MUS102 Musikk for barn og unge 1

Varighet: 
1 semester
Emnekode: 
MUS102
Studiepoeng: 
15
Studienivå: 
Bachelor (grunnivå)
Rapporteringsprogram: 
Bachelorgradsstudium i musikk
Undervisningssemester: 
2021 Haust
Eksamenssemester: 
2021 Haust
Undervisningsspråk: 
Norsk
Krav til forkunnskapar

Ingen

Om emnet

MUS102 er eit 15-studiepoengsemne som inngår i årsstudiet i musikk og som del av bachelorprogrammet i musikk. Emnet kan inngå som fritt emne i andre bachelorprogram. Emnet gir fagleg kompetanse for arbeid med musikk med barn i aldersgruppa 6 - 12 år. Det vert fokusert på følgjande hovudområde: musikkutøving, komponering, lytting og didaktisk refleksjon. Eit kurs i folkemusikk ved Ole Bull-akademiet, Voss, inngår i studiet. Emnet rettar seg inn mot verksemd innanfor eit variert spekter av arbeidsplassar i samfunnet, t.d. grunnskulen, kulturskulen og andre samfunnsinstitusjonar, det frie kulturlivet og privat næring.

Læringsutbytte

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:

 

Kunnskapar

Studenten har kunnskap om:

  • musikalsk utvikling og uttrykk hjå barn
  • den musikalske kulturarven
  • musikk som samfunnsfenomen
  • musikk som reiskap for emosjonell, intellektuell, sosial og kunstnarleg utvikling
  • sentrale musikkpedagogiske metodar, verkty og prosessar på ulike nivå
Ferdigheiter

Studenten kan:

  • nytte aktivitetsformene musikkutøving, komponering og lytting i arbeidet med barn
  • nytte ulike metodar og verkty som har relevans i arbeid med barn og unge, og tilpasse lærestoff og arbeidsmåtar til borna sine føresetnader
  • planlegge og leie musikkfagleg aktivitet åleine og i samarbeid med andre, og treffe og grunngje faglege val
  • reflektere over eigen dugleik innan utøving og praksis
  • arrangere og legge til rette musikalsk materiale med tanke på song/samspel i ulike ensemble
Generell kompetanse

Studenten kan bruke kunnskapar og ferdigheiter på ein sjølvstendig måte i ulike situasjonar gjennom å vise samarbeidsevne, ansvarskjensle, evne til refleksjon og kritisk tenking i utdannings- og yrkessamanheng.

Praktisk organisering og arbeidsmåtar

Det er obligatorisk frammøte til all undervisning, og ein forventar aktiv deltaking av studenten. Sjå Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda, §4-6, om obligatorisk frammøte/deltaking.

Undervisninga vert organisert som veksling mellom førelesningar (både i sal og på nett), gruppearbeid og individuelt arbeid, praktisk/metodisk utprøving og skapande verksemd.

Vilkår for å framstille seg til eksamen
  • Ei veke med undervisning i folkemusikk og -dans er lagt til Ole Bull Akademiet på Voss. Studentane må dekkje 350.- i kostpengar i tillegg til eigne reiseutgifter ved deltaking på studieturen. Dersom studenten ikkje har høve til å ta del må ein gjennomføre eit alternativt opplegg i samråd med faglærar. 
  • Praktisk/munnleg gruppeoppgåve i musikkutøving, som gjeld instruksjon og leiing.
  • Obligatorisk deltaking i øvingar og konsertar med skulen sitt kor og/eller orkester.
Sensorordning
Minimumstal: 
10
Maksimumstal: 
35
Emneansvarleg: 
Svein Ole Hunnes
Emnet inngår i følgande studieprogram
Bachelorgradsstudium i musikk
Musikk årsstudium
Vidareutdanning i musikk
VurderingsformGrupperingVarighetVarighetstypeKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
Praktisk eksamenGruppe3DagarStått eller ikkje ståttEin praktisk/munnleg gruppeeksamen i hovudområda musikkutøving, komponering, lytting og didaktisk refleksjon. Individuell vurdering.
Vurderinger:
Vurderingsform:Praktisk eksamen
Gruppering:Gruppe
Varighet:3
Varighetstype:Dagar
Karakterskala:Stått eller ikkje stått
Andel:
Kommentar:Ein praktisk/munnleg gruppeeksamen i hovudområda musikkutøving, komponering, lytting og didaktisk refleksjon. Individuell vurdering.
Hjelpemidler:
Omfang:
Godkjent av: 
Unni Hagen