KOH132 Arkitektur i skulen

Varighet: 
1 semester
Emnekode: 
KOH132
Studiepoeng: 
15
Studienivå: 
Bachelor (grunnivå)
Rapporteringsprogram: 
Bachelorgradsstudium i design, kunst og handverk
Undervisningssemester: 
2021 Vår
Eksamenssemester: 
2021 Vår
Undervisningsspråk: 
Norsk
Krav til forkunnskapar

Ingen

Om emnet

Arkitektur i skulen er eit obligatorisk emne i studieprogrammet Bachelor i design, kunst og handverk, og er også ope for vidareutdanningsstudentar. Sentralt i emnet står skapande arbeid innanfor ulike materialområde i to- og tredimensjonale uttrykk. Studenten utviklar grunnleggjande innsikt i, og forståing for, det fysiske nærmiljøet, lokal arkitektur og byggeskikk, og tek dette i bruk i eige skapande arbeid. I emnet vil studenten reflektere over korleis arkitektur kan opplevast og diskuterast, i fortid og notid. Gjennom kreative prosessar, problemløysing og produktutvikling vert det utvikla materialforståing og design- og bearbeidingskompetanse innan ulike materiale. Emnet vil i tillegg fokusere på didaktisk og metodisk kompetanse retta mot undervisning i skulen.

Læringsutbytte

 I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:

Kunnskapar

Studenten:

  • har kunnskap om kreativitet og estetiske læreprosessar
  • har kunnskap om arkitekturanalyse og kjennskap til arkitektur og byggeskikk i notid og fortid
  • har kunnskap om korleis arkitektteikningar og digitale presentasjonar av byggeprosjekt vert produserte og presenterte
  • har kunnskap om ulike materiale, teknikkar og verkty til konkrete oppgåveløysingar
  • har kunnskap om emnet sin plass i fagdidaktiske- og tverrfaglege samanhengar.
Ferdigheiter

Studenten:

  • kan bruke formalestetiske verkemiddel og reflektere rundt desse i eige og andre sitt arbeid
  • kan utføre  arkitekturanalyse på eige og andre sitt arbeid
  • kan bruke arkitektur og aktuell byggeskikk som utgangspunkt for nyskaping i eige arbeid
  • kan bruke ulike materiale, verkty og teknikkar i varierte arbeidsoppgåver
  • kan dokumentere og formidle eigne skapande prosessar
  • kan sette emnet inn i fagdidaktisk- og tverrfagleg samanheng.
Generell kompetanse

 Studenten:

  • kan utnytte faget sitt potensiale til å fremje god byggeskikk og berekraftig utvikling
  • reflektere over relevante HMS-tiltak knytt til fagområdet, materiale og verkstader
  • kan bruke verdiar i faget til å stimulere eiga personlegdomsutvikling og danning.
Praktisk organisering og arbeidsmåtar

Emnet er hovudsakleg konsentrert om praktisk arbeid i verkstaden med utgangspunkt i tema, verkty og teknikkar. Studentane arbeider enkeltvis eller i grupper med faglege problemstillingar gitt av faglærar.  Arbeids- og undervisningsformene i studiet er ein kombinasjon av førelesing, bruk av digitale læringsressursar og praktisk og teoretisk oppgåveløysing.

Undervisninga vert organisert individuelt og i grupper, og arbeidet kan vere både lærar- og studentstyrt.       

Studenten får uformelle prosessevalueringar i arbeidsøktene.

Vilkår for å framstille seg til eksamen

Det er obligatorisk frammøte og deltaking i alle organiserte læringsaktivitetar og undervisning, jamfør Forskrift om opptak, studium og eksamen, §4-6 ( https://lovdata.no/dokument/SF/forskrift/2014-12-04-1697).

Med deltaking meiner ein at studentane skal arbeide med oppgåveløysning slik at lærar og medstudentar kan få innsyn i læringsprosessane. Studentar som er borte frå undervisninga, har sjølve ansvar for å setje seg inn i gjennomgått fagstoff i deira fråver.

 

Arbeidskrav: Eitt praktisk arbeid med dokumentasjon, lagt fram til fastsett frist.

Sensorordning
Minimumstal: 
12
Maksimumstal: 
20
Emneansvarleg: 
Knut Einar Lillebø-Voll
Materialavgift

Studenten betaler ei materialavgift på kr. 800,- til innkjøp av fellesmateriale. I tillegg må kvar student pårekne kjøp av litt reiskap/utstyr. Liste over slikt utstyr vert delt ut ved studiestart.

Emnet inngår i følgande studieprogram
Bachelorgradsstudium i design, kunst og handverk
Design, kunst og handverk vidareutdanning
VurderingsformGrupperingVarighetVarighetstypeKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
OppgaveIndividuellVekerA-F, der A er best og E er siste ståkarakterPraktisk oppgave med prosessrapport
Vurderinger:
Vurderingsform:Oppgave
Gruppering:Individuell
Varighet:
Varighetstype:Veker
Karakterskala:A-F, der A er best og E er siste ståkarakter
Andel:
Kommentar:Praktisk oppgave med prosessrapport
Hjelpemidler:
Omfang:
Godkjent av: 
Unni Hagen