IKF206 Naturguiding i fjordlandskap

Varighet: 
1 semester
Emnekode: 
IKF206
Studiepoeng: 
15
Studienivå: 
Bachelor (fordjupingsnivå)
Rapporteringsprogram: 
Bachelorstudium i friluftsliv og naturguide
Undervisningssemester: 
2019 Haust
Eksamenssemester: 
2019 Haust
Undervisningsspråk: 
Norsk
Krav til forkunnskapar

60 stp. friluftsliv

Om emnet

Studentane skal få innsikt i kva praktisk guidearbeid inneber, og med det leggje grunnlag for studium, refleksjonar og diskusjonar rundt guiderolla, guideverksemd som reiselivsprodukt, formidling av informasjon og opplevingar, og trygg guiding. Guideverksemda vil bli eksemplifisert og tematisert gjennom guida turar i fjordområde og ved kysten, og synfaringar i ulike landskapstypar.

Læringsutbytte

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:

Kunnskapar

Studenten 

  • har kjennskap til og grunnleggjande kunnskapar om natur, kultur og tradisjonell naturbruk i dei kyst- og fjordlandskapa som emnet fokuserer på
  • har kjennskap til ansvarsforhold og regelverk knytt til rolla som naturguide, der ein har ansvar for tryggleiken til personar og grupper
  • har kunnskap om eigne og gjestar sine føresetnader for å kunne ferdast i ulike naturmiljø
Ferdigheiter

Studenten

  • har innsikt i og trening i risikovurderingar og trygg ferdsel
  • har innsikt i og trening i formidling av opplevingar og informasjon i guidesituasjonar
  • har trening i organisering og leiing av guida turar
  • kan tilretteleggje for og servere tradisjonell kost for gjestar og turistgrupper på tur
Generell kompetanse

Studenten 

  • har innsikt i kva guidearbeid inneber i samband med reiseliv, og kan sjå grenseoppgangar mellom guiding og pedagogisk verksemd i natur
  • har utvikla evna til refleksjon og skjønn og kan gjennomføre god praksis
Praktisk organisering og arbeidsmåtar

Studiet vil veksle mellom undervisning med forelesingar, drøftingar i plenum og under seminar, gruppearbeid, undervisningsopplegg ute og eigenstudium.

Studenten sine opplevingar, observasjonar og erfaringar frå aktivitetane ute skal gje grunnlag for drøftingar og refleksjon. Studiet føreset aktiv deltaking, der studentane også får ansvar for organisering og guideoppgåver under ulike undervisningsopplegg.

Vilkår for å framstille seg til eksamen

Frammøtekrav

Godkjent frammøte og aktiv deltaking i obligatorisk undervisning, inklusivt på førebuingar til, under gjennomføring av og i etterarbeid etter undervisningsopplegga ute. Semesterplanen viser omfanget av obligatorisk undervisning.

Arbeidskrav

  • Gjennomført munnleg framlegging av oppgåve om landskap.
  • Godkjent oppgåve knytt til tematikken trygg ferdsel, omlag 1000 ord.
Sensorordning
Minimumstal: 
15
Maksimumstal: 
25
Emneansvarleg: 
Einar Løken
Materialavgift

Materialavgift kr.400.

Emnet inngår i følgande studieprogram
Bachelorstudium i friluftsliv og naturguide
VurderingsformGrupperingVarighetVarighetstypeKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
Munnleg eksamenIndividuell20minuttA-F, der A er best og E er siste ståkarakter
Vurderinger:
Vurderingsform:Munnleg eksamen
Gruppering:Individuell
Varighet:20
Varighetstype:minutt
Karakterskala:A-F, der A er best og E er siste ståkarakter
Andel:
Kommentar:
Hjelpemidler:
Omfang:
Godkjent av: 
Aud Folkestad