INF131 PR og kommunikasjon 1: Innføring med praktiske øvingar

Emnekode: 
INF131
Varighet: 
1 semester
Studiepoeng: 
15
Studienivå: 
Bachelor (grunnivå)
Undervisningssemester: 
2020 Haust
Emnenavn på engelsk: 
Public Relations and Communication 1: Introduction with Practical Exercises
Emnenavn på bokmål: 
PR og kommunikasjon 1: Innføring med praktiske øvelser
Eksamenssemester: 
2020 Haust
Undervisningsspråk: 
Norsk
Krav til forkunnskapar

Ingen. 

Om emnet

Innføringsemnet PR og kommunikasjon 1 er sett saman av ein teoridel med praktiske øvingar gjennom heile semesteret. Teoridelen gir ei innføring i grunnleggande kommunikasjonsteori og ein introduksjon til PR og strategisk kommunikasjon. Målet er å vise korleis dei ulike teoretiske perspektiva aukar vår forståing av kommunikasjonsflyten både innanfor den profesjonelle organisasjonen og mellom organisasjonen og samfunnet elles.

I dei praktiske øvingane får studentane arbeide med program frå Adobe Creative Cloud, sosiale medium, tekst, foto, video, m.m.

Læringsutbytte

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket skal studenten ha følgjande læringsutbytte etter fullført emne:

Kunnskapar

Kandidaten skal

  • etter fullført emne ha grunnleggande kunnskap om dei teoretiske perspektiva som ligg til grunn for vår forståing av omgrepa PR og kommunikasjon
  • ha kunnskap om korleis profesjonelle organisasjonar kommuniserer både internt og eksternt
Ferdigheiter

Kandidaten skal

  • kunne reflektere kritisk rundt dei ulike teoretiske perspektiva
  • ha oversikt over dei vanlegaste verktya i Adobe
  • ha grunnleggande skriveferdigheiter knytt til aktuelle tekstsjangrar det er gjeve undervising i
Generell kompetanse

Kandidaten skal:

  • ha oversikt i grunnleggande kommunikasjonsteori, PR, strategisk kommunikasjon
  • kunne nytte desse i praktiske kommunikasjonstiltak
Praktisk organisering og arbeidsmåtar

Førelesingar, gruppearbeid og praktisk prosjektarbeid. Det er obligatorisk deltaking i alle prosjektøvingar og gjesteførelesingar. Deltaking på førelesingar er i tråd med Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda § 4-6 

Vilkår for å framstille seg til eksamen
  1. Godkjend deltaking og gjennomføring av dei praktiske delane av emnet
  2. Praktiske oppgåver frå Adobe-opplæring, foto/videokurs, skrivekurs og eventuelle oppdrag frå interne eller eksterne oppdrag skal vere dokumenterte i mappe i form av sluttrapport og eventuelt logg
  3. Gjennomføre obligatorisk emneevaluering ved slutten av semesteret
Sensorordning
Minimumstal: 
10
Maksimumstal: 
30
Emneansvarleg: 
Burcu Peksevgen
Emnet inngår i følgande studieprogram
  • PR, kommunikasjon og media - bachelor
VurderingsformGrupperingVarighetKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
Heimeeksamen
Individuell
4 Dagar
A-F, der A er best og E er siste ståkarakter
Digital eksamen. Med utlegg av oppgåve kl. 10:00 og innlevering kl. 10:00.
Omfang av innlevert hjemmeeksamen er ca 3000 ord (eksl. tittelblad, innholdsfortegnelse, litteraturliste og eventuelle vedlegg).
Godkjent av: 
Odd Ragnar Hunnes 07.03.20