tilbod om ein fagleg ekskursjon med besøk til aktuelle PR- og kommunikasjonsmiljø. 

Læringsutbytte

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket skal studenten ha følgjande læringsutbytte etter fullført emne:

Kunnskapar

Studenten skal ha:

  • kunnskap om modellar om prosjektarbeid
  • grunnleggande kunnskap om nettet som kanal for kommunikasjonsarbeid, inkludert kjennskap til normer, ideal og digitale kommunikasjonsformer 
  • kunnskap om korleis sosiale medium og nye digitale kanalar kan nyttast i kommunikasjonsarbeid
  • grunnleggande oversikt over omgrep innan kommunikasjonsfaget, strategisk kommunikasjon, målgruppeanalyse, planlegging, leiing, gjennomføring og evaluering av konkrete kommunikasjonstiltak
Ferdigheiter

Studenten skal kunne

  • leie, planlegge, gjennomføre og presentere eit mindre kommunikasjonsprosjekt forankra i relevant teori
  • publisere på nett i ulike sjangrar
  • evaluere nettsider og planlegge aktuell bruk av nettbaserte kommunikasjonskanalar i kommunikasjonsarbeidarbeid
Generell kompetanse

Studenten skal kunne

  • organisere, delta i og leie ei prosjektgruppe
  • nytte ulike verkty for å utvikle idéar, analysere/nytte design og for å visualisere kreative konsept
Praktisk organisering og arbeidsmåtar

Førelesingar, gruppearbeid, prosjektarbeid, skriftlige og praktiske oppgåver. Det er obligatorisk deltaking under gjesteførelesingar og i praktiske øvingar, og studentane må rekne med obligatorisk oppmøte på andre deler av emnet.

 

Vilkår for å framstille seg til eksamen
  1. Godkjend deltaking og gjennomføring av dei praktiske delane av emnet
  2. Praktiske oppgåver frå Adobe-opplæring, foto/videokurs, skrivekurs og ev. oppdrag frå interne eller eksterne oppdrag skal vere dokumenterte i mappe i form av sluttrapport og eventuelt logg
  3. Gjennomføre obligatorisk emneevaluering ved slutten av semesteret
Sensorordning
Minimumstal: 
10
Maksimumstal: 
30
Emneansvarleg: 
Kristian Fuglseth
Emnet inngår i følgande studieprogram
Bachelorstudium i PR, kommunikasjon og media
VurderingsformGrupperingVarighetVarighetstypeKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
HeimeeksamenIndividuell4DagarA-F, der A er best og E er siste ståkarakterDigital eksamen. Med utlegg av oppgåve kl. 10:00 og innlevering kl. 10:00.Omfang 3000 ord (ekskl. tittelblad, innholdsfortegnelse, litteraturliste og eventuelle vedlegg).
Vurderinger:
Vurderingsform:Heimeeksamen
Gruppering:Individuell
Varighet:4
Varighetstype:Dagar
Karakterskala:A-F, der A er best og E er siste ståkarakter
Andel:
Kommentar:Digital eksamen. Med utlegg av oppgåve kl. 10:00 og innlevering kl. 10:00.
Hjelpemidler:
Omfang:Omfang 3000 ord (ekskl. tittelblad, innholdsfortegnelse, litteraturliste og eventuelle vedlegg).
Godkjent av: 
Odd Ragnar Hunnes 07.03.20