IKF208 Naturguiding i vinterlandskap

Varighet: 
1 semester
Emnekode: 
IKF208
Studiepoeng: 
15
Studienivå: 
Bachelor (fordjupingsnivå)
Rapporteringsprogram: 
Bachelorstudium i friluftsliv og naturguide
Undervisningssemester: 
2022 Vår
Eksamenssemester: 
2022 Vår
Undervisningsspråk: 
Norsk
Forkunnskapskrav, emneliste
IKF206 Nature Guiding in Fjord Landscapes
IKF207 Nature Guiding as a Profession
Om emnet

Studentane skal få innsikt i guidearbeid / leiing om vinteren. Emnet har fokus på natur- og kulturelement knytt til vinterlandskapet, trygg ferdsel og tema som risikovurdering, opplevingar og haldningar. Delar av undervisninga skjer ute i vinterlandskap med studentaktive prosjekt og guidepraksis. Det er avsett tid til ekstern praksis / studieferd i dette emnet.

Læringsutbytte

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:

Kunnskapar

Studenten:

  • har spesifikk kunnskap om natur- og kulturelement knytt til guidearbeid i vinterlandskap
  • har utvida kunnskapar om faktorar for å ta beslutningar knytt til trygg ferdsel i samband med guiding og leiing i vinterlandskap
  • har kunnskap om naturbaserte guideprodukt i vinterlandskap
Ferdigheiter

Studenten 

  • har opparbeidd utvida kjennskap til snødekke, terreng og vertilhøve i samband med risikovurdering og i forhold til opplevingsverdi
  • kan planlegge, organisere, gjennomføre og evaluere guida turar i vinterlandskap med gjestar
  • kan utøve kvalifisert fagleg skjønn for gode vegval, gode aktivitetar og gode leirplassar under vinterforhold i samband med naturbaserte guideprodukt
  • kan legge til rette for at guide og gjestar kan utføre redning og førstehjelp
  • kan bruke digital teknologi relatert til trygg ferdsel i vinterlandskap
Generell kompetanse

Studenten 

  • kan grunngje alle beslutningar som blir tekne i samband med guiding og leiing i vinterlandskap
  • har kjennskap til korleis bedrifter planlegg, gjennomfører og evaluerer naturbaserte guideprodukt
  • kan bidra til utvikling av god og ansvarleg praksis innan naturguiding / leiing i vinterlandskap
Praktisk organisering og arbeidsmåtar

Studiet vil veksle mellom forelesingar, drøftingar i plenum, seminar, gruppearbeid, undervisningsopplegg og opphald ute, eigenstudium og digital undervisning.

Studenten sine opplevingar, observasjonar og erfaringar frå aktivitetane vil danne grunnlag for drøfting, refleksjon og læring og føreset aktiv deltaking og medansvar.

Studentane vil få ansvar for organisering og gjennomføring av undervisningsopplegg, guideoppgåver og ferdigheitstestar.

Vilkår for å framstille seg til eksamen

Det er obligatorisk frammøte og deltaking i alle organiserte læringsaktivitetar og undervisning, jamfør Forskrift om opptak, studium og eksamen, §4-6 ( https://lovdata.no/dokument/SF/forskrift/2014-12-04-1697).

Det er obligatorisk frammøte også til førebuigar og etterarbeid knytt til undervisningsopplegg ute.

Semesterplanen viser omfanget av dei obligatoriske delane i studiet. For undervisningsopplegg over fleire dagar med overnatting er det krav om 100 prosent frammøte og deltaking.

Arbeidskrav

  • Godkjent skriftlig framlegging av synfaringar i vinterlandskap og observasjonar av snødekke.
  • Godkjent oppgåve om ferdsel og trygge vegval i vinterlandskap, omlag 1000 ord.
  • Godkjent plan for ekstern praksis/studieferd.
  • Godkjent munnleg framlegging av erfaringar frå ekstern praksis/studieferd.
  • Rapport etter eksempel- og praksisturar, omfang 1500 ord. 

 

Sensorordning
Maksimumstal: 
25
Emneansvarleg: 
Kalle Kristian Pulli
Einar Løken
Materialavgift

Materialavgift kr 400.

Emnet inngår i følgande studieprogram
Bachelorstudium i friluftsliv og naturguide
VurderingsformGrupperingVarighetVarighetstypeKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
Skriftleg eksamenIndividuell5timarA-F, der A er best og E er siste ståkarakter100Digital eksamen.
Vurderinger:
Vurderingsform:Skriftleg eksamen
Gruppering:Individuell
Varighet:5
Varighetstype:timar
Karakterskala:A-F, der A er best og E er siste ståkarakter
Andel:100
Kommentar:Digital eksamen.
Hjelpemidler:
Omfang:
Godkjent av: 
Unni Hagen