IKF205 Helsefremjande arbeid

Varighet: 
1 semester
Emnekode: 
IKF205
Studiepoeng: 
20
Studienivå: 
Bachelor (fordjupingsnivå)
Rapporteringsprogram: 
Bachelorstudium i idrett og kroppsøving
Undervisningssemester: 
2021 Haust
Eksamenssemester: 
2021 Haust
Undervisningsspråk: 
Norsk
Krav til forkunnskapar

Årsstudium i Idrett, Årsstudium i Friluftsliv eller tilsvarande.

Om emnet

Ved fullføring av dette emnet skal studenten kunne drive opplæring innan helsefremjande arbeid med vekt på betydinga av fysisk aktivitet, friluftsliv med fokus på positive opplevingar og tilrettelegging for fysisk aktivitet for ulike grupper.

Sentrale tema:

  • Samfunnsperspektiv på helse
  • Livsstil: Overvekt og fedme, kosthald og ernæring, hjarte- og kar- og lungesjukdomar, diabetes, muskel- og skjelettlidingar.
  • Trening og fysisk aktivitet i eit livsløpsperspektiv
  • Fysisk helsegevinst
  • Psykisk og sosial helsegevinst
  • Oppleving, livskvalitet og samfunn
  • Natur og subjektiv livskvalitet
  • Helsefremming i samfunnet
  • Kropp, natur og bevisstheit

Emnet inngår som del av Bachelor i idrett og kroppsøving og Bachelor i friluftsliv og naturguiding.

Læringsutbytte

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:

Kunnskapar

Studenten

  • har kunnskap om teoriar og pågåande forskingsarbeid knytt til livsstil og trening.
  • har kunnskap om teoriar og pågåande forskingsarbeid knytt til opplevingar og helse.
  • har kunnskap til å kunne reflektere over idrett og friluftsliv i eit utvida helseperspektiv.
Ferdigheiter

Studenten

  • har ferdigheiter til å kunne anvende helsefagleg kunnskap på praktiske og didaktiske problemstillingar.
  • har ferdigheiter til å kunne bidra til utvikling av god praksis innan fagområdet gjennom utveksling av synspunkt og erfaringar.
Generell kompetanse

Studenten 

  • kan bruke kunnskapen og ferdigheitene til å drive opplæring innan helsefremjande arbeid med vekt på betydinga av fysisk aktivitet for ulike grupper med  tilrettelegging for fysisk aktivitet gjennom idrett og friluftsliv .
  • kan legge til rette for helsefremjande arbeid frå eit livskvalitetsperspektiv som rommer meir enn den fysiske aktiviteten
  • har evne til å reflektere og tenke kritisk med tanke på tilrettelegging for ulike individuelle behov.
Praktisk organisering og arbeidsmåtar

Studiearbeidet vil veksle mellom plenumsdrøftingar/forelesing, rettleiing, seminar, gruppearbeid, utandørsundervisning i nærmiljø og praksis.

Studenten sine opplevingar, observasjonar og erfaringar gjennom idrett og friluftsliv vil gje grunnlag for drøfting og refleksjon.

Undervisninga baserer seg på studentaktive arbeidsmåtar som krev eigenstudium, deltaking og medansvar. 

Gjennom undervisninga vil studentane få eit bevisst forhold til pedagogisk bruk av IKT. Informasjonsteknologi vil vere eit reiskap i samband med informasjonssøking, arrangement, studentpresentasjonar og undervisning i faget.

Vilkår for å framstille seg til eksamen

Godkjent obligatorisk frammøte/deltaking i tråd med forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda, §4-6. 

Semesterplan gjev nærare informasjon om obligatoriske delar i emnet. 

Arbeidskrav: 

  1. PRAKSIS: Studentane vel alternativ A eller B: A: Godkjent praksisplan med problemstilling, inklusive HMS- og risikoanalyse, samt praksisattest for gjennomføring av eit helsefremjande tiltak over ei periode på minst 8 veker. Praksisen omfattar minimum 8 ulike møtetidspunkt for ei gruppe. Innhaldet skal vere anten trening/fysisk aktivitet tilpassa den valde gruppa sine forutsetningar eller friluftsliv som lavterskelaktivitet med eit fokus på positive opplevingar. Praksisen kan gjennomførast i gruppe på maks. 3 studentar på sjølvald praksisplass. B: Godkjent loggbok for gjennomføring av 14-dagar med fagleg fordjuping i eigen psykiske helse med naturen, enkle hjelpemiddel og lite påverking frå andre menneske som ramme for erfaring. Problemstillinga peiker på kva type tur som er best eiga. HMS-plan og plan for turen med problemstilling må godkjennast i god tid før fordjupingsturen. 
  2. Multiple choice prøve knytt til sentrale delar av pensum
  3. Obligatorisk rettleiing knytt til utviklingsarbeid, etter dato gitt i semesterplanen
  4. Framføring av erfaringar frå praksis og korleis denne praksisen (alternativt fagleg fordjupingstur) er knytt til systematisk kunnskapsinnhenting og teori for medstudentar.  

 

Minimumstal: 
Ved 10 eller færre vert det vurdert om emnet vert starta opp.
Maksimumstal: 
60
Emneansvarleg: 
Raul Grau-Ruiz
Materialavgift

Det vil bli krevd inn kr 200 i materialpengar, som skal dekke bruk av utstyr og materiell.

Emnet inngår i følgande studieprogram
Bachelorstudium i friluftsliv og naturguide
Bachelorstudium i idrett og kroppsøving
VurderingsformGrupperingVarighetVarighetstypeKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
OppgaveIndividuellSemesterA-F, der A er best og E er siste ståkarakter Sjå eige skriv om vurderingskriteriar.Alle Maks 4000 ord. Litteraturliste og planer legges ved utenom ordtelling.
Vurderinger:
Vurderingsform:Oppgave
Gruppering:Individuell
Varighet:
Varighetstype:Semester
Karakterskala:A-F, der A er best og E er siste ståkarakter
Andel:
Kommentar: Sjå eige skriv om vurderingskriteriar.
Hjelpemidler:Alle
Omfang: Maks 4000 ord. Litteraturliste og planer legges ved utenom ordtelling.
Godkjent av: 
Unni Hagen