KOH204 Objekt i rom

Varighet: 
1 semester
Emnekode: 
KOH204
Studiepoeng: 
15
Studienivå: 
Bachelor (fordjupingsnivå)
Rapporteringsprogram: 
Bachelorgradsstudium i design, kunst og handverk
Undervisningssemester: 
2021 Vår
Eksamenssemester: 
2021 Vår
Undervisningsspråk: 
Norsk
Krav til forkunnskapar

Kunst og handverk årsstudium, eller tilsvarande etter særskild søknad.

Om emnet

Emnet er eit obligatorisk emne i studieprogrammet Bachelor i design, kunst og handverk, og er på fordjupingsnivå. 

Emnet byggjer på det faglege nivået som årsstudiet i design, kunst og handverk gir, og skal vidareutvikle studenten sin kompetanse knytt til skapande arbeid av tre-dimensjonale uttrykk, utstillingsdesign og komposisjon i rom. Emnet gir kunnskap om, og forståing for, samtidskunsten, med særleg vekt på objekt- og installasjonskunst. Utforskande arbeidsmåtar, og refleksjon knytt til fagteori, vert vektlagt. 

Læringsutbytte

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne: 

 

Kunnskapar

Studenten:

  • har kunnskap om utforskande og skapande prosessar, i teori og praksis
  • har kunnskap om ulike materiale sine eigenskapar, samt moglegheiter for teknisk bearbeiding
  • har kunnskap om formalestetisk teori
  • har kunnskap om relevante område innanfor samtidskunsten, med særleg fokus på objektkunst, installasjon og stadsspesifikk kunst
  • har kjennskap til kvalitetsomgrepet knytt til ulike materiale 
  • har kjennskap til ulike prinsipp og verkemiddel knytt til utstillingsdesign. 
Ferdigheiter

Studenten:

  • kan arbeide i utforskande, skapande prosessar, samt reflektere over desse
  • kan arbeide med enkle konstruksjons- og overflateteknikkar i ulike materiale
  • kan ta i bruk relevante estetiske verkemiddel i skapande arbeid med romlege uttrykksformer
  • kan bruke kunst- og formkulturen som referanse i eige arbeid
  • kan gjennom eige arbeid vise kjennskap til og forståing for kvalitetsomgrepet knytt til ulike materiale 
  • kan vere med å formgje ei utstilling med bevisste val av utstillingsprinsipp.
Generell kompetanse

Studenten:

  • har evne til å reflektere kring etiske aspekt knytt materialval i skapande prosessar
  • kan utnytte faget sitt potensiale i å fremme gjenbruk og berekraftig utvikling
  • kan reflektere over relevante HMS-tiltak knytt til fagområdet.
Praktisk organisering og arbeidsmåtar

Læringsformene i emnet er førelesingar, digitale læringsressursar, praktisk og teoretisk oppgåveløysing og sjølvstudium, både individuelt og i grupper. Refleksjon og diskusjon kring arbeidet står sentralt i emnet. Fyrste halvdel av studiet er organisert i innføringsblokker i utvalde tema og materialområde. I siste del arbeider studentane i mindre grupper med eit praktisk eksamensprosjekt. Kvar gruppe får individuell rettleiing på oppgåva. Det er obligatorisk med minst to gjennomførte rettleiingar pr. gruppe.

Det vert gjennomført studietur til relevante kunstinstitusjonar i inn- eller utland. Turen vil gå over 4-5 dagar. Studentane må sjølve dekkje reiseutgifter ved deltaking på studieturen. Dersom studenten ikkje har høve til å ta del må ein så tidleg som mogleg i semesteret, søkje om å kunne få gjennomføre eit alternativt opplegg i samråd med faglærar. 

Vilkår for å framstille seg til eksamen

Det er obligatorisk frammøte og deltaking i alle organiserte læringsaktivitetar og undervisning, jamfør Forskrift om opptak, studium og eksamen, om obligatorisk frammøte og deltaking §4-6 ( https://lovdata.no/dokument/SF/forskrift/2014-12-04-1697). Med deltaking meiner ein at studentane skal arbeide med oppgåveløysning slik at lærar og medstudentar kan få innsyn i læringsprosessane. Studentar som er borte frå undervisninga, har sjølve ansvar for å setje seg inn i gjennomgått fagstoff i deira fråver.

Desse arbeidskrava må vere gjennomførte og godkjende, før studenten får gå opp til eksamen i emnet:

  • Utstilling/framlegging av to praktiske arbeidskrav i plenum
  • Innlevering av eitt skriftleg arbeid innan fastlagd frist (omlag 1000 ord)
  • Dokumentert deltaking av studietur gjennom levering av observasjonsskjema innan fastlagd frist.

 

 

Sensorordning
Minimumstal: 
14
Maksimumstal: 
20
Emneansvarleg: 
Åshild Sævik
Materialavgift

Studentane betalar ei materialavgift på kr 600,- til innkjøp av fellesmateriale. Studenten må pårekne kjøp av litt materiale tilpassa eiga eksamensoppgåve. 

Emnet inngår i følgande studieprogram
Bachelorgradsstudium i design, kunst og handverk
VurderingsformGrupperingVarighetVarighetstypeKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
Praktisk eksamenGruppe4VekerA-F, der A er best og E er siste ståkarakter 30%
Skriftleg eksamenIndividuell4timarA-F, der A er best og E er siste ståkarakter 30%Studenten kan nytte støtteark, som studenten sjølv tidlegare har utarbeida og levert inn til godkjenning av emneanssvarleg.
RapportIndividuell4VekerA-F, der A er best og E er siste ståkarakter40%
Vurderinger:
Vurderingsform:Praktisk eksamen
Gruppering:Gruppe
Varighet:4
Varighetstype:Veker
Karakterskala:A-F, der A er best og E er siste ståkarakter
Andel: 30%
Kommentar:
Hjelpemidler:
Omfang:
Vurderingsform:Skriftleg eksamen
Gruppering:Individuell
Varighet:4
Varighetstype:timar
Karakterskala:A-F, der A er best og E er siste ståkarakter
Andel: 30%
Kommentar:
Hjelpemidler:Studenten kan nytte støtteark, som studenten sjølv tidlegare har utarbeida og levert inn til godkjenning av emneanssvarleg.
Omfang:
Vurderingsform:Rapport
Gruppering:Individuell
Varighet:4
Varighetstype:Veker
Karakterskala:A-F, der A er best og E er siste ståkarakter
Andel:40%
Kommentar:
Hjelpemidler:
Omfang:
Godkjent av: 
Unni Hagen