IKF201 Prestasjonsutvikling

Varighet: 
1 semester
Emnekode: 
IKF201
Studiepoeng: 
15
Studienivå: 
Bachelor (fordjupingsnivå)
Rapporteringsprogram: 
Bachelorstudium i idrett og kroppsøving
Undervisningssemester: 
2019 Haust
Eksamenssemester: 
2019 Haust
Undervisningsspråk: 
Norsk
Krav til forkunnskapar

Idrett og kroppsøving årsstudium eller tilsvarande

Om emnet

Ved fullføring av emnet skal studenten kunne drive opplæring innan prestasjonsutvikling med vekt på tilrettelegging for trening av fysisk kapasitet og bevegelse for individ på ulike nivå. Studentane skal gjennom emnet tileigne seg teoretisk og praktisk kompetanse innan utvikling av prestasjon. Det vert tett kopling mellom teori og praksis.

Kurs 1. Treningslære - Analyse av arbeidskrav og kapasitet innan individuell idrett og lagidrett. - Testing av fysisk kapasitet.- Fysiologiske tilpassingar ved trening for prestasjonsutvikling i idrett.

Kurs 2. Bevegelseslære - Teoretisk og praktisk innføring i teknikk og bevegelsesanalyse i utvalde idrettar.

Kurs 3. Volleyball. Volleyball vert nytta som eksempelidrett knytt til bevegelseslære og dels i treningslære. Kurset har fokus på trenarrolla/lærarrolla med vekt på teknisk analyse, tilbakemelding og progresjon og utvikling av teknikk og spel.   

Læringsutbytte

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:

Kunnskapar

Studenten:

• har kunnskap til å planlegge og gjennomføre trening med fokus på utvikling av prestasjon

• har kunnskap om arbeidskrav og kapasitetsanalyse innan utvalde idrettar

• har kunnskap om metodar for testing av fysisk kapasitet

• har kunnskap til å analysere bevegelsar med fokus på funksjonell teknikk

Ferdigheiter

Studenten:

• kan planlegge og gjennomføre trening med fokus på utvikling av prestasjon

• kan utarbeide arbeidskrav og kapasitetsanalyse innan utvalde idrettar

• kan metodar for testing av fysisk kapasitet

• kan analysere bevegelsar og rettleie med fokus på funksjonell teknikk

Generell kompetanse

Studenten:

• kan sjølvstendig analysere rørsler og fysisk kapasitet, vurdere, planlegge og gjennomføre trening med tanke på betring av prestasjon

• har evne til refleksjon og kritisk tenking med tanke på tilpassing til ulike nivå og individ

Praktisk organisering og arbeidsmåtar

Studiet har både teoretisk og praktisk tilnærming til fagområda. Innanfor prestasjonsutvikling vil både lagidrettar og individuelle idrettar ha fokus, og studentane skal jobbe sjølvstendig og kritisk til idrettsfaglege problemstillingar. Studiearbeidet vil veksle mellom forelesing / plenumsdrøftingar, seminar, individuelt arbeid, gruppearbeid, praktiske prosjekt, praktiske økter i sal, treningsrom og testlab. Undervisninga baserer seg på studentaktive arbeidsmåtar som krev eigenstudie, deltaking og medansvar. Canvas vert nytta for kommunikasjon med studentane. Gjennom undervisninga vil studentane få eit bevisst forhold til bruk av IKT. Informasjonsteknologi vil vere eit reiskap i samband med informasjonssøking, arrangement, testing, studentpresentasjonar og undervisning i faget.

Vilkår for å framstille seg til eksamen

Frammøtekrav:

Godkjent obligatorisk frammøte/deltaking i tråd med forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda, §4-6. Semesterplanen gjev nærare informasjon om obligatoriske delar i studiet. 

 

Arbeidskrav:

Eit skriftleg laboratoriearbeid i grupper på 2-3 studentar. Omfang ca 1500 ord.

Ei gruppevis (2 pr. gruppe) analyseoppgåve i bevegelseslære med skriftleg og munnleg del, der den skriftlege og den munnlege delen tel like mykje. Omfang er om lag 2000 ord for den skriftlege analysa og ein 30 minutt munnleg presentasjon for resten av klassa knytt til metode og funn. Vi arbeider i prosess og nyttar både eigenutvikla observasjonsskjema, video og videoanalyseprogram for å framstille ei grundig analyse av ein sjølvvald teknikk.

 

Maksimumstal: 
25
Emneansvarleg: 
Kjetil Laurits Høydal
Materialavgift

200,-

Emnet inngår i følgande studieprogram
Bachelorstudium i idrett og kroppsøving
VurderingsformGrupperingVarighetVarighetstypeKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
OppgaveIndividuell1semesterA-F, der A er best og E er siste ståkarakter100%Alle tilgjengelige3500-4000 ord
Vurderinger:
Vurderingsform:Oppgave
Gruppering:Individuell
Varighet:1
Varighetstype:semester
Karakterskala:A-F, der A er best og E er siste ståkarakter
Andel:100%
Kommentar:
Hjelpemidler:Alle tilgjengelige
Omfang:3500-4000 ord
Godkjent av: 
Aud Folkestad