SABVP121 Individretta emne og organisasjonskunnskap

Varighet: 
1 semester
Emnekode: 
SABVP121
Studiepoeng: 
15
Studienivå: 
Bachelor (grunnivå)
Undervisningssemester: 
2019 Haust
Rapporteringsprogram: 
Bachelorgradsstudium i sosialt arbeid - barnevernspedagog
Eksamenssemester: 
2019 Haust
Undervisningsspråk: 
Norsk
Krav til forkunnskapar

SABVP111 og SABVP112

Om emnet

Emnet har som mål å gi studentane ei nærare forståing av individuell utvikling i samspel med familie, ulike grupper, sosiale nettverk og samfunnsmessige vilkår. Studentane skal få kunnskap om sjukdoms- og helsebiletet i samfunnet. Vidare har emnet som mål å gi studentane innsikt i korleis organisasjonar og nettverk fungerer og deira funksjon i samfunnet. Barnevernspedagogstudentane (BVP) og sosionomstudentane (SOS) er i samla klasse det meste av undervisningstida, men skil lag i tema pediatri og gerontologi.

Innhald:

  • utviklingspsykologi
  • sosialmedisin
  • organisasjonskunnskap
  • spesialpedagogikk
  • pediatri (BVP)
  • gerontologi (SOS)
Læringsutbytte

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket skal studenten ha følgjande læringsutbytte etter fulført emne: 

Kunnskapar

Studentane skal ha kunnskap om:

  • sentrale teoriar om normal og avvikande individuell utvikling
  • korleis individet fungerer i grupper og nettverk
  • organisasjonar, grupper og nettverk si rolle i samfunnet
  • korleis individ og nettverk påverkar kvarandre gjensidig
  • korleis samfunnsforholda verkar inn på helsetilstand
Ferdigheiter

Studenten skal ha ferdigheiter i å:

  • analysere og reflektere over ulike vilkår for normal og avvikande utvikling av individ og grupper
  • analysere og reflektere over korleis individ og nettverk påverkar kvarandre gjensidig
  • analysere og reflektere over korleis grupper, nettverk og organisasjonar fungerer, og rolla dei har i samfunnet
  • analysere og reflektere over faktorar som spelar inn på tilrettelegging for inkludering, og korleis slike faktorar kan fremje helse og normalutvikling
Generell kompetanse

Studenten skal kunne:

  • leggje til rette for deltaking og utvikling og er i stand til å analysere og ta omsyn til korleis kontekst spelar inn i slike prosessar
  • leggje til rette for utsette menneske si deltaking og inkludering i viktige grupper og sosiale nettverk
  • reflektere fagleg og etisk over individuelle og samfunnsmessige vilkår for deltaking og utvikling
Praktisk organisering og arbeidsmåtar

Forelesingar, gruppeaktivitet og seminar. Delar av undervisninga blir organisert som blokkundervisning.

Vilkår for å framstille seg til eksamen

Arbeidskrav

  • Skriftleg arbeid ved slutten av emnet (pensumprøve eller liknande).
    ​Kravet fell bort dersom studenten kan dokumentere minimum 70 % frammøte til undervisningsaktivitetar.

Arbeidskravet må vere gjennomført i samsvar med krav og føringar fastsett i semesterplanen.

Sensorordning
Maksimumstal: 
50
Emneansvarleg: 
Vidar Kjetil Myklebust
Emnet inngår i følgande studieprogram
Bachelorgradsstudium i sosialt arbeid - barnevernspedagog
VurderingsformGrupperingVarighetVarighetstypeKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
Skriftleg eksamenIndividuell6timarA-F, der A er best og E er siste ståkarakter Digital eksamen.
Vurderinger:
Vurderingsform:Skriftleg eksamen
Gruppering:Individuell
Varighet:6
Varighetstype:timar
Karakterskala:A-F, der A er best og E er siste ståkarakter
Andel:
Kommentar: Digital eksamen.
Hjelpemidler:
Omfang:
Emne som gir studiepoengsreduksjonVektingsreduksjon
SAF121/SASOS121
Vektingsreduksjoner:
Emne som gir studiepoengsreduksjon:SAF121/SASOS121
Vektingsreduksjon:
Godkjent av: 
Odd Ragnar Hunnes 25.06.19