EXP100 Examen philosophicum

Emnekode: 
EXP100
Varighet: 
1 semester
Studiepoeng: 
10
Studienivå: 
Bachelor (grunnivå)
Rapporteringsprogram: 
Bachelor i religion og livssyn
Undervisningssemester: 
2019 Haust
Eksamenssemester: 
2019 Haust
Undervisningsspråk: 
Norsk
Krav til forkunnskapar

Ingen.

Om emnet

Fagstoffet er fordelt på tre delar. Den første er på 5 stp og omfattar filosofi- og vitskapshistorie. Den andre er på 3 stp og omfattar allmenn moralfilosofi. Den tredje, på 2 stp, dreier seg om generell vitskapsfilosofi.

Del 1: Filosofi- og vitskapshistorie (5 stp). Delen gjev eit oversyn over filosofi- og vitskapshistoria frå oldtida til i dag med særleg konsentrasjon om oldtidsfilosofien og nyare tid frå og med Descartes.

Del 2: Etikk (3 stp). Delen skal gje eit oversyn over grunnleggjande problem og teoriar innan moralfilosofien.

Del 3 Vitskapsfilosofi (2 stp). Delen skal gje eit oversyn over nokre grunnleggjande problem og teoriar innan vitskapsfilosofien. Hovudvekta ligg på utviklinga på 1900-talet.

Læringsutbytte

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:

Kunnskapar

Etter fullført studium skal studenten

-ha kjennskap til kva dei sentrale filosofiske spørsmåla dreier seg om.

-ha kjennskap til korleis nokre sentrale filosofar har drøfta og svara på desse spørsmåla til ulike tider.

-ha særleg innsikt i ulike kunnskapsteoriar og kvar dei viktigaste filosofane plasserer seg kunnskapsteoretisk.

-ha tileigna seg innsikt i grunnleggande omgrep, teoriar og tenking innan allmenn etikk.

Ferdigheiter

Etter fullført studium skal studenten

-ha tileigna seg innsikt i grunnleggande vitskapelege tenkemåtar og metodar, og til ei viss grad kunne applisere desse på ulike fagstudium. 

 

Generell kompetanse

Etter fullført studium skal studenten

-ha utvikla evne til sjølvstendig refleksjon omkring både filosofiske, vitskapsteoretiske og grunnlagsetiske spørsmål – som vil kunne vere til nytte i ulike fagstudium, for eiga tenking kring eksistensielle spørsmål, og for utfordringar framtidige yrke kan kome til å byde på.

Praktisk organisering og arbeidsmåtar

Undervisinga har form av leksjonar og diskusjonsforum i Canvas. Skriving av tre minioppgåver er inkludert. Det vert utarbeidd ein detaljert plan/kalender over undervisninga med tidspunkt for utsending av leksjonar og fristar for innlevering av minioppgåvene. Ved få påmeldte vil ein få tilbod om å følgje nettutgåva av dette emnet, men utan å betale studieavgift.

Vilkår for å framstille seg til eksamen

I løpet av semesteret skal kvar student skrive tre minioppgåver – ei i filosofihistorie, ei i etikk og ei i vitskapsfilosofi. Oppgåvene skal ha ein storleik på ca. 5500 teikn utan mellomrom (ca. 1000 ord) og skal leverast i Canvas innan oppgjevne tidsfristar. Ei av desse minioppgåvene kan brukast som øvingsoppgåve i skrivekurset REL142. Det vert akseptert at denne då vil vere litt lenger enn dei to andre minioppgåvene (ca. 8000 teikn utan mellomrom, som er ca. 4 sider). Lærar kommenterer og vurderer dei tre oppgåvene. Oppgåvene må vere godkjende før ein kan ta eksamen.

Sensorordning
Minimumstal: 
5
Maksimumstal: 
50
Emneansvarleg: 
Knut-Willy Sæther
Emnet inngår i følgande studieprogram
Bachelor i religion og livssyn
Bachelorstudium i friluftsliv og naturguide
Bachelorstudium i idrett og kroppsøving
VurderingsformGrupperingVarighetVarighetstypeKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
HeimeeksamenIndividuell1DagarA-F, der A er best og E er siste ståkarakter 100%Digital eksamen. Endeleg vurdering i emnet skjer på grunnlag av ein individuell heimeeksamen over eitt døgn.Eksamensoppgåva må ikkje overstige 20 000 teikn utan mellomrom (altså max. 4000 ord).
Vurderinger:
Vurderingsform:Heimeeksamen
Gruppering:Individuell
Varighet:1
Varighetstype:Dagar
Karakterskala:A-F, der A er best og E er siste ståkarakter
Andel: 100%
Kommentar:Digital eksamen. Endeleg vurdering i emnet skjer på grunnlag av ein individuell heimeeksamen over eitt døgn.
Hjelpemidler:
Omfang:Eksamensoppgåva må ikkje overstige 20 000 teikn utan mellomrom (altså max. 4000 ord).