KOH202 Bacheloroppgåve i design, kunst og handverk

Varighet: 
1 semester
Emnekode: 
KOH202
Studiepoeng: 
15
Studienivå: 
Bachelor (fordjupingsnivå)
Rapporteringsprogram: 
Bachelorgradsstudium i design, kunst og handverk
Undervisningssemester: 
2021 Vår
Eksamenssemester: 
2021 Vår
Undervisningsspråk: 
Norsk
Krav til forkunnskapar

KOH131, KOH133, KOH138, KOH134 + KOH204 eller KOH203

Om emnet

Emnet er obligatorisk i studieprogrammet Bachelor i design, kunst og handverk. Emnet handlar om korleis kunnskap vert innhenta og utvikla innanfor faget, i eit utviklings- og fornyingsperspektiv. Studentane skal få trening i å gjennomføre eit sjølvstendig praktisk fagleg arbeid med forskingstilsnitt. Utviklingsarbeidet kan ha ei fagdidaktisk forankring.

Læringsutbytte

I samsvar med det najonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:

Kunnskapar

Studenten:

  • har kjennskap til filosofi, vitskapsteori og metode, og med fokus på kunstfagleg- og pedagogisk FOU
  • har kunnskap om eige problemfelt
  • har kunnskap om problemstilling, kjeldemateriale og empiri, presentasjon og vurdering av resultat
  • har kunnskap om kunst- og formkultur relatert til eige prosjekt.
Ferdigheiter

Studenten:

  • kan planleggje og gjennomføre eit sjølvstendig utviklingsarbeid og avgrense eige problemområde
  • kan utforme problemstillingar og bruke kjeldemateriale og empiri
  • kan skape, presentere og vurdere resultat.
Generell kompetanse

Studenten:

  • kan vise eit faglig engasjement i aktuelle spørsmål om kunst, design og handverksfaglege tema i ulike samanhengar
Praktisk organisering og arbeidsmåtar

Emnet er i hovudsak individuelt skapande arbeid og arbeid i verkstadfellesskap, i tillegg til førelesingar og seminar. Det vert gitt både undervegs- og sluttvurdering gjennom semesteret. Rettleiing er ein viktig del av vurderingsarbeidet, samt dialogseminar der alle involverte tek del i vurderingsarbeidet. Det er forventa at studentane tek del på eindags studietur i regionen. Studentane må sjølve dekkje reiseutgifter ved deltaking på studieturen.  

Vilkår for å framstille seg til eksamen

Det er obligatorisk oppmøte til alle organiserte læringsaktivitetar, jamfør Forskrift om opptak, studium og eksamen, §4-6 ( https://lovdata.no/dokument/SF/forskrift/2014-12-04-1697). Studentar som er borte frå undervisninga, har sjølve ansvar for å setje seg inn i gjennomgått fagstoff i deira fråver.

Arbeidskrav:

  • Det er obligatorisk framlegging i eit av plenumsmøta, og obligatorisk rettleiing
  • Prosjektskissa må vere godkjend før ein får gå opp til eksamen
  • Det er forventa at studentane tek del på eindags studietur i regionen. Dersom studenten ikkje har høve til å ta del må ein gjennomføre eit alternativt opplegg i samråd med lærar.
Sensorordning
Minimumstal: 
14
Maksimumstal: 
20
Emneansvarleg: 
Karen Brænne
Materialavgift

Studentane betaler ei avgift på kr 300,-. 

Emnet inngår i følgande studieprogram
Bachelorgradsstudium i design, kunst og handverk
VurderingsformGrupperingVarighetVarighetstypeKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
MappeeksamenIndividuell eller gruppe (etter avtale)SemesterA-F, der A er best og E er siste ståkarakterEksamen består av: Ei praktisk fordjupingsoppgåve og ein skriftleg rapport (omlag 5000 ord). Desse gir ein foreløpig samla karakter. Ein munnleg presentasjon justerer karakteren.
Munnleg justerande eksamenIndividuell 30minuttA-F, der A er best og E er siste ståkarakter 100
Vurderinger:
Vurderingsform:Mappeeksamen
Gruppering:Individuell eller gruppe (etter avtale)
Varighet:
Varighetstype:Semester
Karakterskala:A-F, der A er best og E er siste ståkarakter
Andel:
Kommentar:Eksamen består av: Ei praktisk fordjupingsoppgåve og ein skriftleg rapport (omlag 5000 ord). Desse gir ein foreløpig samla karakter. Ein munnleg presentasjon justerer karakteren.
Hjelpemidler:
Omfang:
Vurderingsform:Munnleg justerande eksamen
Gruppering:Individuell
Varighet: 30
Varighetstype:minutt
Karakterskala:A-F, der A er best og E er siste ståkarakter
Andel: 100
Kommentar:
Hjelpemidler:
Omfang:
Godkjent av: 
Unni Hagen