IKF208 Naturguiding i vinterlandskap

Varighet: 
1 semester
Emnekode: 
IKF208
Studiepoeng: 
15
Studienivå: 
Bachelor (fordjupingsnivå)
Rapporteringsprogram: 
Bachelorstudium i friluftsliv og naturguide
Undervisningssemester: 
2020 Vår
Eksamenssemester: 
2020 Vår
Undervisningsspråk: 
Norsk
Forkunnskapskrav, emneliste
IKF206 Naturguiding i fjordlandskap
IKF207 Naturguiding som profesjon
Om emnet

Studentane skal få innsikt i guidearbeid om vinteren. Emnet har fokus på natur- og kulturelement knytt til vinterlandskapet, trygg ferdsel og tema som risikovurdering, opplevingar og haldningar. Det å unngå skredutsett terreng er eit viktig fokusområde. Delar av undervisninga skjer ute i vinterlandskap med studentaktive prosjekt og guidepraksis. Det er avsett tid til ekstern praksis og studieferd i dette emnet.

Læringsutbytte

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:

Kunnskapar

Studenten:

  • har kunnskap om natur- og kulturelement knytt til vinterlandskap
  • har kunnskapar om lovverk og forskrifter knytt til ferdsel, bruk av og forvaltning i verneområde, nasjonalparkar og andre område med restriksjonar i samband med reiseliv
  • har kunnskapar om grunnleggjande ferdigheiter ("hard skills" og "softskills") for å virke som naturguide i vinterlandskap
  • har kunnskapar om sentrale faktorar for trygg ferdsel i samband med guiding i vinterlandskap
  • har kunnskap om naturbaserte guideprodukt i det norske reiselivet
Ferdigheiter

Studenten 

  • har opparbeidd kjennskap til snødekket, vertilhøve og ulike typar snødekte landskap
  • kan planlegge, organisere og gjennomføre guida turar, samt formidle informasjon om vinterlandskap og legge til rette for opplevingar
  • kan utøve fagleg skjønn for trygge vegval, gode aktivitetar og gode leirplassar under vinterforhold
  • har relevante ferdigheiter i redning og førstehjelp
Generell kompetanse

Studenten 

  • har kjennskap til korleis bedrifter planlegg, markedsfører, gjennomfører og evaluerer naturbaserte guideprodukt
  • kan bidra til utvikling av god og ansvarleg praksis innan naturguiding i vinterlandskap
Praktisk organisering og arbeidsmåtar

Studiet vil veksle mellom forelesingar, drøftingar i plenum, seminar, gruppearbeid, undervisningsopplegg og opphald ute og eigenstudium.

Studenten sine opplevingar, observasjonar og erfaringar frå aktivitetane vil danne grunnlag for drøfting, refleksjon og læring og føreset aktiv deltaking og medansvar.

Studentane vil få ansvar for organisering og gjennomføring av undervisningsopplegg, guideoppgåver og ferdigheitstestar.

Vilkår for å framstille seg til eksamen

Det er obligatorisk frammøte og deltaking i alle organiserte læringsaktivitetar og undervisning, jamfør Forskrift om opptak, studium og eksamen, §4-6 ( https://lovdata.no/dokument/SF/forskrift/2014-12-04-1697).

Det er obligatorisk frammøte også til førebuigar og etterarbeid knytt til undervisningsopplegg ute.

Semesterplanen viser omfanget av dei obligatoriske delane i studiet. For undervisningsopplegg over fleire dagar med overnatting er det krav om 100 prosent frammøte og deltaking.

Arbeidskrav

  • Gjennomført munnleg framlegging av synfaringar i vinterlandskap og observasjonar av snødekke.
  • Godkjent oppgåve om ferdsel og trygge vegval i vinterlandskap, omlag 1000 ord.
  • Godkjent plan for ekstern praksis/studieferd.
  • Godkjent munnleg framlegging av erfaringar frå ekstern praksis/studieferd.
  • Rapport etter eksempel- og praksisturar, omfang 1500 ord. 

 

Sensorordning
Minimumstal: 
15
Maksimumstal: 
25
Emneansvarleg: 
Stig Løland
Einar Løken
Materialavgift

Materialavgift kr 400.

Emnet inngår i følgande studieprogram
Bachelorstudium i friluftsliv og naturguide
VurderingsformGrupperingVarighetVarighetstypeKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
Skriftleg eksamenIndividuell5timarA-F, der A er best og E er siste ståkarakter100Digital eksamen.
Vurderinger:
Vurderingsform:Skriftleg eksamen
Gruppering:Individuell
Varighet:5
Varighetstype:timar
Karakterskala:A-F, der A er best og E er siste ståkarakter
Andel:100
Kommentar:Digital eksamen.
Hjelpemidler:
Omfang:
Godkjent av: 
Aud Folkestad