IKF209 Bacheloroppgåve - prosjekt og praksis

Varighet: 
1 semester
Emnekode: 
IKF209
Studiepoeng: 
15
Studienivå: 
Bachelor (fordjupingsnivå)
Undervisningssemester: 
2019 Vår
Eksamenssemester: 
2019 Vår
Undervisningsspråk: 
Norsk
Forkunnskapskrav, emneliste
IKF206 Naturguiding i fjordlandskap
IKF207 Naturguiding som profesjon
Krav til forkunnskapar

Godkjente arbeidskrav i IKF208 Naturguiding i vinterlandskap. 

Om emnet

Studentane skal levere eit utviklingsarbeid, der dei har utvika og ferdigstilt eit guideprodukt i tråd med prosjektskissa, samt skaffe seg innsikt og erfaring med naturguiding som profesjon.

Læringsutbytte

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:

Kunnskapar

Studenten 

  • har kunnskapar om guiden si rolle i naturbasert reiseliv.
  • har kunnskapar om dei elementa, som eit naturbasert reiselivsprodukt må innehalde, for å oppfylle krava for ein godkjend turoperatør.
  • har kunnskapar om rammeverket for å kunne gjennomføre praktisk naturguidearbeid etter profesjonsstandarden for naturguidar.
Ferdigheiter

Studenten 

  • kan utvikle eit guida reiselivsprodukt , der ein kartlegg og skildrar heile produktet med transport, overnatting, bevertning, guida tur i valt område, vurderingar av tryggleiken og eventuelle restriksjonar i området. Det skal leggjast særleg vekt på sjølve guidearbeidet. Målgruppe skal vere definert.
  • kan bruke kunnskapar, innsikter og erfaringar frå mindre guideoppgåver i studiet til å gjennomføre guideoppdrag under ekstern praksis i samråd med faglærar og ein godkjend turoperatør.
Generell kompetanse

Studenten 

  • kan reflektere over yrkesmessige, juridiske og etiske sider ved naturguiderolla.
  • kan bidra med erfaringar, innsikt og synspunkt for å utvikle god og ansvarleg praksis innan naturguiding. 
Praktisk organisering og arbeidsmåtar

Studiet vil veksle mellom forelesingar, drøftingar i plenum, seminar, framleggingar, praksis og eigenstudium.

Studenten sine opplevingar, observasjonar og erfaringar frå aktivitetane ute vil danne grunnlag for drøftingar, refleksjonar og læring. 

Studentane får tilbod om rettleiing til arbeidet med prosjektoppgåva. I løpet av emnet skal studentane  gjennomføre studieferd/ekstern praksis.

Vilkår for å framstille seg til eksamen

Det er obligatorisk frammøte og deltaking i alle organiserte læringsaktivitetar og undervisning, jamfør Forskrift om opptak, studium og eksamen, §4-6 ( https://lovdata.no/dokument/SF/forskrift/2014-12-04-1697).

Semesterplanen viser omfanget av dei obligatoriske delane av studiet.

Arbeidskrav

  • Gjennomført munnleg framlegging av tema for prosjektoppgåva.
  • Levert rettleiingsdokument til prosjektoppgåva. Avtalt tid for rettleiing med faglærar.
  • Levert plan for studieferd/praksis.
  • Gjennomført munnleg framlegging av erfaringar frå studieferd/praksis.
  • Godkjent rapport etter studieferd/praksis, omlag 2500 ord.
  • Delteke i gjennomføringa av praksisprosjektet Nordic Spring Adventure.
Sensorordning

Sensur vert gjennomført i samsvar med Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda, § 5-11 (http://lovdata.no/forskrift/2014-12-04-1697/%C2%A75-11)

Evaluering og kvalitetssikring

Emnet vert evaluert i samsvar med HVO sitt kvalitetssikringssystem. 

Minimumstal: 
15
Maksimumstal: 
25
Emneansvarleg: 
Nils Ola Skuset
Emnet inngår i følgande studieprogram
Bachelorstudium i friluftsliv og naturguide
Friluftsliv fordjuping
VurderingsformGrupperingVarighetVarighetstypeKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
OppgaveIndividuell1semesterA-F, der A er best og E er siste ståkarakter100Omlag 5000 ord.
Vurderinger:
Vurderingsform:Oppgave
Gruppering:Individuell
Varighet:1
Varighetstype:semester
Karakterskala:A-F, der A er best og E er siste ståkarakter
Andel:100
Kommentar:Omlag 5000 ord.
Hjelpemidler:
Omfang:
Godkjent av: 
Aud Folkestad