MUS204 Utøving og formidling 2

Emnekode: 
MUS204
Varighet: 
1 semester
Studiepoeng: 
15
Studienivå: 
Bachelor (fordjupingsnivå)
Undervisningssemester: 
2022 Vår
Emnenavn på engelsk: 
Performance and presentation 2
Emnenavn på bokmål: 
Utøving og formidling 2
Eksamenssemester: 
2022 Vår
Undervisningsspråk: 
Norsk
Krav til forkunnskapar

Musikk årsstudium eller tilsvarande

Om emnet

Utøving og formidling er eit 15-studiepoengsemne som kan takast som del av bachelorprogrammet i musikk, eller som fritt emne i musikk, opne fordjupningsemne.

Emnet har som mål å utvikle studenten musikalsk og teknisk på hovudinstrumentet. I tillegg skal studenten utvikle dugleik i meistring av ulike konsert- og framføringssituasjonar. Emnet skal også gje innsikt i praktiske sider ved konsertproduksjon.

Læringsutbytte

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:

 

Kunnskapar

Studenten har kunnskap om:

  • musikkinterpretasjon og -formidling
  • musikken sin funksjon i samfunnet
  • samanheng mellom musikk, media og miljø
  • innstudering og utøving i kor og/eller orkester
  • tekniske og musikkfaglege utfordringar for hovudinstrumentet
  • repertoar for hovudinstrumentet
Ferdigheiter

 Studenten kan:

  • innstudere og framføre eit solo- og samspelrepertoar på hovudinstrumentet
  • skrive ei fagleg fundert og analytisk konsertmelding
  • arrangere ein konsert med ansvar for programmessige og tekniske oppgåver
Generell kompetanse

Studenten har vid kompetanse i utøving og formidling av musikk, både som utøvar og på arrangørsida.

Praktisk organisering og arbeidsmåtar

Hovudinstrument:

  • Gjennom individuell rettleiing skal studenten få eit grunnlag til å utvikle seg sjølv på instrument eller som songar.
  • Organisering av undervisningsform vert elles gjort ut frå kva lærar og student finn føremålstenleg og ut frå dei ressursane som er til rådvelde.

Musikkformidling:

  • Førelesingar i sentrale emne, gruppearbeid og prosjekt, praktiske og skriftlege oppgåver.
  • Det vert lagt vekt på studier av kunstnarisk verksemd og kulturoppleving, anten i form av studietur eller konsertbesøk i regionen.
Vilkår for å framstille seg til eksamen

Arbeidskrav:

  • Organisering av ein dag- eller kveldskonsert åleine eller i gruppe, der ein òg deltek som utøvar
  • Bruk av logg til øving og utøving, og innlevering av eit refleksjonsnotat rundt dette mot slutten av semesteret
  • Ei videoinnlevering på 10 til 15 minutt der du viser til utfordringar i utøving av eksamensrepertoar, samt eit refleksjonsnotat på 600 til 800 ord.
  • Organisering av huskonsertar i løpet av semesteret
  • Aktiv musisering på huskonsertar der ein viser eige nivå og tek ein tydeleg rolle i formidlinga av musikken

Det er obligatorisk frammøte til all undervisning. Sjå Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda, §4-6, om frammøte/deltaking i undervisninga.

Det er obligatorisk deltaking for andreårsstudentar i bachelorgraden på øvingar og konsertar med høgskulen sitt kor og/eller orkester. Vidareutdanningsstudentar kan søkje fritak frå deltaking i høgskulen sitt kor og/eller orkester.

Sensorordning
Minimumstal: 
10
Maksimumstal: 
25
Emneansvarleg: 
Svein Ole Hunnes
Emnet inngår i følgande studieprogram
Bachelorgradsstudium i musikk
Vidareutdanning i musikk, fordjupingsemne
VurderingsformGrupperingVarighetVarighetstypeKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
Praktisk eksamenIndividuell30minuttA-F, der A er best og E er siste ståkarakter 100
Vurderinger:
Vurderingsform:Praktisk eksamen
Gruppering:Individuell
Varighet:30
Varighetstype:minutt
Karakterskala:A-F, der A er best og E er siste ståkarakter
Andel: 100
Kommentar:
Hjelpemidler:
Omfang:
Godkjent av: 
Unni Hagen