IKF105 Ernæring og fysisk aktivitet

Emnekode: 
IKF105
Varighet: 
1 semester
Studiepoeng: 
15
Studienivå: 
Bachelor (grunnivå)
Rapporteringsprogram: 
Bachelorstudium i idrett og kroppsøving
Undervisningssemester: 
2019 Haust
Eksamenssemester: 
2019 Haust
Undervisningsspråk: 
Norsk
Krav til forkunnskapar

Ingen. 

Om emnet

Fysisk aktivitet og ernæring er sentralt i både idrett, daglegliv og i arbeid for å fremje folkehelse. Ved fullføring av emnet skal studenten kunne rettleie  innan kosthald og ernæring i forhold til fysisk aktivitet, idrettsprestasjon, helse og vekt, samt trivsel knytt til mat. Studentane skal gjennom emnet tileigne seg teoretisk og praktisk kunnskap. Emnet gir ei grunnleggande innføring i kosthald og praktisk rettleiing av personar med ulike mål.

Dette er eit obligatorisk emne i bahelor idrett og kroppsøving. Emnet kan også takast som eit frittståande studium. 

Innhald

  • Funksjon, omsetning, behov og utnytting av karbohydrat, protein og fett, behov og utnytting av ulike vitamina og minerala
  • Nasjonale anbefalingar for inntak av dei ulike næringsstoffa og kosttilskot
  • Diettar
  • Kosthaldsinformasjon

 

Læringsutbytte

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:

Kunnskapar

Studenten skal kunne

  • gjere greie for og vurdere matvarer sitt innhald av næringsstoff
  • gjere greie for bakgrunn og innhald i dei nasjonale kostanbefalingane
  • gjere greie for kosthald/næring og væskeinntak knytt til fysisk aktivitet og trening
  • gjere greie for ulike diettar og kunne vurdere disse
  • kunne planlegge og vurdere kosthald knytt til fysisk aktivitet og trening i ulike grupper av befolkninga.
Ferdigheiter

Studenten kan

  • registrere, berekne og vurdere næringsinnhaldet i ulike måltid
  • sette opp kosthaldsplan og gi praktisk rettleiing for personar med ulike mål og føresetninader.
Generell kompetanse

Studenten:

  • kan sjølvstendig analysere, vurdere og planlegge kosthald for ulike individ knytt til fysisk aktivitet, idrettsprestasjon og god helse.

 

Praktisk organisering og arbeidsmåtar

Canvas er læringsplattforma. Emnet er eit nettstudium. Emnet har både teoretisk og praktisk tilnærming til fagområda. Det blir gitt innspelt undervisning til kvar modul i Canvas. Studiet er organisert i tre modular, med eitt individuelt arbeidskrav knytt til kvar modul. Modulane må vere godkjende før ein kan gå vidare til neste modul.  

Modul 1: Grunnleggande ernæringslære

Modul 2: Helse og ernæring

Modul 3: Idrett og ernæring

Vilkår for å framstille seg til eksamen

Arbeidskrav: 

Følgjande arbeidskrav skal gjennomførast:

  • Modul 1: Fleirsvarsoppgåve i Canvas
  • Modul 2: Lage individuelt eit 5 min. fagleg innlegg i knytt til tema i pensum. innlegget skal filmast og leverast i Canvas.
  • Modul 3: Studenten skal levere ei skriftleg oppgåve i Canvas med tema knytt til pensum (omlag 1500 ord).  

 

Maksimumstal: 
100
Emneansvarleg: 
Kjetil Laurits Høydal
Emnet inngår i følgande studieprogram
Bachelorstudium i idrett og kroppsøving
VurderingsformGrupperingVarighetVarighetstypeKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
HeimeeksamenIndividuell24timarA-F, der A er best og E er siste ståkarakter100%Alle2500 ord
Vurderinger:
Vurderingsform:Heimeeksamen
Gruppering:Individuell
Varighet:24
Varighetstype:timar
Karakterskala:A-F, der A er best og E er siste ståkarakter
Andel:100%
Kommentar:
Hjelpemidler:Alle
Omfang:2500 ord
Godkjent av: 
Aud Folkestad