SASOS125 Utfordringar i yrkesfeltet - sosionom

Emnekode: 
SASOS125
Varighet: 
1 semester
Studiepoeng: 
30
Studienivå: 
Bachelor (grunnivå)
Rapporteringsprogram: 
Bachelor i sosialt arbeid - sosionom
Undervisningssemester: 
2020 Vår
Eksamenssemester: 
2020 Vår
Undervisningsspråk: 
Norsk
Krav til forkunnskapar

SASOS111, SASOS112, godkjende arbeidskrav i SASOS122 

Om emnet

Emnet har som mål å gi studentane kunnskap og ei nærare forståing for samhandling og planlegging innanfor område som omfattar m.a. familievern, barnevern, rusomsorg og sosialteneste. Det er eit mål at studentane skal tileigne seg kunnskap og utvikle innsikt og kompetanse som gjer at dei kan forstå og utøve sosionomen sine yrkesfunksjonar. Brukarorientering, etisk refleksjon og kunnskapsbasert analytisk tilnærming står sentralt i emnet.

Innhald:

  • Sosialfaglege emne: Emna blir knytt opp mot særskilde yrkesmetodiske utfordringar innan individuelt sosialt arbeid, sosialt arbeid med grupper, samfunnsarbeid, nettverksarbeid, barnevernsarbeid og sosialt arbeid i NAV
  • Sosialt arbeid med familiar
  • Juridiske emne: Barne- og familierett, sosial- og velferdsrett, barnevernsrett, samtykke og tvang, gjeldsproblem og bustadsosiale reglar
  • Omsorgssvikt, overgrepsproblematikk og kriser
  • Rusarbeid, re-/habilitering, psykisk helsevern
  • Kommunikasjonstrening/samtaleøvingar
  • Yrkesutfordringar, fagleg skjønn, etisk refleksjon og etiske dilemma
  • Organisasjon og yrkeskunnskap
Læringsutbytte

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket skal studenten ha følgjande læringsutbytte etter fullført emne:

Kunnskapar

Studenten skal ha kunnskap om:

  • familierett, barnevernsrett, generell sosial- og velferdsrett, samtykke og tvang
  • saksgang og sakshandsaming i barnevernet
  • samtale med barn og foreldre i vanskelege livssituasjonar
  • årsaker til og konsekvensar av omsorgssvikt og hjelpeapparatet sine tiltak
  • ulike arbeidsmåtar i sosialt arbeid
  • sosialt arbeid i NAV
  • re-/habilitering av menneske med fysiske og psykiske vanskar og rusproblem
  • tverrprofesjonelt samarbeid  
Ferdigheiter

Studenten skal ha ferdigheiter i å:

  • planleggje og gjennomføre samtalar med brukarar
  • reflektere over eigen veremåte og kva for innverknad denne har i samhandling med brukarar
  • vurdere bruk av ulike arbeidsmåtar i sosialt arbeid
  • planleggje, setje i verk og evaluere tiltak i samarbeid med brukarar
  • utføre sosialt arbeid med individ og grupper
  • samarbeide med ulike aktørar, som klientar, pårørande og fagpersonar, på tvers av ansvarsområde og etatar
Generell kompetanse

Studenten skal kunne:

  • møte brukarar av hjelpeapparatet med respekt og empati
  • utøve profesjonelt skjøn gjennom å nytte fagleg kompetanse i møte med teoretiske og praktiske problemstillingar
  • bidra til tverrprofesjonelle perspektiv på tiltak for brukarar frå barneverns-, helse- og sosialsektoren
  • analysere og reflektere kritisk over profesjonelle og etiske utfordringar knytt til arbeidet som sosionom
Praktisk organisering og arbeidsmåtar

Førelesingar, seminar, praksisretta gruppeaktivitet og samtaleøving. Delar av undervisninga er organisert felles for barnevernspedagog- og sosionomstudiet. 

Vilkår for å framstille seg til eksamen

Arbeidskrav

  1. Gruppearbeid og individuelt skriftleg arbeid knytt til SOM-seminaret (saman om omsorg for barn)
  2. Individuelt arbeid knytt til fagtema
  3. Individuelt skriftleg arbeid knytt til samtaleøvingane
  4. Munnleg presentasjon på seminar frå feltstudie/studietur

Arbeidskrava må vere innleverte og godkjende til fastsett tid, slik det går fram av informasjon på Canvas.

Obligatorisk deltaking:

  1. Undervisning og gruppearbeid på SOM-seminaret
  2. Nettverksarbeid i sosialt arbeid
  3. Sosialt arbeid med grupper
  4. Samtaleøvingar
  5. Familearbeid
  6. Individuelt sosialt arbeid

Nærare informasjon i Canvas.

Vi viser til Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda §4-6 om obligatorisk frammøte/deltaking.

 

Sensorordning
Maksimumstal: 
60
Emneansvarleg: 
Knut Hunnes
Emnet inngår i følgande studieprogram
Bachelor i sosialt arbeid - sosionom
VurderingsformGrupperingVarighetVarighetstypeKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
Skriftleg eksamenIndividuell6timarA-F, der A er best og E er siste ståkarakter
Vurderinger:
Vurderingsform:Skriftleg eksamen
Gruppering:Individuell
Varighet:6
Varighetstype:timar
Karakterskala:A-F, der A er best og E er siste ståkarakter
Andel:
Kommentar:
Hjelpemidler:
Omfang:
Godkjent av: 
Odd Ragnar Hunnes 27.02.19