MUS101 Inn i musikken 1

Varighet: 
1 semester
Emnekode: 
MUS101
Studiepoeng: 
15
Studienivå: 
Bachelor (grunnivå)
Rapporteringsprogram: 
Bachelorgradsstudium i musikk
Undervisningssemester: 
2021 Haust
Eksamenssemester: 
2021 Haust
Undervisningsspråk: 
Norsk
Krav til forkunnskapar

Det er tilrådd at studenten har noko instrumental eller vokal praksis.

Om emnet

MUS101 er eit 15-studiepoengsemne som inngår i årsstudiet i musikk og som del av bachelorprogrammet i musikk. Emnet kan inngå som fritt emne i andre bachelorprogram. Emnet gir ei praktisk-teoretisk innføring i musikkfaget med fokus på grunnleggande kunnskapar og ferdigheiter innan musikkfaglege disiplinar, utøving og formidling. Det vert fokusert på følgjande hovudområde: musikkteori, høyrelære, arrangering, musikkorientering og hovudinstrument/bruksklaver. Emnet rettar seg inn mot utøvande og pedagogisk verksemd innanfor eit variert spekter av arbeidsplassar i samfunnet, t.d. grunnskulen, kulturskulen og andre samfunnsinstitusjonar, det frie kulturlivet og privat næring.

Læringsutbytte

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:

Kunnskapar

Studenten har grunnleggande kunnskapar om:

  • musikkteori og korleis musikken er bygd opp
  • rytme, akkordar og melodigjengiving
  • musikk og musikkfaget si historie og tradisjonar, med vekt på den vestlege kunstmusikken fram til 1900-talet og norsk folkemusikk
  • musikkutøving og framføringspraksis gjennom ulike former for samspel
  • det å medverke i kor og/eller orkester
  • Studenten får utfalde seg og utvikle seg  på hovudinstrument og bruksklaver
Ferdigheiter

Studenten kan:

  • nytte hovudinstrument i utøvingssituasjonar åleine og i samspel med andre
  • nytte kunnskapane i høyrelære og musikkteori i arbeidet med musikkutøving og arrangering
  • finne sin plass i orkesteret eller koret og bidra til kvalitet på ensemblet
Generell kompetanse

Studenten kan bruke kunnskapar og ferdigheiter på ein sjølvstendig måte i ulike situasjonar gjennom å vise samarbeidsevne, ansvarskjensle, evne til refleksjon og kritisk tenking i utdannings- og yrkessamanheng.

Praktisk organisering og arbeidsmåtar

Det er obligatorisk frammøte til all undervisning, og ein forventar aktiv deltaking av studenten. Sjå Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda, §4-6, om obligatorisk frammøte/deltaking.

Organisering av undervisninga vil veksle mellom plenum, større og mindre grupper. Arbeidsmåtar vil veksle mellom førelesing, nettleksjonar, verkstadarbeid, arbeid i grupper og individuelt arbeid.

Vilkår for å framstille seg til eksamen
  • Arbeidsmappe:
    - To individuelle arbeid i arrangering
  • Obligatorisk deltaking på øvingar og konsertar med høgskulens kor og/eller orkester
  • Få godkjent to testar i høyrelære/teori i løpet av semesteret
Sensorordning
Minimumstal: 
10
Maksimumstal: 
35
Emneansvarleg: 
Svein Ole Hunnes
Emnet inngår i følgande studieprogram
Bachelorgradsstudium i musikk
Musikk årsstudium
Vidareutdanning i musikk
VurderingsformGrupperingVarighetVarighetstypeKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
Skriftleg eksamenIndividuell 5timarA-F, der A er best og E er siste ståkarakter100Kan omfatte både musikkorientering, musikkteori og høyrelære.
Vurderinger:
Vurderingsform:Skriftleg eksamen
Gruppering:Individuell
Varighet: 5
Varighetstype:timar
Karakterskala:A-F, der A er best og E er siste ståkarakter
Andel:100
Kommentar:Kan omfatte både musikkorientering, musikkteori og høyrelære.
Hjelpemidler:
Omfang:
Godkjent av: 
Unni Hagen