SOS153 Juridisk metode og velferdsrett

Emnekode: 
SOS153
Varighet: 
1 semester
Studiepoeng: 
10
Studienivå: 
Bachelor (grunnivå)
Rapporteringsprogram: 
Bachelor i sosialt arbeid - sosionom
Undervisningssemester: 
2022 Vår
Eksamenssemester: 
2022 Vår
Undervisningsspråk: 
Norsk
Krav til forkunnskapar

Bestått arbeidskrav i SOS151

Om emnet

Emne gir innføring i juridisk metode og rettssystem, forvaltningsrett, velferdsrett og barnevernrett, og innføring i sentrale juridiske område som menneskerettar, diskrimineringsvern og barne- og familierett. Emnet gir såleis grunnleggande kunnskap om rettsreglar som inneheld rettar og plikter som har tyding for den enkelte sin velferd. Velferdslovgjevinga skal sikre at dei som har behov for ytingar og tenester får innvilga det som dei har rett på. Velferdslovgjevinga inneheld også reglar om tvang.

Både for ytingar og tvang er rettstryggleik grunnleggande. Kunnskap om og øving i juridisk metode og sakshandsamingsreglane i forvaltningsretten blir dermed viktig, og noko som emnet legg særleg vekt på: Å kunne finne fram til, tolke og bruke relevante rettskjelder på konkrete juridiske barnevernsfaglege og sosialfaglege problemstillingar.

Emnet skal også danne grunnlag for læring av meir spesialisert juss seinare i studiet, og skal bidra til forståing av andre fag i studiet, der jussen dannar ein basis, som sosialt arbeid og barnevernsarbeid.

Læringsutbytte

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:

Kunnskapar

Studenten skal ha kunnskap om

  • grunnleggande juridisk metode og særtrekk ved juss som fag
  • grunnleggande forvaltningsrett med vekt på reglar om sakshandsaming
  • rett og rettssystem, rettstryggleik straffe- og prosessrett, menneskerettar og sentrale konvensjonar
  • sentral velferdsrett og grunnleggande rettar og plikter, såleis innføring i lovgjeving om helse, omsorg, sosiale tenester og økonomiske ytingar, og lovgjeving om tvang i velferdsforvaltninga
  • grunnleggande barne- og familierett
  • grunnleggande barnevernrett
  • rettsreglar om ansvars- og arbeidsfordelinga i velferdsforvaltninga, tverrprofesjonelt samarbeid og samspelet mellom offentleg, privat og frivillig sektor
  • grunnleggande utlendingsrett
  • diskrimineringsvern, vern om minoritetar, og samane sine rettar og særlege status som urfolk

 

Ferdigheiter

Studenten skal ha ferdigheiter i å:

  • finne fram til relevant lovverk og andre rettskjelder
  • fastslå innhaldet i ein rettsregel ved bruk av juridisk metode
  • drøfte og avgjere juridiske problemstillingar i praktiske tilfelle
  • formulere og formidle rettar og plikter munnleg og skriftleg
  • utøve juridisk og fagleg skjøn
Generell kompetanse

Studenten skal

  • utvikle forståing for faglege og etiske dilemma ein møter som forvaltar av lovgjeving og avgjerdsmyndigheit
  • utvikle forståing for samanhengar mellom lovgjeving, organisering og kvalitet i forvaltning og tenesteyting
  • ha eit juridisk grunnlag for å kunne planlegge, gjennomføre, dokumentere, evaluere og formidle tiltak og tenester
Praktisk organisering og arbeidsmåtar

I emnet vert det brukt fleire arbeidsmåtar: Undervisning, sjølvstudie, seminar og arbeid med individuelle oppgåver og gruppearbeid. Undervisninga er ein kombinasjon av førelesingar og studentaktive læringselement i løysing av oppgåver og arbeid med kasus.

 

Vilkår for å framstille seg til eksamen

Arbeidskrav:

  1. Studentane skal levere eit individuelt arbeidskrav som kan bli delt i to mindre arbeidskrav
  2. Kurs i bruk av juridisk metode, med bruk av lovsamling og Lovdata
  3. Skriftleg arbeidskrav ved slutten av emnet (testing av teoretisk kunnskap og/eller ferdigheiter i løysing av kasus.) Kravet fell bort dersom studenten kan dokumentere minimum 70% frammøte til undervisningsaktivitetar.

Nærare om innhald, innlevering og godkjenning av arbeidskrav vil gå fram av informasjon i Canvas. Arbeidskrav må vere innleverte og godkjende til fastsett tid for å kunne gå opp til eksamen.

 

Maksimumstal: 
70
Emneansvarleg: 
Margrete Homlong Øyehaug
Egil Arne Standal
Emnet inngår i følgande studieprogram
Bachelor i sosialt arbeid - sosionom
VurderingsformGrupperingVarighetVarighetstypeKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
Skriftleg eksamenIndividuell4timarA-F, der A er best og E er siste ståkarakterNoregs lover eller Lovdata.
Vurderinger:
Vurderingsform:Skriftleg eksamen
Gruppering:Individuell
Varighet:4
Varighetstype:timar
Karakterskala:A-F, der A er best og E er siste ståkarakter
Andel:
Kommentar:
Hjelpemidler:Noregs lover eller Lovdata.
Omfang:
Godkjent av: 
Randi Bergem 25.02.2021