INF211 PR og kommunikasjon 3: Samfunnskommunikasjon og CSR

Varighet: 
1 semester
Emnekode: 
INF211
Studiepoeng: 
15
Studienivå: 
Bachelor (fordjupingsnivå)
Rapporteringsprogram: 
Bachelorstudium i PR, kommunikasjon og media
Undervisningssemester: 
2019 Haust
Eksamenssemester: 
2019 Haust
Undervisningsspråk: 
Norsk
Forkunnskapskrav, emneliste
INF131 PR og kommunikasjon 1: Innføring med praktiske øvingar
Krav til forkunnskapar

For studentar på bachelor i journalistikk tv/radio og avis/nett gjeld følgjande krav til forkunnskap: SAJ101 etter individuell godkjenning.

Om emnet

Kurset tek sikte på å gi ei brei forståing og grunngjeving av omgrepet samfunnsansvar (Corporate Social Responsibility, CSR). Utgangspunktet er dei kommunikasjonsutfordringane statlege institusjonar og private verksemder møter når borgarar og kundegrupper stiller krav til samfunnsansvar på felt som gjeld miljø, menneskerettar og sosiale tilhøve. I ein global og kulturelt pluralistisk marknad vil konfliktar med utgangspunkt i slike spørsmål bli meir vanlege. Problemstillingar knytt til omdømme vil og bli behandla.

Læringsutbytte

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:

Kunnskapar

Kandidaten

  • har grunnleggande innsikt i samanhengen mellom kommunikasjon i samfunnet og dei normative prinsipp og krav som ligg i ideen om ei demokratisk samfunnskontrakt
  • har kunnskap om konklusjonane frå det omfattande maktutgreiingsprosjektet i Noreg
  • har kunnskap om teoriar innan kommunikasjon og samfunn knytt til felt som retorikk, påverkningsteori, makt og deliberativ demokratisk teori
  • har innsikt i problemstillingar knytt til organisasjonar og verksemder sin identitet og omdømme
Ferdigheiter

Kandidaten

  • kan sjå korleis teoriar om samfunnsansvar kan koplast til praktisk kommunikasjonsarbeid
  • kan planlegge og gjennomføre ein munnleg presentasjon med utgangspunkt i pensum og legge fram denne for ei forsamling
  • kan delta i faglege diskusjonar knytt til kunnskapsmåla for emnet
  • kan bruke aktuelle eksempel til å belyse teoretiske poeng
Generell kompetanse

Kandidaten har oversikt over akademiske sider ved samfunnsansvar (CSR) og skal kunne nytte dette som grunnlaget i kommunikasjonsarbeid.

Praktisk organisering og arbeidsmåtar

Undervising i seminargruppe, organisert kollokviearbeid og munnleg presentasjon. Obligatorisk deltaking i framføring og opponering i pensumpresentasjonar.

Vilkår for å framstille seg til eksamen

Arbeidskrav: Ein pensumpresentasjon og opposisjon. Innleveringsfristar og retningslinjer for utforming av og innhald i arbeidskrava vert gitt i arbeidsplanen.

Sensorordning
Minimumstal: 
15
Maksimumstal: 
30
Emneansvarleg: 
Jan Arne Halvorsen
VurderingsformGrupperingVarighetVarighetstypeKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
Skriftleg eksamenIndividuell6timarA-F, der A er best og E er siste ståkarakter100% Digital eksamen
Vurderinger:
Vurderingsform:Skriftleg eksamen
Gruppering:Individuell
Varighet:6
Varighetstype:timar
Karakterskala:A-F, der A er best og E er siste ståkarakter
Andel:100%
Kommentar: Digital eksamen
Hjelpemidler:
Omfang: