KOH133 Kunst - Skaping og formidling

Varighet: 
1 semester
Emnekode: 
KOH133
Studiepoeng: 
15
Studienivå: 
Bachelor (grunnivå)
Rapporteringsprogram: 
Bachelorgradsstudium i design, kunst og handverk
Undervisningssemester: 
2020 Haust
Eksamenssemester: 
2020 Haust
Undervisningsspråk: 
Norsk
Krav til forkunnskapar

Ingen

Om emnet

Kunst - skaping og formidling er eit obligatoriske emne i studieprogrammet Bachelor i design, kunst og handverk.

Sentralt i emnet står skapande arbeid, to- og tredimensjonalt, innanfor ulike materialområde. Samstundes vert presentasjon og formidling av eigne visuelle uttrykk vektlagt.

Læringsutbytte

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:

Kunnskapar

Studenten:

  • har kunnskap om ulike materiale, teknikkar og verkty i arbeid med to- og tredimensjonale uttrykk
  • har kunnskap om formalestetikk
  • har kunnskap om idéutvikling og skissearbeid som del av ein kreativ prosess
  • har kunnskap om kunst- og formkultur relatert til prakstisk skapande arbeid.
Ferdigheiter

Studenten:

  • kan bruke ulike materiale, teknikkar og verkty i arbeid med to- og tredimensjonale uttrykk
  • kan bruke formalestetiske verkemiddel i eigne skapande prosessar, og kan reflektere rundt desse, i eige og andre sitt arbeid
  • kan jobbe bevisst med ideutvikling og skissearbeid som del av ein kreativ prosess.
Generell kompetanse

Studenten:

  • har kjennskap til to- og tredimensjonal kunst, historisk og i det moderne samfunn
  • har forståing for samanhengen mellom valde skapingsmedium og uttrykk
  • kan utnytte faget sitt potensiale i å fremme gjenbruk og bærekraftig utvikling.
Praktisk organisering og arbeidsmåtar

Arbeids- og undervisningsformene i studiet er ein kombinasjon av førelesing, bruk av digitale læringsressursar og praktisk og teoretisk oppgåveløysing.

Studentar får prosessevalueringar i arbeidsøktene og i framleggingssituasjonar. Studentar som er borte frå undervisninga har sjølve ansvar for å orientere seg om det som gjekk føre seg i deira fråvær.  

Anna som vedkjem gjennomføringa av emnet: Det er forventa at studenten har elementær datakunnskap.

Vilkår for å framstille seg til eksamen

Det er obligatorisk frammøte og deltaking i alle organiserte læringsaktivitetar og undervisning, jamfør Forskrift om opptak, studium og eksamen, §4-6 (https://lovdata.no/dokument/SF/forskrift/2014-12-04-1697).

Fråværsprosenten vert rekna for kvar av dei tre emnemodulane. Med deltaking meiner ein at studentane skal arbeide med oppgåveløysning slik at lærar og medstudentar kan få innsyn i læringsprosessane. Studentar som er borte frå undervisninga, har sjølve ansvar for å setje seg inn i gjennomgått fagstoff i deira fråver.

Arbeidskrav: To arbeidskrav leverte til fastlagd frist.

Minimumstal: 
14
Maksimumstal: 
20
Emneansvarleg: 
Rita Slotterøy
Materialavgift

Studentane betaler ei materialavgift på kr 600,- til innkjøp av fellesmateriale. I tillegg må kvar student pårekne kjøp av nokre eigne reiskap.

Emnet inngår i følgande studieprogram
Bachelorgradsstudium i design, kunst og handverk
Design, kunst og handverk vidareutdanning
Design, kunst og handverk årsstudium
VurderingsformGrupperingVarighetVarighetstypeKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
MappeeksamenIndividuellSemesterA-F, der A er best og E er siste ståkarakter100To todimensjonale arbeid med inspirasjons- og skisseprosess.
Eit tredimensjonalt arbeid med prosessdokumentasjon.
Vurderinger:
Vurderingsform:Mappeeksamen
Gruppering:Individuell
Varighet:
Varighetstype:Semester
Karakterskala:A-F, der A er best og E er siste ståkarakter
Andel:100
Kommentar:
Hjelpemidler:
Omfang:To todimensjonale arbeid med inspirasjons- og skisseprosess.
Eit tredimensjonalt arbeid med prosessdokumentasjon.
Godkjent av: 
Unni Hagen