KOH134 Funksjonell design

Varighet: 
1 semester
Emnekode: 
KOH134
Studiepoeng: 
15
Studienivå: 
Bachelor (grunnivå)
Rapporteringsprogram: 
Bachelorgradsstudium i design, kunst og handverk
Undervisningssemester: 
2021 Vår
Eksamenssemester: 
2021 Vår
Undervisningsspråk: 
Norsk
Krav til forkunnskapar

Ingen

Om emnet

Funksjonell design er eit obligatorisk emne i studieprogrammet Bachelor i design, kunst og handverk. Sentralt i emnet står skapande arbeid med form og funksjon i materialområda tre, tekstil og leire. 

Læringsutbytte

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:

Kunnskapar

Studenten:

  • har kunnskap om ideutvikling og kreative prosessar
  • har kunnskap om ulike materiale, handverksteknikkar, verkty og maskiner knytt til materialområda
  • har kunnskap om form- og funksjonsanalyse
  • har kunnskap om kunst- og kulturstoff knytt til gjenstandskulturen i materialområda.
Ferdigheiter

Studenten:

  • kan planleggje, formgi og gjennomføre idèar
  • kan arbeide med ulike materiale og handverksteknikkar
  • kan bruke og vedlikehalde verktøy og maskiner, alt ut frå eit funksjons- og miljøperspektiv
  • kan gjere greie for ulike produkt sine kulturelle referansar, mellom anna den samiske.
Generell kompetanse

Studenten: 

  • kan utnytte faget sitt potensiale til å fremje gjenbruk og berekraftig utvikling
  • kan reflektere over relevante HMS-tiltak knytt til fagområdet
  • kan bruke verdiar i faget til å stimulere til eige personlegdomsutvikling og danning.
Praktisk organisering og arbeidsmåtar

Arbeids- og undervisningsformene i studiet er ein kombinasjon av fagteori, bruk av digitale læringsressursar, praktisk verkstadsarbeid og teoretisk oppgåveløysing. Undervisninga vert organisert både individuelt og i grupper, og arbeidet kan vere både lærar- og studentstyrt. Studenten får prosessevalueringar i arbeidsøktene og i framleggingssituasjonar.   

Emnet er organisert i materialområda tre, tekstil og leire.  

 

 

Vilkår for å framstille seg til eksamen

Det er obligatorisk frammøte og deltaking i alle organiserte læringsaktivitetar og undervisning, jamfør Forskrift om opptak, studium og eksamen, §4-6 ( https://lovdata.no/dokument/SF/forskrift/2014-12-04-1697).

Med deltaking meiner ein at studentane skal arbeide med oppgåveløysingar slik at lærar og medstudentar få innsyn i arbeidsprosessane. Studentar som er borte frå undervisinga, har sjølve ansvar for å setje seg inn i gjennomgått fagstoff i deira fråvær.

Arbeidskrav: Oppgåver knytt til dei tre materialområda (tre, tekstil og leire), leverte innan fastlagd frist.

Sensorordning
Minimumstal: 
14
Maksimumstal: 
20
Emneansvarleg: 
Rita Slotterøy
Materialavgift

Studentane betaler ei materialavgift på kr. 900,- til innkjøp av fellesmateriale. I tillegg må kvar student pårekne kjøp av litt reiskap/utstyr.

Emnet inngår i følgande studieprogram
Bachelorgradsstudium i design, kunst og handverk
Design, kunst og handverk årsstudium
VurderingsformGrupperingVarighetVarighetstypeKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
MappeeksamenIndividuellsemesterA-F, der A er best og E er siste ståkarakter 100 Tre praktiske oppgåver med prosessrapportar
Vurderinger:
Vurderingsform:Mappeeksamen
Gruppering:Individuell
Varighet:
Varighetstype:semester
Karakterskala:A-F, der A er best og E er siste ståkarakter
Andel: 100
Kommentar:
Hjelpemidler:
Omfang: Tre praktiske oppgåver med prosessrapportar
Godkjent av: 
Unni Hagen