HI204 Lokal- og regionalhistorie

Emnekode: 
HI204
Varighet: 
1 semester
Studiepoeng: 
15
Studienivå: 
Bachelor (fordjupingsnivå)
Undervisningssemester: 
2022 Vår
Emnenavn på engelsk: 
Local and regional history
Emnenavn på bokmål: 
Lokal- og regionalhistorie
Eksamenssemester: 
2022 Vår
Undervisningsspråk: 
Norsk
Krav til forkunnskapar

Minimum 30 studiepoeng i historie grunnemne: Anten HI101 / HI111 / HI111N / HI111N-AVG og / eller HI102 / HI112 / HI112N / HI112N-AVG og / eller HI103 / HI113 / HI113N / HI113N-AVG. Andre relevante fag og erfaring kan vurderast etter søknad.

Om emnet

Lokalhistorie er eit lokalt, regionalt og eit globalt forskingsområde. Alle menneske har hatt eller har tilknyting til ein familie og eit eller fleire lokalsamfunn. Vi finn lokalhistorisk interesserte menneske over heile verda. Lokalhistoria i Noreg er ei stor folkerørsle, og det er historielag over heile landet. I tillegg er lokalhistorie i praksis eit forskingsfelt ved alle høgskular og universitet. Det store fleirtalet av historikarar i Noreg har erfaring frå forsking som kan kallast lokalhistorisk. Lokalhistorie kan definerast vidt. Eit lokalsamfunn kan vere alt frå éin gard, ei bustadblokk, ein bydel, ei grend, ein region eller ein familie eller ein person.

Emnet gir studentane ei innføring i det lokal- og regionalhistoriske forskings- og arbeidsfeltet i Noreg. Emnet er todelt: Pensumdelen gjev innføring i metodar, teoriar og i fagfeltet generelt, mens oppgåvedelen gjev studentane høve til å prøve desse i praksis. Siste del vert løyst ved at studentene sjølv vel emne for ein oppgåve.

Læringsutbytte

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket skal studenten ha følgjande læringsutbytte etter fullført emne:

Kunnskapar

Studenten skal ha

  • gode kunnskapar om lokal- og regionalhistorie som rørsle og forskingsfelt
  • gode kunnskapar om generell metode innan desse fagfelta
  • grunnleggjande kunnskapar om kjeldegrunnlaget for desse fagfelta
  • grunnleggjande kunnskapar om kjelde- og arkivarbeid
Ferdigheiter

Studenten skal kunne

  • tileigne seg, ordne og systematisere kunnskap på logisk konsekvent vis for å svare på ei lokal- og / eller regionalhistorisk problemstilling
  • sette seg inn i og granske lokal- og regionalhistoriske data, primærkjelder og litteratur, og trekke sjølvstendige slutningar på grunnlag av slikt materiale
  • skrive ei lokal- eller regionalhistorisk fagtekst av eit omfang på omlag 4000 ord og innafor instruks gjeve av instituttet
  • drøfte lokal- og regionalhistoriske problemstillingar og kritisk vurdere andre slike framstillingar
  • reflektere over eige fagleg arbeid og justere dette under rettleiing
Generell kompetanse

Studenten skal kunne

  • sette seg inn i nye problemområde og analysere saker frå fleire sider
  • handtere informasjonsmengder av eit visst omfang, og ordne og systematisere kunnskap på logisk konsekvent vis
  • dokumentere skriftlege arbeid i samsvar med generelt vedtekne krav innafor høgare utdanning.
Praktisk organisering og arbeidsmåtar

All undervisnng i emnet skjer på nett i HVO sitt digitale læringssystemet. Det kan bli gjevne tilbod om undervisning lokalt hvis det meldar seg fleire enn åtte lokalstudentater.

Kvar student får ein faglærar som rettleiar. Rettleiar godkjenner arbeidskrava og gir fagleg tilbakemelding på oppgåveutkast. All innlevering av oppgåveutkast m.m. blir gjort i HVO sitt digitale læringssystem. Det er difor ein føresetnad at studenten er kjend med elementær internettbruk (navigering i nettlesar, bruk av diskusjonsforum, opp- og nedlasting av filer).

Vilkår for å framstille seg til eksamen

Studentane sitt sjølvstendige og individuelle arbeid gjennom semesteret blir lagt til grunn for vurderinga i emnet. Følgjande arbeidskrav skal gjennomførast:

  • Levere forslag til tema for sjølvstendig oppgåve. Rettleiar skal godkjenne tema. Slik godkjenning er naudsynt for å kunne gå vidare med oppgåva. Ein student som ikkje har fått godkjent på arbeidskravet, får ein ny sjanse innan ein kort frist. 
  • Levere ein førebels problemstilling, disposisjon og oversikt over kjelder og litteratur som den sjølvstendige oppgåva skal byggje på. Rettleiar skal godkjenne utkastet. Slik godkjenning er naudsynt for å kunne gå vidare med oppgåva. Ein student som ikkje har fått godkjent på arbeidskravet, får ein ny sjanse innan ein kort frist.
  • Levere eit utkast til den sjølvstendig oppgåva i samsvar med nærare oppsette formkrav og framdriftsplan. Utkastet skal ha eit omfang på 3000-5000 ord, med lineavstand 1,5 og 12 pkt skrift. Rettleiar skal godkjenne utkastet. Slik godkjenning er naudsynt for å kunne gå vidare med oppgåva. Ein student som ikkje har fått godkjent på arbeidskravet, får ein ny sjanse innan ein kort frist. Oppgåva skal skrives ferdig og leveres som ferdig eksamensoppgåve.
Sensorordning
Minimumstal: 
8
Maksimumstal: 
35
Emneansvarleg: 
Åsmund Svendsen
Emnet inngår i følgande studieprogram
  • Historie - årsstudium
  • Historie - årsstudium (nettstudium, deltid)
  • Historie - bachelor
  • Historie - bachelor (nettstudium)
  • Historie - fordjupningsstudium (nettstudium)
VurderingsformGrupperingVarighetKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
Oppgave
Individuell
1 semester
A-F, der A er best og E er siste ståkarakter
60
Eksamensoppgåva er endeleg versjon av den sjølvvalde oppgåva, sjå under Arbeidskrav. Eksamensoppgåva skal leverast elektronisk. Informasjon om gjennomføring av eksamenane vert lagt ut i Canvas i god tid før eksamen.
Oppgåva skal ha eit omfang på 3000-5000 ord.
Heimeeksamen
Individuell
9 Dagar
A-F, der A er best og E er siste ståkarakter
40
Godkjent av: 
Randi Bergem 22.02.2021