ENG143 Fonetikk og variantar av engelsk

Emnekode: 
ENG143
Varighet: 
1 semester
Studiepoeng: 
15
Studienivå: 
Bachelor (grunnivå)
Undervisningssemester: 
2024 Vår
Emnenavn på engelsk: 
Phonetics and varieties of English
Emnenavn på bokmål: 
Fonetikk og variantar av engelsk
Eksamenssemester: 
2024 Vår
Undervisningsspråk: 
Engelsk
Krav til forkunnskapar

Ingen

Om emnet

Emnet gir ei teoretisk innføring i engelsk fonetikk og fonologi, med fokus på lydsystema til to engelske standardvariantar, ein britisk og ein amerikansk. Studenten skal bruke teknisk terminologi for å beskrive og analysere engelsk uttale, samt lære å lese og produsere fonemiske transkripsjonar. Emnet utforskar i tillegg ulike samtidige og historiske variantar av engelsk.

Emnet forutset god kompetanse i munnleg engelsk.

Læringsutbytte

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:

Kunnskapar

Studenten:

  • har kunnskap om engelske språklydar og korleis dei blir artikulert
  • har kunnskap om lydsystema til to engelske standardvariantar, ein britisk og ein amerikansk
  • har kunnskap om dei viktigaste skilnadene mellom britisk og amerikansk uttale
  • har kunnskap om strukturar i samanhengande engelsk tale
  • har kunnskap om nokre vanlege problem i uttale av engelsk som andrespråk og framandspråk
  • har kunnskap om engelske intonasjonsmønster og deira funksjonar
  • har kunnskap om nokre hovudtrekk i engelsk språkhistorie
  • har kunnskap om nokre geografiske, sosiale og historiske variantar av engelsk
Ferdigheiter

Studenten:

  • kan identifisere og uttale engelske språklydar
  • kan lese fonemiske transkripsjonar i britisk og amerikansk standard
  • kan skrive fonemiske transkripsjonar i britisk eller amerikansk standard etter eige val
  • kan identifisere og diskutere dei vanlegaste skilnadene mellom britisk og amerikansk tale
  • kan identifisere og analysere strukturar i samanhengande engelsk tale
  • kan identifisere og korrigere vanlege problem i uttale av engelsk som andrespråk og framandspråk
  • kan identifisere og bruke engelske intonasjonsmønster som høver til kommunikasjonssituasjonen
  • kan identifisere nokre variantar av engelsk
  • kan identifisere geografiske og diakrone lydvariasjonar
Generell kompetanse

Studenten: 

  • kan bruke kunnskapar og ferdigheiter knytt til engelsk fonetikk og variantar av engelsk på ein sjølvstendig måte
  • kan andvende desse kunnskapane og ferdigheitene på nytt språkmateriale og i nye situasjonar
  • kan forstå ulike variantar av munnleg og skriftleg engelsk og korleis dei kan nyttast i praktiske situasjonar
Praktisk organisering og arbeidsmåtar

Det vert lagt opp til undervisning kvar veke. Den skjer i form av førelesingar, øvingar, par/gruppearbeid og individuelt arbeid. 

Vilkår for å framstille seg til eksamen

For å kunne gå opp til eksamen må studenten:

1. Delta på minimum 75% av all timeplanlagt undervisning, jf. § 4-6 i Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda. Studentane må delta aktivt i munnlege oppgåver og diskusjonar.  

2. Levere og få godkjent to skriftlege arbeidskrav innan ein frist som vert kunngjort ved semesterstart. Lengda på desse arbeidskrava er avhengig av kva type oppgåver som blir fastsett av emneansvarleg. Ein student som får underkjent eit arbeidskrav får normalt eitt nytt forsøk på å fullføre dette (vanlegvis to arbeidsdagar). 

Sensorordning
Maksimumstal: 
50
Emneansvarleg: 
Vibeke Jensen
Emnet inngår i følgande studieprogram
  • Engelsk - årsstudium
  • Engelsk - årsstudium (deltid)
  • Historie - bachelor
  • Språk og litteratur - bachelor
VurderingsformGrupperingVarighetKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
Heimeeksamen
Individuell
6 timar
A-F, der A er best og E er siste ståkarakter
100
Alle
Godkjent av: 
Arne Myklebust