KOH203 Visuell kommunikasjon II

Varighet: 
1 semester
Emnekode: 
KOH203
Studiepoeng: 
15
Studienivå: 
Bachelor (fordjupingsnivå)
Undervisningssemester: 
2020 Haust
Rapporteringsprogram: 
Bachelorgradsstudium i design, kunst og handverk
Eksamenssemester: 
2020 Haust
Krav til forkunnskapar

KOH131 og KOH133, eller MID131 og MID112. Eller tilsvarande etter særskild søknad.

Om emnet

Visuell kommunikasjon II er eit obligatorisk emne i studieprogrammet Bachelor i design, kunst og handverk, og er på 200-nivå. Studenten må ha eitt emne på 200-nivå, KOH203 eller KOH204, som del av sin bachelorgrad.

Emnet byggjer vidare på det faglege nivået som emnet KOH 131 Visuell kommunikasjon gir, og utviklar djupare innsikt i, og forståing for, visuell kommunikasjon. Det vert lagt vekt på kunnskap om formalestetikk, der form, farge, komposisjon, teikn, typografi og teori knytt til visuell kommunikasjon, er ein viktig del av undervisninga. Gjennom skapande arbeid, på to- og tredimensjonale kommunikasjonsflater, lærer studenten å bruke det visuelle språket i ulike kommunikasjonsprosessar. Oppgåvene skal gje studentane kunnskap om, og ferdigheiter i, ulike teknikkar og metodar, for å kunne jobbe strategisk med kommunikasjon i ein stadig større mediekvardag. Bruk av digitale verkty står sentralt.

Læringsutbytte

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:

 

Kunnskapar

Studenten:

  • har kunnskap om visuelle verkemiddel som form, farge, komposisjon, teikn og typografi
  • har kunnskap om teikning som visuelt språk
  • har kunnskap om ideutvikling og skissearbeid som del av ein kreativ prosess
  • har kunnskap om bruk av visuelle verkemiddel i utviklinga av ein visuell identitet
  • har kunnskap om prosessrapport og det å presentere eige arbeid for andre
  • har kunnskap om visuell språkteori.
Ferdigheiter

Studenten:

  • kan bruke form, farge, komposisjon, teikn og typografi i eigne skapande prosessar, og reflektere kritisk rundt dette
  • kan bruke teikning for å visualisere og kommunisere ulike idear 
  • kan bruke og reflektere rundt teori knytt til visuell identitet i eigne skapande prosessar
  • kan arbeide i ein prosess frå ide til ferdig produkt og presentere denne på ein tydeleg og informativ måte
  • kan sjå samanhengen mellom visuell språkteori og det praktisk skapande arbeidet.
Generell kompetanse

Studenten:

  • har evne til å bli aktiv aktør og kritisk deltakar i det offentlege, visuelle rommet
  • har evne til å vurdere eigne og andre sine visuelle uttrykk ut frå ein fagleg ståstad
  • kan vurdere og reflektere rundt etiske problemstillingar i møte med den visuelle kulturen.
Praktisk organisering og arbeidsmåtar

Arbeids- og undervisningsformene i studiet er ein kombinasjon av førelesing, bruk av digitale læringsressursar og praktisk og teoretisk oppgåveløysing. Det vert også lagt opp til ein rekke framleggingssituasjonar, i plenum eller i mindre grupper. Undervisninga vert organisert både individuelt og i grupper, og arbeidet kan vere både lærar- og studentstyrt. Det vert forventa at studentane i stor grad tek ansvar for eiga læring gjennom studentaktive arbeids- og undervisningsformer. Studenten får prosessevalueringar i arbeidsøktene og i framleggingssituasjonar.

Anna som vedkjem gjennomføringa av emnet: Det er forventa at studenten har elementær datakunnskap.

 

 

Vilkår for å framstille seg til eksamen

Det er obligatorisk frammøte og deltaking i alle organiserte læringsaktivitetar og undervisning, jamfør Forskrift om opptak, studium og eksamen, om obligatorisk frammøte og deltaking §4-6 ( https://lovdata.no/dokument/SF/forskrift/2014-12-04-1697). Med deltaking meiner ein at studentane skal arbeide på ein slik måte at medstudentar og lærar kan få innsyn i læringsprosessane. Studentar som er borte frå undervisninga har sjølve ansvar for å orientere seg om det som gjekk føre seg i deira fråvær.

Arbeidskrav: Ei praktisk oppgåve med prosessrapport, levert i Canvas til fastsett frist. 

Sensorordning
Minimumstal: 
14
Maksimumstal: 
30
Emneansvarleg: 
Janne Heggvoll
Materialavgift

Studentane betaler ei materialavgift på kr. 200,- til innkjøp av fellesmateriale. I tillegg må kvar student pårekne kjøp av litt basisutstyr.

Emnet inngår i følgande studieprogram
Bachelorgradsstudium i design, kunst og handverk
VurderingsformGrupperingVarighetVarighetstypeKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
MappeeksamenIndividuellSemesterA-F, der A er best og E er siste ståkarakter100%To praktiske oppgåver med prosessrapport.


Studenten skal ha ein individuell karakter på vitnemålet.
Vurderinger:
Vurderingsform:Mappeeksamen
Gruppering:Individuell
Varighet:
Varighetstype:Semester
Karakterskala:A-F, der A er best og E er siste ståkarakter
Andel:100%
Kommentar:To praktiske oppgåver med prosessrapport.


Studenten skal ha ein individuell karakter på vitnemålet.
Hjelpemidler:
Omfang:
Emne som gir studiepoengsreduksjonVektingsreduksjon
0
Vektingsreduksjoner:
Emne som gir studiepoengsreduksjon:0
Vektingsreduksjon:
Godkjent av: 
Unni Hagen